BekymringsmeldingDersom du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melda frå til barnevernet. Du treng ikkje vera sikker på at noko er gale før du melder frå. Når du har meldt frå, er det er barnevernet sin jobb å vurdera korleis meldinga skal følgjast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa i heimen og nærmiljøet sitt.Slik melder du fråBekymringsmelding (Privatpersonar)Bekymringsmelding (Offentleg tilsette og fagpersonar med meldeplikt)Vi tilrår at du nyttar det digitale skjemaet for sikker og effektiv melding til barnevernet.Dersom du ikke har høve til å bruka det digitale skjemaet eller dersom du vil vera anonym ovanfor barnevernet, kan du bruka meldingsskjemaet du finn her:Last ned skjema for bekymringsmeldingFyll ut og send det til Hardanger barnevern (postadresse). NB! Skjemaet må sendast i posten, ikkje via e-post.