Kven kan få hjelp?
Barn, unge og vaksne med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar kan få utgreiing, kartlegging og behandling av logoped.
Du kan mellom anna få hjelp med:
- språkforstyrringar
- språklydvanskar (til dømes vanskar med uttale eller fonologiske vanskar)
- taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
- stemmevanskar (til dømes hes stemme hos barn, eller stemmehjelp for transpersonar/kjønnsinkongruens)
- språkforstyrringar du har fått i ettertid (afasi, taleapraksi eller dysartri)
- vanskar med å eta eller svelgja (dysfagi)
Logopeden hjelper òg personar som har behov for logoped på grunn av diagnosar og sjukdommar som Parkinson, Huntington, ALS, Downs syndrom, leppe-kjeve-ganespalte og andre sjeldne diagnosar (sjå frambu.no)
Slik søkjer du
Det skal vera låg terskel for å ta kontakt med oss. Du kan sjølv søkja (tilvisa), eller du kan be foreldre, helsestasjon, barnehage eller skule om å gjera det for deg.
- Sjekk om du treng legepapir (sjå under).
- Fyll ut og send inn søknadsskjemaet.
Krav til legepapir (tilvising/epikrise) for nokre grupper:
- Vaksne: Bør leggja ved ein epikrise frå lege eller sjukehus når de søkjer.
- Barn og vaksne med stemmevanskar: Må leggja ved ei tilvising frå ein øyre-nase-hals-lege.
Søk om hjelp frå logoped
Kva skjer etter at du har søkt?
Logopedtenesta behandlar søknaden din så raskt som mogleg, og seinast innan 4 veker.
Du får svaret i den digitale postkassen din, til dømes Digipost eller e-Boks. Viss du ikkje har digital postkasse, får du svaret i Altinn. Dersom du ikkje opnar det digitale brevet innan 48 timar, sender vi svaret automatisk som vanleg post til adressa di.
Spørsmål?
Er du i tvil om du bør søkja, eller har du andre spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss.