Årsplan for Veisane barnehage 2026/2027

Veisane barnehage: Livsmeistring og helse gjennom deltaking i meiningsfulle fellesskap

Bilete av Veisane barnehage ein dag med lågt skydekke. Bilete. - Klikk for stort bilete Julian Schindlere

Hovudsatsing

Veisane barnehage: Livsmeistring og helse gjennom deltaking i meiningsfulle fellesskap

Visjon

God bagasje på livsreisa – alle utviklar den beste utgåva av seg sjølv

Kjerneverdiar

Respekt • Omsorg • Inkludering • Læring

1. Innleiing

Samfunnsmandatet til barnehagen er, i samarbeid og forståing med heimen, å ivareta barna sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for ei allsidig utvikling. Leik, omsorg, læring og danning skal sjåast i samanheng. (Rammeplan for barnehage 2017, s. 7)

Barnehagen sin pedagogiske plattform beskriv barnehagen sine verdiar, menneskesyn og arbeidsmåtar, og dannar grunnlag for kulturen og den pedagogiske praksisen i barnehagen.

Årsplanen for 2026/2027 skal synleggjera korleis Veisane barnehage arbeider for å realisera barnehagelova med forskrifter gjennom satsinga livsmeistring, helse, trivsel, inkluderande miljø og aktiv deltaking i kvardagen. Årsplanen er eit forpliktande arbeidsverktøy for personalet, informasjon til føresette og rammeverket for systematisk kvalitetsutvikling, dokumentasjon og kontinuerleg vurdering i Veisane barnehage. 

Planen byggjer vidare på erfaringane frå 2025/2026 og er forankra i:

Årsplanen må sjåast i samanheng med barnehagen sin pedagogiske plattform for å få heile bilde av barnehagen som pedagogisk verksemd. Dei to dokumenta skal og synleggjera korleis me jobbar med det pedagogiske innhaldet, visjonen - og dei ni fokusområda i oppvekstplanen for sektor for oppvekst og utdanning i Ullensvang kommune. 

Visjonen til sektor for oppvekst og utdanning: “Ulike utgangspunkt - like sjansar”

9 fokusområde i oppvekstplanen i Ullensvang kommune:

  • Tidleg innsats
  • Samhandling rundt utsette barn og unge – fokus på arbeidsmetodikken Betre tverrfagleg Innsats – BTI
  • Barn skal vera involvert i dialog og prosessar som gjeld dei
  • Fokus på samarbeid med føresette
  • God oppstart og trygge overgangar
  • Barna opplever eit trygt, godt og inkluderande barnehage-, skule- og SFO miljø
  • Fokus på tilrettelegging og tilpassa opplæring
  • Kjennskap til utarbeidde planar, rutinar og handbøker
  • Fokus på kvalitet og tilsette med rett kompetanse i oppvekst og utdanning

Visjon i Veisane barnehage: God bagasje på livsreisa - alle utviklar den beste utgåva av seg sjølv

Verdiar

Veisane barnehage har fire kjerneverdiar som me har ekstra fokus på i vår praksis og vårt utviklingsarbeid. Verdiane skal danna grunnlag for kulturen, felles pedagogisk praksis og vera med å sikra eit positivt læringsmiljø for alle barn.

Kjerneverdiene våre er:

  • Respekt - i Veisane barnehage skal alle oppleva å høyra til, vera ein betydningsfull person for fellesskapet og ha høve til medverknad.
  • Omsorg - i Veisane barnehage ser me god omsorg som avgjerande for tryggleik, trivsel, positiv utvikling og læring. Barn sin trivsel og utvikling er vaksne sitt ansvar.
  • Inkludering - i Veisane barnehage verdset me mangfald og ser det som grunnlag for eit inkluderande læringsmiljø.
  • Læring - i Veisane barnehage ser me læring som ein kontinuerleg prosess som vert påverka av dei erfaringane barna gjer i samspel med andre. Leik er viktig læringsarena for barn.

Organisering

Veisane barnehage er eigd og driven av Ullensvang kommune. Barnehagen ligg på Lofthus, tett på naturen ved inngangen til Elvadalen og fossane Skrikjo og Bjødnabykset.

