Kven kan få fritak?
Det er rektor som kan frita elevar i grunnskulen frå eksamen. Du kan berre få fritak dersom det finst tungtvegande grunnar til det.
Slik søkjer du
Du må søkja i god tid før eksamensperioden startar.
- Finn fram BankID.
- Fyll ut og send inn det digitale søknadsskjemaet.
Søk om fritak frå eksamen
Kva skjer etter at du har søkt?
Rektor behandlar søknaden din så raskt som mogleg, og seinast innan 3 veker.
Du får svaret i den digitale postkassen din, til dømes Digipost eller e-Boks. Viss du ikkje har digital postkasse, får du svaret i Altinn. Dersom du ikkje opnar det digitale brevet innan 48 timar, sender vi svaret automatisk som vanleg post til adressa di.
Regelverk
Sjå merknadar til opplæringsforskrifta § 9-24
Kontakt
Om du treng hjelp til å søkja, kan du ta kontakt med skulen din.