Permisjon frå pliktig opplæring
Elevar kan få permisjon frå grunnskuleopplæringa inntil ti skuledagar om gongen. Det er skulen som handsamar permisjonssøknaden.
Sist endra 27.02.2026 12:59
Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor den norske kyrkja, har rett til permisjon på trussamfunnet sine heilagdagar.
Føresette må sørge for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den vanlege undervisninga når eleven er tilbake.
Les heile forskrifta her
Slik søkjer du
Føresette søkjer for eleven og må gjera dette på førehand - i god tid. Søknad om permisjon skal gjerast via Visma Flyt skule.
Søk om permisjon
Lovar og reglar