Barnehagen er organisert som ein avdelingsbarnehage. I det daglege er barna delte inn i aldershomogene grupper/avdelingar: 

  • Blåbær: 1- og 2-åringar
  • Bringebær: 2- og 3-åringar
  • Morell: 3- og 4-åringar
  • Plomme: 4- og 5-åringar 
  • Eple: 5- og 6-åringar

For å sikra god ressursutnytting og eit trygt miljø ved starten og slutten av dagen, samarbeider gruppene på tvers:

  • Småbarn (1 - 3 år): 
    Barna er samla frå kl 07.00 - 08.00, og frå kl. 14.00- 16.00 
  • Storbarn (3 - 6 år): 
    Barna er samla frå kl 07.00 - 08.00, og frå kl. 14.00- 16.00 

Det er tilrettelagde stellerom for småbarn- og storbarnsavdelingane.

Kapasitet og arealnorm

Kommunen fastsette vedtekter for kommunale barnehagar 16.10.2024. Her er norm for leike- og opphaldsareal definert slik:

  • Inneareal for barn over 3 år: 4,00 m² per barn
  • Inneareal for barn under 3 år: 5,33 m² per barn
  • Uteareal: Bør vera om lag seks gonger så stort som innearealet (i tråd med Kunnskapsdepartementet si rettleiande norm).

Det totale leike- og opphaldsarealet inne i Veisane barnehage er 197,37 m². Talet på plassar vert tilpassa dynamisk innanfor denne ramma ut frå samansetjinga av alder på barna.

Per i dag har barnehagen godkjend kapasitet til:

  • 14 plassar for barn under 3 år (småbarn)
  • 30 plassar for barn over 3 år (storbarn)

Fysisk leik- og læringsmiljø 

Leike- og opphaldsarealet i Veisane barnehage er universelt utforma og tilpassa heile aldersspennet frå 1 til 6 år. Arealet – både inne og ute – skal gi rom for allsidig leik, livsutfalding og meiningsfylte aktivitetar.

Me legg vekt på å ha eit trygt og stimulerande fysisk miljø som fremjar omsorg, leik og læring. Utforminga tek omsyn til barna sine ulike funksjonsnivå og motoriske behov inne og ute. Me legg vekt på at det fysiske miljøet skaper meistring og passeleg utfordringar.

For dei yngste barna er det lagt til rette for soving i vogn ute, med tilgang til soveskur ved utfordrande værforhold.

Opningstid og opphaldstid 

Barnehagen si opningstid er kl. 07:00–16:00. Den maksimale daglege opphaldstida for eit barn er ni timar.

2. Hovudoppgåver

2.1 Omsorg

Omsorg er ein føresetnad for barna sin tryggleik, trivsel og utvikling (jf. Rammeplanen kap. 2). Omsorgen i Veisane barnehage skal prega alle situasjonar i kvardagen.

  • Trygghetssirkelen (Circle of Security): Me nyttar Trygghetssirkelen som teoretisk og praktisk verktøy. Personalet fungerer som ein trygg base når barnet utforskar verda, og ein trygg hamn når barnet treng trøyst, omsorg og hjelp til følelsesregulering.
  • Relasjonskvalitet: Personalet toner seg inn på barnet sine signal, er tilgjengelege ved å vera fysisk og mentalt tilstades, og støttar barna sine fysiske og psykiske behov.
  • Psykososialt barnehagemiljø (Barnehageloven Kap. VIII): Barnehagen har nulltoleranse mot mobbing, utestenging, vold og andre krenkingar (§ 41). Alle tilsette har aktivitetsplikt (følgje med, gripe inn, varsla, undersøka og setta inn tiltak) for å sikra at alle barn har eit trygt og godt barnehagemiljø.

2.2 Leik

Leiken har eigenverdi og er barna sin viktigaste arena for læring og sosial samhandling (jf. Barnehageloven § 2).

  • Venskap og inkludering: Personalet jobbar aktivt for å førebygga utestenging og hjelper barna med å etablera venskap og bygga leikekompetanse.
  • Leikbasert læring: Me kombinerer den frie leiken med strukturert leikbasert læring. Gjennom leik stimulerer me barna si språkutvikling, sosiale kompetanse, sjølvregulering og tidlege logiske tenking og matematikkforståing innanfor barna si næraste utviklingssone.
  • Aktiv vaksenrolle: Dei tilsette er brubyggar og «støttande stillas» i leiken – me observerer, deltek på barna sine premisser, støtter barna inn i leik- til å vera i leik over tid og utvider barna sin leik, og legg tilrette det fysiske miljøet.

2.3 Danning

Danning er ein kontinuerleg prosess der barna lærer å tenka kritisk, meina noko om eige liv og delta i eit demokratisk fellesskap (jf. Rammeplanen kap. 1).

