Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) hjelper barn, unge og vaksne som treng ekstra tilrettelegging i barnehagen eller på skulen. Målet er at alle skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa tilbod.

Kven kan få hjelp?

Barn, unge og vaksne som har rett til grunnskuleopplæring, kan få hjelp frå PPT.

PPT hjelper til med tiltak for det einskilde barnet, men kan òg bidra til å forbetra miljøet og leiinga for heile barnehagegrupper eller skuleklassar. Fokuset er at barn og unge skal få god sosial og fagleg utvikling.

Kva kan du få hjelp til?

Du kan mellom anna få hjelp til:

  • observasjon og utgreiing av barn, unge og vaksne
  • rettleiing til foreldre, barnehagar og skular
  • utviklingsarbeid og kompetanseheving for barnehagar og skular
  • sakkunnige vurderingar

Når treng du ei sakkunnig vurdering?

Opplæringslova krev at PPT gjer ei sakkunnig vurdering i nokre tilfelle. Dette gjeld viss de vurderer:

  • tidleg eller utsett skulestart
  • heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta
  • behov for teiknspråkopplæring

Slik søkjer du om PP-tenester

Det er skulen, barnehagen eller du som forelder som kan kontakta og eventuelt visa (tilvisa) eit barn eller ein elev til PPT.

Tilvis til PPT

Regelverk