Kven kan få tilrettelegging?
Elevar kan få tilrettelegging viss dei treng det for å få vist kva dei kan i faget. Tilrettelegginga blir tilpassa deg så langt det er mogleg.
Du får ikkje fordelar framfor andre, og du blir framleis prøvd i kompetansemåla i faget. Dersom det er lagt særleg vekt på skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter i læreplanen, kan ikkje eksamen leggjast til rette på ein slik måte at desse ikkje blir prøvde.
Slik søkjer du
Du må søkja i god tid før eksamensperioden startar, slik at skulen rekk å førebu tilrettelegginga for deg.
- Finn fram BankID.
- Fyll ut og send inn det digitale søknadsskjemaet.
Søk om tilrettelegging ved eksamen
Kva skjer etter at du har søkt?
Kommunen avgjer kva tilrettelegging du får. Vi behandlar søknaden din så raskt som mogleg, og seinast innan 3 veker.
Du får svaret i den digitale postkassen din, til dømes Digipost eller e-Boks. Viss du ikkje har digital postkasse, får du svaret i Altinn. Dersom du ikkje opnar det digitale brevet innan 48 timar, sender vi svaret automatisk som vanleg post til adressa di.
Regelverk
Sjå merknadar til opplæringsforskrifta § 9-34
Kontakt
Om du treng hjelp til å søkja, kan du ta kontakt med skulen din.