Kva er dette?
Flyt Foresatt er ein felles app som erstattar dei tidlegare appane «Min Skole» og «Min Barnehage».
I appen kan du mellom anna:
- sjå når barnehagebarnet kom, sov og vart henta
- senda meldingar til avdelinga i barnehagen eller læraren på skulen
- melda frå om fråvær for heile dagar
- sjå kalender og svara på samtykkeførespurnader (til dømes om deling av bilete)
- sjå informasjon om allergiar, medisinar og kontaktpersonar
- byta mellom fleire barn og eventuelt andre kommunar
Vil du vita meir om korleis appen fungerer for dei eldste barna?
Les meir her om Skole- og barnehageapp for foresatte
Kven er appen for?
Appen er for alle føresette som har barn i barnehage, skule eller på SFO i Ullensvang kommune.
Slik kjem du i gang
- Last ned appen «Flyt Foresatt» frå App Store eller Google Play på mobilen eller nettbrettet ditt.
- Logg inn med ID-porten (til dømes BankID).
- Gjev appen lov til å senda deg varsel, slik at du får beskjed når noko nytt skjer.
- Sjekk at barna dine kjem fram i appen. Viss dei manglar, må du ta kontakt med barnehagen eller skulen.
- Slå på innlogging med ansiktsgjenkjenning (Face ID) eller fingeravtrykk i innstillingane, så går det raskare å logga inn neste gong.
Reglar for å senda meldingar
Bruk appen til praktiske spørsmål, henteavtalar og korte beskjedar om kvardagen. Meldingane går til heile avdelinga, ikkje til éin bestemt tilsett. Vi les meldingane i arbeidstida og svarar så raskt vi kan, men du kan ikkje rekna med å få svar same dagen.
Ring barnehagen eller skulen direkte.
Bruk den vanlege klagekanalen til kommunen.
Ikkje skriv om helse, barnevern eller andre private ting. Ta heller direkte kontakt med styrar eller avdelingsleiar.
Appen er berre for å snakka med barnehagen eller skulen, ikkje med foreldra til andre barn.
Nokre ting må du gjera på nett
Du kan ikkje gjera alt i appen. Du må logga inn i nettportalen Flyt Foresattportal for å:
- søkja om barnehageplass, redusert pris eller gratis kjernetid
- seia opp plassen din
Du finn Flyt Foresattportal inne i innstillingane (tannhjulet) i appen.
Kva kostar det?
Appen er heilt gratis å lasta ned og bruka.
Treng du hjelp?
Viss appen ikkje fungerer som han skal, kan du prøva dette:
- Sjekk «Tjenestestatus» under innstillingane i appen. Den viser om Visma har eit problem med systemet akkurat no.
- Lukk appen heilt, og opna han på nytt.
- Sjekk at telefonen din er kopla til internett.
- Slett appen og installer han på nytt.
Treng du framleis hjelp, kan du lesa meir på heimesida til Visma om Flyt Foresatt.
Personvern og universell utforming
Ullensvang kommune er ansvarleg for korleis personopplysningane dine vert handterte i appen, og vi har ein eigen avtale med leverandøren Visma som tryggjar at dette skjer etter lovverket. Du finn tilgjengelegheitserklæringa for appen under innstillingane (tannhjulet), eller du kan sjå tilgjengelegheitserklæringane til kommunen på nettsida vår her.