Konsultasjonsteamet for vald og seksuelle overgrep

Konsultasjonsteamet er eit låg terskel-tilbod til alle som har ei uro knytt til om eit barn kan vera utsett for vald eller seksuelle overgrep.

Det er ønskeleg at dei som er usikre på korleis dei skal handsama uro knytt til om eit barn kan vera utsett for vald eller seksuelle overgrep, tar kontakt for å bli trygga i vidare oppfølging av barnet eller ungdommen.

Det ligg statlige føringar bak opprettinga av konsultasjonsteamet, der målet er å fremja gode lokale samarbeidsformer i slike saker. Teamet kan gi råd, rettleiing og støtte i det som er vanskelege saker.

Konsultasjonsteamet dekker kommunane; Kvinnherad og Ullensvang.

Meir informasjon om konsultasjonsteamet

Kontaktinformasjon

Vigdis Anne Dyrkolbotn, Kvinnherad kommune