Svangerskapsomsorg

Svangerskapsomsorga i kommunen er eit tilbod til gravide og partnaren deira.

Kva kan du få hjelp til

Jordmor tilbyr helsekontroll, informasjon og samtalar gjennom heile svangerskapet.

Du kan sjølv velja om du vil gå til jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse under svangerskapet. Vi rådar deg til å ta kontakt med jordmor eller fastlege så tidleg som mogleg. 

Nasjonale retningslinjer tilrår første svangerskapskontroll rundt svangerskapsveke 6-12. 

Kommunen har avtale med Helse Fonna og det er jordmødrene ved jordmor- og barseleininga ved Odda sjukehus som har ansvaret for svangerskapsomsorga. 

Du finn mykje god informasjon frå jordmor om svangerskap, fødsel og barsel på deira nettside.

Helse Fonna: Jordmor og barsel, Odda

Slik får du tilbodet

Ta kontakt med helsestasjonstenesta eller jordmor. Vi gir deg raskt time, innan ei veke etter at du har tatt kontakt.

Pris

Helseoppfølging ved graviditet er eit gratis offentleg tilbod. 

Lovar og reglar