  • Fellesskap og eigeverd: Barna skal oppleva at dei er verdifulle i seg sjølve, samstundes som dei lærer å ta omsyn til normer og verdiar i fellesskapet.
  • Sosial kompetanse: Me jobbar målretta med fem kjernedimensjonar: sjølvkjensle, empati, prososial åtferd, sjølvhevding og sjølvkontroll.

2.4 Læring

I barnehagen skjer læring i eit helskapleg samspel med omsorg, leik og danning (jf. Barnehageloven § 2).

  • Utforskarglede og prosess: Læring er prega av barna sin nysgjerrigheit og oppdagingsferd. Me legg vekt på mestring, progresjon og læringslyst framfor resultat eller prestasjon.
  • «The Learning Pit» (Læringsgropa): Me utfordrar barna til å reflektere over eiga tenking (metakognisjon). Gjennom «passelege utfordringar» støttar me barna i å overvinna usikkerheit og oppleva kognitiv meistring («Eureka!»).
  • Eit rikt språkmiljø: Språk er nøkkelen til kommunikasjon og læring. Me tilbyr eit variert og stimulering språkmiljø i alle kvardagssituasjonar.

2.5 Inkluderande praksis, mangfald og deltaking i fellesskapet

I Veisane barnehage er eit trygt og inkluderande barnehagemiljø sjølve fundamentet for satsingsområdet vårt, Livsmeistring og helse gjennom deltaking i meiningsfulle fellesskap. Me ser kulturelt, språksleg og individuelt mangfald som ein berikande ressurs for heile barnegruppa.

Inkludering hjå oss er ein kontinuerleg pedagogisk prosess der personalet tilpassar læringsmiljøet og rammefaktorane slik at alle barn får reelle moglegheiter til å delta aktivt i det sosiale og faglege fellesskapet. I vår praksis har alle barn ein udiskutabel og naturleg tilhøyrsle – ingen vert sett på som eit objekt som skal «inkluderast», men som ein likestilt og verdfull bidragsytar i barnehagesamfunnet.

Slik arbeider me med inkludering i praksis:

  • Fysisk tilrettelegging og tilgjengelegheit: Me tilpassar det fysiske inne- og utemiljøet til enkeltbarnet og barnegruppa sine behov. Barnehagen har og stiller til rådvelde det utstyret og materiellet barna treng for likestilt deltaking i alle aktivitetar, leik og friluftsliv.
  • Kulturelt mangfald, samisk kultur og flerspråklig støtte: I tråd med Rammeplanen og rettleiarar frå Udir legg me vekt på å synleggjere og verdsetta mangfaldet i barnehagen:
    • Urbefolkning: Me synleggjer samisk kultur som ein del av Noreg sin kulturarv, og bidreg til at barna utviklar kunnskap, respekt og fellesskapskjensle. Samiske barn får støtte til å ta vare på og utvikla sitt språk og sin kultur.
    • Representerte kulturar: Me løftar fram og anerkjenner dei ulike kulturane, tradisjonane og bakgrunnane som barna og familiane deira representerer i forståing og samarbeid med barna og deira føresette.
    • Språkmiljø: Me støttar fleirspråklige barn i å bruka og vera stolte av sitt morsmål, samstundes som me aktivt fremjar den norskspråklige kompetansen gjennom felles leik, dialog og kvardagsaktivitetar.
    • Samarbeid med føresette: Me har ein open og tillitsfull dialog med føresette for å sikra at barnet si identitetsutvikling og familieform vert spegla i barnehagekvardagen.
  • Sosial støtte og relasjonsbygging: Personalet opptrer som eit nært, varmt og støttande stillas. Me er tilgjengelege og gjev barna den støtta dei treng for å etablera venskap, meistra samspel og delta i det sosiale fellesskapet – både i leik inne og ute, ved måltid, ved kvile.
  • Fagleg tilpassing og meistring: Me tilpassar læringsaktivitetar og pedagogiske opplegg slik at alle barn får utfordringar i si næraste utviklingssona. Læring og utforsking skal gje meining og mestringskjensle for det einskilde barnet.
  • Reell medverknad: Barna vert tekne med på råd og får innverknad på eigen kvardag, leik og læring ut frå sine føresetnader, alder og modning. Dei får bidra med eigne refleksjonar, hjelpa kvarandre og oppleva at deira stemme er viktig for fellesskapet.
  • Systematisk refleksjonsarbeid: Personalet vurderer og reflekterer regelmessig over eiga praksis og leikemiljøet. Me stiller oss kontinuerleg spørsmålet: Opplever kvart enkelt barn trivsel, meistring, medverknad og tilhørighet i dag?

