Helsestasjon for ungdom (HFU) 13 til 23 år

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod til ungdom i alderen 13 – 23 år. 

Kven kan få tilbodet?

HFU er for ungdom i alderen 13 – 23 år. På HFU treff du helsesjukepleiar og turnuslege – vi er helsepersonell og har teieplikt.

Er du over 23 år må du og ta kontakt med fastlegen din. Det same gjeld ved sjukdom (uansett alder); ta kontakt med fastlegen din. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Rettleiing om seksuell helse
  • Prevensjonsrettleiing; tilgjengeleg og sikker prevensjon
  • Testing og behandling av seksuelt overførbare infeksjonar
  • P-stav; setja inn og fjerna
  • Samtalar om psykisk helse, eller det du ynskjer å snakka om.

Slik får du tilbodet

Det er inga timebestilling; Berre møt opp! Ta med deg ein ven om du vil.

  • Opningstid: Onsdagar kl. 14.30 – 16.45
  • Stad: Helsestasjonen avd. Odda (Smelteverket 61, 5750 Odda)

Ynskjer du å avtala tid før du kjem - då er det berre å ta kontakt!

Kontakt oss

Prisar

Tilbodet er gratis.

Her finn du oss

Lovar og reglar