Psykologtenesta er eit lågterskeltilbod til born og unge mellom 0-23 år, familiane deira, og aktuelle instansar kring barnet. Lågterskel betyr at vi ikkje krev tilvising frå lege.
Sist endra 02.01.2026 10:56
Kva kan du få hjelp til?
Psykologen gir tilbod retta til personar med lette til moderate psykiske vanskar. Det er ein psykologspesialist i tenesta vår. Arbeidet er knytt til psykisk helse og psykososiale problemstillingar. Psykologen arbeider i hovudsak med å rettleia fagpersonar som treff born og ungdom, men treff enkelte gonger born og foreldre direkte.
Psykolog arrangerer barselgrupper og tilbodet er gratis.
Tiltak
- Gruppetilbod – “Barselgruppe med vri”, “Open helsestasjon”
- Kurs i “Godt samliv” og “COS”
- Rettleiing til personalet i barnehagen, både knytt opp mot enkelte barn eller tema
- Foreldrerettleiing/Rettleiing til personale ved skular i «Zippy»
- Rettleiar til personale ved skulehelsetenesta i «Cool kids»
- Deltaking på BTI-møte med personalet i barnehage og foreldre
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid og tidleg innsats utgjer hovudarbeidsområda
- Tilgjengelegheit til fastsette tidspunkt for henvendingar frå fagpersonar som arbeider med barn og unge i oppvekstsektor for drøftingar kring psykisk helse
- Inngå i kommunen sitt planarbeid for tidleg og systematisk innsats for helse- og meistringsfremjande læringsmiljø i barnehage og skule.
Slik får du tilbodet
Alle spørsmål til psykolog skjer gjennom kontakt med helsepersonell eller tilsette i skule, barnehage, barnevern, PPT og forvaltningskontor.
Prisar
Tilbodet er gratis