Jondal leirskule

Jondal leirskule ligg i Jondal, ein av 5 norske nasjonalparklandsbyar, mellom fjord og fonn i Ullensvang kommune i Hardanger. Frå Jondal leirskule er det lett tilgang til flotte til fotturar. Du finn ei rekke aktivitetsmoglegheiter som bading og fiske eller ro ein tradisjonell gamal robåt i tre.

Om leirskulen

Jondal leirskule held til i eit freda sjukehusanlegg frå 1933. Leirskule ligg sentralt til med gåavstand til badeplass, sandvolleyballbane, idrettsplass med fotballbane og ballbinge. Leirskulen ligg og sentralt til i høve til tur og naturativitetar.

Leirskulen er eigd av Hardangerakademiet, nordisk senter for fred utvikling og miljø. Vi har dei samme hovudmålsettinger som FN. Derfor er det naturleg at berekraftsmåla er hovedfokus på skulen, med særleg vekt på; liv på land, livet i havet, fred og konflikthandtering. 

Elevane vert utfordra på å utvikle lagbygging, samhald, nærvær og anna viktig meistring gjennom ulike samarbeidsoppgaver.

Meir informasjon om Jondal leirskule 

Sesong for leirskule

Vår og haust, måndag til fredag. Vi startar leirskulesesongen i april og held på ut oktober månad. Veke 44 er vanlegvis siste leirskuleveke for sesongen.

Jondal er stoppestad for ekspressbussar mellom Oslo og Bergen - så det er lett å koma til Jondal. 

Førespurnad om leirskuleplass

  • Vegen vidare

    Når vi har motteke førespurnaden dykkar, får de e-post med svar på om det er ledig i dei vekene de har ønskje om. De vil samstundes få meir informasjon om leirskulen, opphaldet, pris og betaling.

    Førespurnaden er ikkje bindande. De vil få tilsendt lenkje til påmeldingskjema frå oss.