Ny organisering skuleåret 2026/2027
Skulehelsetenesta vil endre måten dei jobbar på. Dette for å sikre at alle elevar får eit likt tilbod uavhengig av kva skule dei tilhøyrer. Skulehelsetenesta vel å arbeide som eit skulehelseteam.
Dette fører til eit betre samarbeid og større fagmiljø. Slik vil skulehelseteamet kunne gi eit meir helsefremjande og førebyggjande tilbod til alle barn, unge og deira føresette.
Kva vil det seie for elevane?
Grunna ny organisering vil dagar på skulen variera, men alle skular får ein fast helsesjukepleiar til kontaktperson.
Erfaring og forsking viser at vi når barna best i deira miljø og fellesskap, og vil difor begrense dei individuelle samtalane. Dette er eit bevisst val for å kunne prioritera:
- Undervisning: Vi vil vera meir tilstades i klasserommet for å nå alle elevane med viktig kunnskap.
- Målretta gruppetilbod: Vi vil i periodar kunne gjennomføre jente- og guttegrupper der vi har fokus på mellom anna meistring, samhald, utanforskap og respekt.
- Tverrfagleg samarbeid: Ved å arbeide i skulehelseteamet sikrar vi at vi løyser våre lovpålagte oppgåver i fellesskap med høg fagleg kvalitet.
- Verktøy: Vi ynskjer å ha meir fokus på å gi elevane og føresette verktøy til å handtere dei utfordringane dei møter i kvardagen.
Kva om ein elev har behov for individuell samtale?
Sjølv om me flytter fokus og meir av ressursane våre ut i grupper og undervisning, vil det framleis vere mogeleg med individuelle samtalar ved behov. “Open-dør” tida vil variere på den einskilde skule, men me er likevel tilgjengelege for avtalar.
Samtalane vil i større grad verte målretta og tidsavgrensa med opp til 3 - 4 samtalar. Etter dette vert vidare oppfølging vurdert.