§ 7 Generelle retningslinjer når det gjeld tiltak og reaksjonar
Skulen kan berre reagera på åtferd som er brot på ordensreglementet. Skulen kan berre nytta tiltak som er fastsett i ordensreglementet.
Rektor har det overordna ansvaret i alle saker og ved tvilstilfelle er det rektor som har siste avgjerd.
- Før reaksjon på åtferd skal pedagogisk personell vera i dialog med den det gjeld og eventuelt føresette. Elevane skal verta høyrde i alle saker som gjeld dei for å finna ut kva som ligg bak åtferda.
- Alle tiltak og reaksjonar skal vera slik at eleven forstår kva reglar som er brotne og kvifor skulen må reagera som han gjer. Elevane skal verta høyrde i alle saker som gjeld dei.
- Reaksjonane må stå i rimeleg forhold til brotet på reglane og tiltak bør koma så nær regelbrotet i tid som råd er. Eleven skal, om det er mogleg, få sjanse til å gjera opp for seg.
- Fysisk arbeid, som å vaska og rydda etter seg eller reparera noko som er øydelagt, er tillate.
- Kollektiv avstraffing skal ikkje nyttast for handlingar som er utøvd av einskildelevar eller medlemmer av ei gruppe.
§ 7-1 Reaksjonar ved brot på reglane
Ullensvangskulen vil normalt nytta følgjande reaksjonar ved regelbrot, i uprioritert rekkefølgje:
- merknad, -gjeld berre ungdomstrinn
- kontakt med føresette
- skriftleg melding til føresette
- pålegg om oppgåver for å retta opp skade ein har påført skulen sin eigedom eller eigedelar (rydda søppel, vaska golv, fjerna tagging og liknande)
- nærvær på skulen før eller etter skuletid i samband med samtalar eller for å utføra pålagde oppgåver
- lærar kan visa bort ein elev frå eiga undervising i ei økt
- leggja beslag på farlege gjenstandar som kan nyttast til å utøva skade på andre
- reaksjonar (sjå og §8-2) som skal gjerast som enkeltvedtak etter forvaltningslova:
- bortvisning (oppll. §9A-11). Skulen skal berre bruka bortvisning frå skulen som reaksjonsform ved alvorlege eller fleire brot på ordensreglementet
- bortvisning frå eksamen
- setja ned karakter i orden og/ eller åtferd etter fleire regelbrot dersom føresette på førehand er varsla (jf. forskrift til oppll. §§ 3-6 til 3-8). Ved særleg grove enkelthendingar kan òg karakter setjast ned (jf. forskrift til oppll. §3-4)
- byta klasse mellombels eller permanent (oppll. §9A-4)
- i heilt spesielle tilfelle kan skuleeigar vedta eit mellombels eller permanent skulebyte (oppll. § 9A-12)