12 timar gratis SFO for 1., 2. og 3. trinn

Kunnskapsdepartementet har vedtak om 12 timars gratis SFO for 1., 2. og 3. trinn.

Det betyr at det vil bli langt billigare for 1., 2. og 3. trinn å gå på SFO dei fyrste åra. Ordninga gjeld og SFO-tilbod i feriane.

  • Kommunen avgjer kva tid på dagen dei 12 timane (fordelt på veka) skal liggje. Ullensvang har valt å leggje dei til etter skuletid.
  • Hushaldningar med låg inntekt skal framleis få redusert foreldrebetaling (etter søknad for skuleåret). Søknad vert fyrst handsama, så vert gratis-timar etter skuletid trekt frå og resterande sum kjem på faktura.
  • Gratis-timane vil og gjelda for skuleferiane (haust-, jule-, vinter- og påskeferie). NB: Kjøp av utvida tid gjeld framleis (Kjøp av utvida tid frå EM (ettermiddag) til HD (heil dag) /Kjøp av utvida tid frå FM (føremiddag) til HD (heil dag), sjå satsar SFO for Ullensvang kommune (2023).
  • Det skal vera mogeleg å berre nytta seg av sjølve gratis-timane – dette vert eit eige type opphald; G12 (gratis 12 timar per veke) – må søkjast om!
  • Eventuelle kostpengar må betalast (ikkje ein del av gratis-tilbodet).
  • Kommunen pliktar å ha eit tilbod om SFO, men det er ikkje ein rett for elevane å få SFO-plass. Om kommunen ikkje har kapasitet til å gje alle aktuelle elevar eitt tilbod, vil me prioritera elevar på 1. trinn og elevar med særskilte behov frå 1.- 7. trinn.

Ulike opningstider

Skulane i kommunen har ulike opningstider på SFO, noko som medfører ulike satsar for trekk per gratis veketime. Alle vil få utrekna trekket for sin skule/SFO (oppholdspris = lik for alle/tal opningstimar totalt ulike tal), der prisen på 12 timar (per veke) vert trekt frå).

Tilbod

Ullensvang kommune vil no ha 4 ulike tilbod om opphald – det er ikkje mogeleg å ha meir enn eitt opphald (kombinera):

  • Føremiddag (FM): SFO berre før skuletid morgen
    • desse vert ikkje tilgodesett gratis-timar
  • Ettermiddag (EM): SFO berre etter skuletid
    • får full utteljing for dei 12 gratis timane i veka
  • Heil dag (HD): SFO både før og etter skuletid (som i praksis betyr FM + EM)
    • får full utteljing for dei 12 gratis timane i veka
  • G12 – gratistilbodet for 1., 2. og 3. trinn