“Hvis det i sannhet skal lykkes å føre et menneske hen til et bestemt sted, må man først passe på å finne ham der hvor han er og begynne der. Dette er hemmeligheten i all hjelpekunst” (Søren Kirkegaard 1813 - 1855)
Føreord
Det er laga ein oppvekstplan for 2020-2025. Planen er laga for at dei som er tilsett i sektor for oppvekst og utdanning og arbeider direkte med eller i tilknytning til oppveksten til barn og unge skal ha ei felles plattform med fokusområde, strategiar og tiltak. Eit godt samarbeid med foreldre/føresette er viktig for alle tenestene barn og unge samhandler med. I oppvekstplanen blir omgrepet føresette nytta, dette omfattar både foreldre og føresette. Foreldre- er òg nytta i nokre samansette ord og vil gjelde både foreldre og føresette.
Oppvekstplan 2020-2025 er ein overordna strategiplan for sektor for oppvekst og utdanning. Planen skal dekka alt frå helsestasjon 0-23 år til undervisning i 10. trinn, det er derfor det er fokusert på breidde og heilskap for å få til ein felles praksis.
Planen har to delar;
- DEL 1: Kapittel 1 – 3: informasjon om bakgrunn, oppveksttilhøve og oppvekstvilkår.
- DEL 2: Kapittel 4 – 13: fokusområde og føringar for korleis dei ulike verksemdene kan arbeida med fokusområda.
Kommuneområde oppvekst og utdanning omfattar kommunale barnehagar og grunnskular, OppMot, Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), logopedtenesta, helsestasjon og barnevern. Grunnskulen omfattar òg SFO og vaksenopplæringa sitt tilbod om grunnskuleopplæring, samt norskopplæring og spesialpedagogiske tilbod for vaksne.
Kommuneområdet blir leia av kommunalsjef oppvekst og utdanning med støtte frå fagstab.
Oppvekstplan vart vedteke i Kommunestyret 21.10.2020.