Skulereglar i kommunen

§ 8 Sakshandsaming

Handsaming av brot på ordensreglementet følgjer reglane i opplæringslova. Dersom avgjerda om reaksjon vert rekna som eit enkeltvedtak, skal ein følgja sakshandsamingsreglane i forvaltningslova kap. III-VI.

  • foreldre/ føresette til eleven skal varslast før vedtak vert gjort og dei skal få høve til å uttala seg innan ein gitt frist. Som regel skal ein varsla skriftleg.
  • skulen skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogeleg (fvl §17, 1. ledd) før det vert fatta vedtak. Til dømes skal andre elevar og tilsette som var vitne til ordensbrotet og aktuelle lærarar høyrast i saka.
  • eleven skal ha høve til å forklara seg munnleg for den som skal ta avgjerda.
  • enkeltvedtak skal vera skriftleg og grunngjeve.

§ 8-1 Krav til skriftleg notat

Dersom ein av reaksjonane vert sett i verk mot ein elev, må skulen dokumentera dette med eit skriftleg notat. Vedtaket skal kunna klaga på og må såleis ha opplysingar om korleis ein kan klaga (oppll§9A-6).

Det må komma fram

  • kva elev tiltaket er retta mot
  • kva tiltak som er sett i verk
  • kva ordensregel som er broten
  • tidspunktet for ordensbrotet
  • tidspunktet for gjennomføring av tiltaket
  • korleis eleven har forklart seg
  • kva foreldra til eleven og/ eller andre har uttalt.

Den som har vedteke tiltaket skal underteikna notatet, notatet vert arkivert i elevmappa. Eleven og/ eller føresette skal ha ein kopi og vera gjort kjende med retten til dokumentinnsyn.

Om eleven sin rett til eit trygt og godt skulemiljø (oppll §9A-2) vert utfordra, har skulen aktivitetsplikt overfor denne eleven (oppll. §9A-4).

§ 8-2 Reaksjonar som berre kan verta utført av rektor

Rektor har det overordna ansvaret i alle saker og ved tvilstilfelle er det rektor som har siste avgjerd.

  • det er berre rektor som kan avgjera om eit ordensbrot skal meldast til politiet, eller om det skal krevjast økonomisk erstatning frå elev og/ eller foreldre.
  • sakshandsaming ved reaksjonar som skal gjerast som enkeltvedtak og skal handsamast etter kapittel IV, V og VI i forvaltningsloven.
    • bortvisning frå eksamen, skulen, ekskursjonar og andre arrangement i regi av skulen (jf. oppll §9-11).
    • nedsett karakter i orden og/eller åtferd, jf. forskrift til oppll § 3-6.
    • byta klasse mellombels eller permanent (oppll §9A-4).
    • i heilt spesielle tilfelle kan skuleeigar vedta eit mellombels eller permanent skulebyte (oppll § 8-1).
  • enkeltvedtak skal vera skriftleg og grunngjeve. Vedtaket skal kunna klagast inn og må innehalda opplysingar om korleis ein kan klaga, klagefrist, klageinstans og framgangsmåte ved klaging.

§ 8-2.1 Nedsett karakter for elevar i ungdomsskulen i orden og/eller åtferd

For at ein skal kunna gi ein ungdomsskuleelev annan karakter enn den beste i orden og åtferd, må det vera gitt førehandsvarsel i så god tid at eleven har høve til å forbetra karakteren sin – jf. forskrift til oppll § 3-8:

Elevar og foreldre til elevar under 18 år skal varslast skriftleg dersom eleven står i fare for å få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i orden eller i åtferd.

Varselet skal gjevast straks det er klart at det er fare for nedsett karakter eller bortfall av karakter, og skal gi eleven høve til å (…..)ikkje få nedsett karakter i orden eller åtferd.

Også dei siste vekene og dagane av eit skulehalvår har verknad for den gjeldande karakteren. Det kan derfor oppstå tilfelle der brot på ordensreglementet kjem på eit så seint tidspunkt og/ eller er av så alvorleg karakter, at eit slikt førehandsvarsel ikkje gjev eleven ein reell sjanse til å forbetra karakteren.

§ 8-3 Reaksjonar som berre kan utførast av skuleeigar

Å flytta ein elev til ein anna skule er eit enkeltvedtak som krev handsaming i samsvar med kapittel IV, V og VI i forvaltningslova, og opplæringslova § 8-1, 3. ledd der det heiter:

Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skule enn den skulen eleven har rett til å gå på etter første leddet. Før det vert gjort vedtak om å flytta ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skule utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytta ut av heimen eller at skuleskyssen vert uforsvarleg lang.