LogopedtenestaLogopeden arbeider direkte med barn, unge og vaksne med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar. Tenesta arbeider indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule.Vi gjev tenester påIndividnivå*Utgreiing og kartleggingBehandlingRettleiing*kan vera direkte og indirekteSystemnivåProsjekteRettleiingKurs og kompetansehevingKva kan du få hjelp med?Arbeidsområda våre:Språkforstyrring; utviklingsmessige språkforstyrringSpråklydvanskar; vanskar med uttale, fonologiske vanskarTaleflytvanskar; stamming og løpsk taleStemmevanskar som; barnehesheit, kjønnsinkongruens (stemmehjelp for transpersonar)Erverva språkforstyrring; afasi, taleapraksi, dysartriDysfagi - vanskar med å eta og/eller svelgaSjukdom/syndrom/misdanning som kan ha behov for logoped:Parkinson, Huntingtons, ALS, Down syndrom, Leppe-kjeve-ganespalte, andre sjeldne diagnosar (sjå frambu.no)Slik søkjer duDet skal vera låg terskel inn til logopedtenesta. Foreldre, helsestasjon, barnehage, skule, eller personen sjølv kan tilvisa til tenesta.Vaksne som vert tilvist bør ha epikrise frå lege/sjukehus.Vaksne og barn med stemmevanskar må ha ei tilvising frå Øyre-nase-hals-lege. Dersom du er i tvil om ei sak bør tilvisast eller ikkje, kan ein ta kontakt med fagleiar per telefon eller e-post.Tilvis til logopedtenesta