Søk om redusert betaling for SFO

Dersom familien din har låg samla inntekt, kan du søkja om å betala mindre for plassen på skulefritidsordninga (SFO). Tilbodet gjeld for elevar i 1.–4. trinn.

Kven kan få redusert betaling?

Ingen hushald skal betala meir enn 6 prosent av den samla årsinntekta si for ein SFO-plass. Kor mykje du får i reduksjon vert rekna ut frå inntekta til hushaldet og kva for eit timetal eleven har på SFO.

Ein del av eit hushald er:

  • ektefellar, registrerte partnarar eller sambuarar
  • sambuarar over 18 år som har felles barn, eller som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene

Dersom barnet bur fast hjå begge foreldra, vert betalinga rekna ut frå inntekta til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet.

Les meir om dette i opplæringsforskrifta

Merk: Barnet må ha fått innvilga plass i SFO før du kan søkja om redusert betaling. Meld derfor barnet på i god tid.

Slik søkjer du

Du søkjer digitalt gjennom foresattportalen vår (Visma Flyt skole).

  1. Logg deg inn i foresattportalen med BankID. Du må ha foreldreansvar for eleven du søkjer for.
  2. Vel den eleven det gjeld, og trykk på Søknader.
  3. Vel Søknad om redusert foreldrebetaling.
  4. Legg ved all nødvendig dokumentasjon på inntekta di og send inn.
     

Logg deg inn i Foresattportalen

Søknadsfrist

  • For å få redusert betaling frå 1. august: Du må søkja og senda inn all dokumentasjon seinast 31. juli.
  • Vert dokumentasjon sendt inn for seint, vert søknaden avslått, og du må søkja på nytt.

Kva skjer vidare?

Når du har sendt inn søknaden, må du fortsetja å betala full pris fram til vi har godkjent søknaden. Dersom du får innvilga redusert betaling, vil den gjelda frå månaden etter at søknaden vart godkjend.

Eit godkjend vedtak gjelder ut heile skuleåret. Du må søkja på nytt om redusert betaling for kvart skuleår.

Meld frå dersom inntekta vert endra

Dersom inntekta i hushaldet vert endra mykje i løpet av skuleåret, må du gje oss beskjed. Du må då senda inn oppdatert dokumentasjon som viser den nye inntekta.