Helsestasjon for ungdom (HFU) 13 til 23 år

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod til deg som er mellom 13 og 23 år. Her kan du få hjelp med fysisk, psykisk og seksuell helse.

Kva er HFU?

På helsestasjon for ungdom treffer du helsesjukepleiar og lege. Vi har teieplikt. Du kan mellom anna få hjelp til:

  • råd om prevensjon, inkludert å setja inn og fjerna p-stav
  • testing og behandling av seksuelt overførbare infeksjonar
  • rettleiing om seksuell helse
  • samtalar om psykisk helse, eller anna du ynskjer å snakka om

Er du over 23 år, eller er du sjuk?

Helsestasjonen behandlar ikkje sjukdom. Dersom du er sjuk, eller er eldre enn 23 år, må du ta kontakt med fastlegen din.

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet gjeld for alle ungdommar i alderen 13 til og med 23 år.

Kva kostar det?

Tilbodet er heilt gratis.

Slik får du tilbodet

Du treng ikkje å bestilla time, det er berre å møta opp i opningstida (drop-in). Du kan gjerne ta med deg ein ven om du vil.

Ynskjer du å avtala tid før du kjem, kan du ta kontakt med oss på telefon eller e-post.

HFU er på Open skule ved Odda vgs.:

  • 2. september
  • 4. november
  • 2. desember

Kontakt oss

Her finn du oss

Lovar og reglar

Nyttige lenkjer for ungdom