COS-P kurset er basert på fleire tiår med forsking på korleis foreldre-barn relasjonen kan støttast og styrkast. Kurset skal hjelpa foreldre til å forstå barnet betre ved å læra å sjå behova bak åtferda. Kurset skal også hjelpa foreldre til å verta tryggare i foreldrerolla.
For meir informasjon om COS-P sjå:
Tilknytningspsykologene video til foreldre
Om kurset
- Kurset vil gå over 8 gonger og varer omlag 1,5 timar kvar gong.
- Kurset vil vera tysdagar frå 13. oktober - 8. desember 2026 kl. 13:30 - 15:00 på helsestasjonen i Odda. Besøksadresse: Smelteverket 61.
- Kurset nyttar filmsnuttar, informasjon, refleksjon og dialog. Du vel sjølv kor mykje du ynskjer å dele av eigne erfaringar.
- For å få mest mulig utbytte skal kurset vera uten barn. Det er ein fordel dersom begge føresette kan delta på kurset.
- Kurset er gratis.
Påmeldingsfrist 25. september 2026
For spørsmål eller påmelding ta kontakt med:
Velkomen på kurs!