Skulereglar i kommunen

§ 1 Føremål

Grunnskulen i Ullensvang kommune skal vera prega av eit konstruktivt samarbeid mellom elevar, føresette og tilsette på skulen. Læring, tryggleik, trivsel, respekt og toleranse er sentrale formål med opplæringa. Elevane skal læra å sjå seg sjølve som medansvarlege for eit godt fellesskap som er prega av trivsel, inkludering og respekt.

Ordensreglementet skal gi reglar for korleis elevane skal ha det, kva elevane kan og ikkje kan gjera på skulen, og kva som skjer viss reglane vert brotne. På denne måten skal ordensreglementet medverka til trygge rammer i læringsmiljøet. Alle må ta ansvar for at skulen er ein trygg og triveleg stad å vera.

Det skal vera eit felles verkty for skulane i Ullensvang for å ha ei mest mogeleg lik sakshandsaming og medvit rundt kva som er synet til skulen på ønska og akseptabel åtferd. Ordensreglane skal og gjera oppfølging av uønska åtferd enklare og fremja like tiltak og reaksjonsformer.