Det betyr at det vil bli langt billegare for 1., 2. og 3. trinn å gå på SFO dei fyrste åra. Ordninga gjeld og SFO-tilbod i feriane.
- Kommunen avgjer kva tid på dagen dei 12 timane (fordelt på veka) skal liggje. Ullensvang har valt å leggje dei til etter skuletid.
- Hushaldningar med låg inntekt skal framleis få redusert foreldrebetaling (etter søknad for skuleåret). Søknad vert fyrst handsama, så vert gratis-timar etter skuletid trekt frå og resterande sum kjem på faktura.
- Gratis-timane vil og gjelda for skuleferiane (haust-, jule-, vinter- og påskeferie). NB: Kjøp av utvida tid gjeld framleis (Kjøp av utvida tid frå EM (ettermiddag) til HD (heil dag) /Kjøp av utvida tid frå FM (føremiddag) til HD (heil dag), sjå satsar SFO for Ullensvang kommune (2023).
- Det skal vera mogeleg å berre nytta seg av sjølve gratis-timane – dette vert eit eige type opphald; G12 (gratis 12 timar per veke) – må søkjast om!
- Eventuelle kostpengar må betalast (ikkje ein del av gratis-tilbodet).
- Kommunen pliktar å ha eit tilbod om SFO, men det er ikkje ein rett for elevane å få SFO-plass. Om kommunen ikkje har kapasitet til å gje alle aktuelle elevar eitt tilbod, vil me prioritera elevar på 1. trinn og elevar med særskilte behov frå 1.- 7. trinn.
Ulike opningstider
Skulane i kommunen har ulike opningstider på SFO, noko som medfører ulike satsar for trekk per gratis veketime. Alle vil få utrekna trekket for sin skule/SFO (oppholdspris = lik for alle/tal opningstimar totalt ulike tal), der prisen på 12 timar (per veke) vert trekt frå).
Tilbod
Ullensvang kommune vil no ha 4 ulike tilbod om opphald – det er ikkje mogeleg å ha meir enn eitt opphald (kombinera):
- Føremiddag (FM): SFO berre før skuletid morgen
- desse vert ikkje tilgodesett gratis-timar
- Ettermiddag (EM): SFO berre etter skuletid
- får full utteljing for dei 12 gratis timane i veka
- Heil dag (HD): SFO både før og etter skuletid (som i praksis betyr FM + EM)
- får full utteljing for dei 12 gratis timane i veka
- G12 – gratistilbodet for 1., 2. og 3. trinn
Endra opphald på SFO?
1., 2. og 3. trinn som allereie har fått innvilga opphald på SFO (FM/EM/HD) for skuleåret 2024-2025, men som ynskjer å endre opphald til G12 (kun nytte seg av dei 12 gratis-timane), må søkje om «Endring av opphald» via foresettportalen.
Les meir