PPT – pedagogisk psykologisk teneste

PPT hjelper barnehagar og skular med å leggja til rette for barn og elevar med behov for tilrettelegging. Formålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

Om PPT

PPT har eit system- og individperspektiv der vi ser desse to i samanheng og medverkar til ei heilskapleg tenking i barnehage og skule.

Tiltak for eit barn eller ein elev kan like gjerne vera å betra gruppe- eller klassemiljø, gruppe- eller klasseleiing, som å setje inn individuelle tiltak knytt til barnet eller eleven aleine. 

Kven kan få tilbodet

PPT har ansvar for barn, unge og vaksne (med rett til grunnskuleopplæring). Vi har fokus på barn og unge sitt behov for god sosial og fagleg utvikling i barnehage og skule.

PPT har eit særleg ansvar for å støtta og hjelpa barnehage og skule i planlegging av tiltak for barn og unge med spesielle behov. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Observasjon utgreiing av barn, unge og vaksne
  • Rettleiing til barnehage, skule og føresette
  • Utviklingsarbeid og kompetanseheving for barnehage og skule
  • Sakkyndig vurdering
  • Opplæringslova krev og sakkyndig vurdering i andre tilfeller. Dette gjeld vurdering av:
    • Tidleg eller utsett skulestart
    • Heilt eller delvis fritak for opplæringsplikta
    • Behov for tegnspråkopplæring

Slik søkjer du

Skule, barnehage og føresette kan kontakte og eventuelt tilvise barn eller elevar til PPT.

Tilvis til PPT

Lover og reglar