Helsetenester for asylsøkjarar, flyktningar og familiegjenforente
Helsestasjon for asylsøkjarar, flyktningar og familiegjenforente er ei koordinerande, rettleiande og rådgjevande teneste for dei som kjem til kommunen.
Kva kan du få hjelp til?
Føremålet med tenesta er å hjelpa asylsøkjarar, flyktningar og familiegjenforente til å få nødvendig helsehjelp, og at dei vert sjølvhjelpne i det å skaffa seg nødvendig og rett helsehjelp.
Tenesta omfattar
- Helsesamtale og helseundersøking av helsesjukepleiar og lege
- Tuberkulosekontroll (obligatorisk)
- Hjelp til å få fastlege og tannbehandling
- Vaksinasjon
- Råd og rettleiing i helsespørsmål
- Undervisning om helse
- Helsetenesta her eit tett samarbeid med Verksemd for inkludering og fastlegane.
Lovar og reglar
Viktige lenkjer