§ 2 Verkeområde
Ordensreglementet gjeld for alle dei offentlege skulane i Ullensvang;
- skulefritidsordning
- leksehjelp
- skuleveg
- skulebuss
- alle arrangement i skulen sin regi.
Skulen har plikt til å gjera tilsette, elevar og føresette kjent med dette ordensreglementet.
§ 2-1 Skulane sitt eige ordensreglement
I tillegg til felles ordensreglement for skulane i Ullensvang, kan den einskilde skulen utarbeida eit eige reglement for trivsel, orden og åtferd. Dette for å sikra at særskilde tilhøve ved den einskilde skulen skal koma med.
- Skulen kan berre reagera på åtferd som er brot på ordensreglementet.
- Skulen kan berre nytta tiltak som er fastsett i ordensreglementet.
Elevråd og FAU skal vera med å utarbeida reglementet for den einskilde skulen. Samarbeidsutvalet ved skulen skal vedta det.
Skulane må byggja på sentrale lover og retningslinjer ved utarbeiding av eige reglement.