Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
Kva kan du få hjelp til?
Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra.
Mobbeombodet har teieplikt.
Korleis få tilbodet
Du kan ta kontakt med dei på telefon eller e-post. Ikkje send sensitiv informasjon som t.d. namn på barn eller skule/barnehage om du nyttar e-post.
Kontaktinformasjon
- Telefon: 57 30 03 33
- E-post: mobbeombod@vlfk.no
- Nettside: vlfk.no/mobbeombodet
- Facebook: Mobbeombodet i Vestland
- Instagram: ombodvestland
Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på vlfk.no/mobbeombodet