Foresattportalen og «Min Skole» app

Skulane i kommunen nyttar Foresattportalen for digital kommunikasjon mellom skule og heim.

Foresattportalen kan du logga deg på via ein nettlesar eller du kan nytte appen “Min skole”. Begge alternativa krev pålogging med BankID.

Logg deg inn i Foresattportalen

Om app

Appen “Min skole” skal forenkla dialogen mellom skulen og heimen for foreldre eller føresette med barn i grunnskulen. Via appen du kommunisera med skulen, og få informasjon. Data frå appen vert handsama og lagra i Norge i høve til gjeldande regelverk om personvern (GDPR).

Du kan lasta ned app i Apple Store og Google Play. Appen krev minsteversjon 13 for iOS (Apple) og versjon 9.0 for Android.

Merk!
Du kan ikkje lesa vurderingar som er skrive av lærarar via appen. 

Vurderingar får du tilgang til ved å logge deg på Foresattportalen via nettlesar.

Med app kan føresette

  • Senda melding til ein/fleire tilsette ved skulen som barnet ditt er elev ved
  • Ta imot melding frå tilsett/skulen, det gjeld og varslingar til dømes frå SFO og Digitale skjema
  • Melda og redigera fråvær for barnet ditt
  • Sjå timeplanen til barnet ditt (ikkje alle skular er klar med denne i appen)
  • Sjå informasjon knytt til barnet ditt sitt SFO-opphald og SFO-nærvær
  • Sjå beskjedar frå skulen i høve barnet ditt sitt SFO-nærvær, og registrera eigne beskjedar til SFO

Nyttige lenkjer