Kva kan du få hjelp til?
Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs, samt gruppetilbod om aktuelle familie- og samlivstema.
Familievernkontoret utfører pliktig mekling ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær.
Alle dei tilsetta har teieplikt
Slik får du tilbodet
Familievernkontoret er eit gratis lågterskeltilbod, der par, familiar og enkeltpersonar kan ta kontakt sjølv om det er problem eller krise i familien.
Hjelpeapparatet/tilsette i skule/barnehage kan òg visa til oss, men i samråd med dei det gjeld. Du treng ikkje tilvising for å komma til Familievernkontoret og kan ta direkte kontakt.
Du kan heilt uforpliktande ta kontakt med oss per telefon eller e-post.
Kva skjer vidare?
Familievernkontoret har som mål å tilby meklingstime innan tre veker frå bestiling. I andre sakar som par- og familieterapi og foreldrerettleiing har me som målsetjing at ventetida ikkje skal vere meir enn fire veker.
Par med barn vil bli prioriteret.
Kontaktinformasjon
Merk! Du må vera forsiktig med personopplysningar om du kontaktar oss på e-post.
Meir om kva Familievernkontoret i Odda kan tilby, samt kontaktinformasjon finn du på deira nettside.