Hardanger barnevern

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid.

Hardanger Interkommunale barnevernteneste er felles barnevernteneste for kommunane Ullensvang og Eidfjord.

Korleis kan barnevernet hjelpa?

Sjå videoen på andre språk: English - Soomaali - русский язык - Türkçe - Polski - اُردُو‎ 

Kven kan melda frå?

Både privatpersonar og personar som er i kontakt med barn gjennom jobben, kan melda frå til barnevernet dersom dei er uroa for eit born eller ein ungdom. 

Når barnevernet får ei slik melding, vil vi vurdera om det er grunnlag for å setja i gang ei undersøking. Dersom barnevernet ynskjer å undersøkja saka nærare, tek vi kontakt med familien. 

Les meir om bekymringsmelding

Korleis ta kontakt?

Barnevernet kan kontaktast på telefon, brev, e-post eller ved personleg frammøte. Barn og unge kan sjølv venda seg direkte til barnevernet og be om hjelp. Du kan også be om hjelp frå ein lærar, helsesjukepleiar eller frå ein annan vaksen du stoler på, dersom det gjer det lettare å ta kontakt.

For meir informasjon: bufdir.no