§ 4 Pliktene til eleven
Som elev i ullensvangskulen har du plikt til:
- å medverka til eit trygt og godt læringsmiljø for alle (jf. oppll §9A)
- å melda frå om du ser medelevar som ikkje har eit godt klasse- /skulemiljø
- å melda frå om tilhøve som kan virka negativt inn på skulemiljøet
- å vera høfleg, vera inkluderande og visa respekt, forståing og medansvar for alle på skulen
- å retta deg etter dei lovar, reglar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for skulen og i samfunnet
- å halda orden i klasserom, gangar og på uteområdet (skuleplassen)
- å erstatta skade som er påført forsettleg eller aktlaust etter reglane i skadeserstatningsloven §1-1
Føresette kan, i samsvar med skadeserstatningsloven § 1-2, verta ansvarlege for skadar inntil kr 5 000,-.