SkuleskyssElevane kan ha rett på skyss på ulike grunnlag, jf. Opplæringslova §4-1.Grunnlag for skuleskyssAvstandElevar på 1. årstrinn som bur meir enn 2 km frå skulenElevar på 2. til 10. årstrinn som bur meir enn 4 km frå skulenFunksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdomElevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss har også rett til skyss til og frå SFO, men ikkje i skuleferiane.Føresette/foreldre må søke Fylkeskommunen/Skyss, og kan kontakte skulen for hjelp. For tilrettelagt skyss på medisinsk grunnlag må skyssbehovet vere dokumentert med legeerklæring.Andre grunnlagElevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. Søknad om tilrettelagd skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg skal sendast til skulen i samband med søknad om skuleskyss.Skjema: Søknad om skuleskyss grunna særleg farleg skulevegAktuelle lenkerUDIR: Retten til skyss Udir-2-2019Ved avtale om delt bustad (Retten til skyss Udir-2-2019)Meir informasjonFor meir informasjon gå til Skyss.no > SkuleskyssDet er Skyss som har ansvar for skuleskyssen i Hordaland og elevar som har rett til dette får innvilga gratis skuleskyss.