Foresattportalen og «Flyt Foresatt» appen

Skulane i kommunen nyttar Foresattportalen for digital kommunikasjon mellom skule og heim. Foresattportalen kan du logga deg på via ein nettlesar eller du kan nytte appen “Flyt Foresatt”. Begge alternativa krev pålogging med BankID.

Logg deg inn i Foresattportalen

Om appen

Kommunen brukar appen Flyt Foresatt for at heim, barnehage, skule og SFO skal kunna snakka lettare saman. Her får du oversikt over kvardagen til barnet ditt, og du kan senda og lesa meldingar.

Flyt Foresatt er ein felles app som erstattar dei tidlegare appane «Min Skole» og «Min Barnehage».

Merk!
Du kan ikkje lesa vurderingar som er skrive av lærarar via appen. 

Vurderingar får du tilgang til ved å logge deg på Foresattportalen via nettlesar.

I appen kan du mellom anna:

  • sjå når barnehagebarnet kom, sov og vart henta
  • senda meldingar til avdelinga i barnehagen eller læraren på skulen
  • melda frå om fråvær for heile dagar
  • sjå kalender og svara på samtykkeførespurnader (til dømes om deling av bilete)
  • sjå informasjon om allergiar, medisinar og kontaktpersonar
  • byta mellom fleire barn og eventuelt andre kommunar

For meir informasjon sjå: Ta i bruk appen Flyt Foresatt

Nyttige lenkjer