Åtferd
§ 6 Åtferd
Elevane i ullensvangskulen skal ha god åtferd. Det er god åtferd å:
- vera til stades og delta aktivt i undervisningstimane,- etter eigne føresetnader
- halda arbeidsro i timane
- visa omsyn og respekt for medelevar, tilsette og andre som dei møter i skulekvardagen
- retta seg etter beskjedar frå tilsette ved skulen
- ta vare på alt som tilhøyrer skulen og følgja reglane på skulen for bruk av hjelpemiddel og anna spesialutstyr
visa nettvett og følgja reglane på skulen for bruk av mobiltelefonar og digitalt utstyr
ikkje uroa sjåføren ved skuleskyss, sjåføren har ansvar for elevane si tryggleik
Ullensvangskulen aksepterer ikkje at nokon:
- utset medelevar eller vaksne i skulemiljøet for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, psykisk eller fysisk vald, rasisme, trakassering eller utestenging på skulen, skulevegen, skulebussen eller gjennom digitale medium
- tar med eller nyttar gjenstandar som kan skapa uro eller skada personar, bygning eller inventar på skuleområdet
- forlèt skuleområdet utan løyve
- har med og/ eller brukar rusmiddel, tobakk, e-sigaretter eller snus