Kva er ein fritidskontakt?
Nokre born treng hjelp til å koma seg ut, vera saman med andre og få høve til å delta på aktivitetar. Fritidskontakten kan gi barna gode opplevingar, nye erfaringar, noko å sjå fram til og auka trua på seg sjølv.
Som fritidskontakt følgjer du opp eit eller fleire barn, omfanget vil kunna variera då behova er ulike.
Kven kan bli fritidskontakt?
Vi treng fritidskontaktar med ulike erfaringar og interesser. Vi ønskjer å koma i kontakt med deg som likar å arbeida med barn og unge. Du må vera ein person vi kan stola på, du må vera i ein stabil livssituasjon og kunna binda deg for ein periode. I utgangspunktet er det ønskjeleg at du er over 18 år, men er du ein moden og ansvarleg ungdom, så ta kontakt med oss.
Hjå oss får du opplæring, rettleiing og relevant erfaring å setja på CV-en.
Kva er ein besøksheim?
Ein besøksheim kan vera enkeltpersonar eller ein familie som har tid og rom til å ta imot et barn eller søsken ca. ei helg per månad. Ein besøksheim skal vera til støtte for born og unge som av ulike årsaker har behov for positive opplevingar med trygge vaksne og/eller vera ein del av ein familie.
Besøksheimen må ha ein stabil livssituasjon, ha tid og rom for eit ekstra barn og høve til å binda seg til oppdraget over ein lengre periode. Familien bør ha evne til inntoning og forståing for dei ulike behova og reaksjonar barn har. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og føreseieleg familiesituasjon det desse borna treng mest.
Kven er besøksborna?
Desse borna kan koma frå vanskelege heimesituasjonar og foreldra deira kan ha behov for avlastning i periodar for å kunna få overskot til å ta seg av borna sine.
Nokre gonger er det slik at desse borna treng andre rollemodellar for å kunna sjå andre handlingsmønster i ein familie. Mange av borna har behov for å oppleva andre omgjevnader med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Ein slik kontakt kan gi desse borna overskot, verdifull lærdom, stimulans, glede og tryggleik. Alderen på besøksborna er frå 0 – 18 år.
Politiattest og teieplikt
Før ein kan bli fritidskontakt eller besøksheim må ein leggja fram ein plettfri politiattest. Vi krev og utvida politiattest av husstandsmedlemmer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vera eldre enn tre månader.
Alle fritidskontaktar og besøksheimar har teieplikt og må difor signera på dette.
Dersom du kjenner at dette er noko du/de kan bidra med så ikkje nøl med å ta kontakt.