Konsultasjonsteamet for vald og seksuelle overgrepKonsultasjonsteamet er eit låg terskel-tilbod til alle som har ei uro knytt til om eit barn kan vera utsett for vald eller seksuelle overgrep. Sist endra 11.05.2026 12:54 Det er ønskeleg at dei som er usikre på korleis dei skal handsama uro knytt til om eit barn kan vera utsett for vald eller seksuelle overgrep, tar kontakt for å bli trygga i vidare oppfølging av barnet eller ungdommen.Det ligg statlige føringar bak opprettinga av konsultasjonsteamet, der målet er å fremja gode lokale samarbeidsformer i slike saker. Teamet kan gi råd, rettleiing og støtte i det som er vanskelege saker.Konsultasjonsteamet dekker kommunane; Kvinnherad og Ullensvang.Meir informasjon om konsultasjonsteametKontaktinformasjonVigdis Anne Dyrkolbotn, Kvinnherad kommuneE-post: vigdis.dyrkolbotn@kvinnherad.kommune.noTelefon: 91 13 86 38