3. Medverknad

3.1 Barna sin medverknad

I samsvar med Barnehageloven § 3 har barna rett til å uttale seg om sitt daglege miljø i barnehagen:

  • Barna sine uttrykk – både verbale og nonverbale – vert observerte, respekterte og tatt med i pedagogisk planlegging og evaluering.
  • Medverknad vert tilpassa barna sin alder og modning. Det handlar om å erfara påverknad og medansvar i fellesskapet, ikkje om å overlate ansvar til barna.
     
Teikning av korleis ein barrnehagedag kan opplevast og dei vaksne sin rolle. Illustrasjon. - Klikk for stort bileteTeikna av: Åshild Ystanes Hesjedal 2025

Biletet viser mange aktivitetar barn kan vera midt i når vaksne bryter inn på grunn av dagsrytme som er sett, eller dei vaksne har tenkt at det er noko anna som skal skje - som til dømes vaska hendene før måltid.  Barna kan ha mange ulike følelsar når vaksne forventar at dei skal stoppa med det dei held på med for å gjera noko anna - temperaturen kan stiga, det kan verta konflikt og vera vanskeleg å regulera seg. Ved temperaturmålaren står den sensitive og støttande vaksne som er større, sterkare og god - den varme vaksne som respekterer barna og deira aktivitet, anerkjenner barnet sine kjensler, hjelper barna til å regulera seg, lar barna øva på å utsetta eigne behov og tilpassa seg ulike situasjonar.

3.2 Foreldra sin medverknad

I tråd med Barnehageloven § 4 skal barnehagen sikra eit nært samarbeid og forståing med heimen:

  • Dagleg dialog ved levering/henting, oppstartsmøte- og heimebesøk.
  • Minimum to foreldresamtalar i året, samt ved behov.
  • Medverknad gjennom Foreldreråd (møte), Samarbeidsutval (SU) og Utdanningsdirektoratet si årlege brukarundersøking.

4. Mål for Veisane barnehage 2026/2027

Veisane barnehage held fram med det utviklingsprosjektet “Livsmeistring og helse” i samarbeid med:

  • Daniela Brühl: Kommuneoverlege og prosjektleiar
  • Geir Sverre Braut: Seniorrådgjevar/forskar ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS)
  • Marianne Ree: Førsteamanuensis i pedagogikk (FILIORUM/Universitetet i Stavanger)

“Frå prosjekt til etablert praksis”

Eit viktig mål for barnehageåret er å automatisera ny praksis i tråd med prosjektet. Nye arbeidsmåtar, forståing av barns medverknad og mulighet til å bidra for fellesskapet skal vera grunnleggande for kulturen, arbeidsmåtane og den daglege drifta i Veisane barnehage.

  • Inkluderande praksis og utjamna sosiale forskjellar (jf. Lov om barnehage kapittel 1, § 1 og 2.)
  • Livsmestring og gode helsevanar (jf. Lov om barnehage § 2. Barnehagens innhold, og Rammeplan for barnehage om verdigrunnlaget  s. 11)

Livsmestring og helse som folkehelsearbeid

Barnehagen er ein av samfunnet sine viktigaste arenaer for førebyggjande og helsefremjande arbeid.

Gode erfaringar tidleg i livet kan leggja grunnlag for helse, trivsel og livskvalitet gjennom heile livsløpet.

Me ønsker å medverka til at barna:

  • utviklar gode helsevanar
  • opplever medverknad, meistring og deltaking
  • etablerer positive relasjonar
  • utviklar motstandskraft og robustheit
  • får erfaringar som fremjar livslang helse

Deltaking i meiningsfulle fellesskap

Veisane barnehage er eit trygt, inkluderande og helsefremjande fellesskap der alle barn opplever glede, mestring, medverknad og tilhørigheit.

Gjennom aktiv deltaking i kvardagslivet utviklar barna helsekompetanse, sjølvstende, robustheit og omsorg for seg sjølve, andre mennesker og naturen.
Arbeidet med mat og måltid, fysisk aktivitet, naturkontakt, kvile og inkluderande fellesskap er integrert i heile barnehagen sin praksis og pregar kulturen, arbeidsmåtane og innhaldet i kvardagen.

Fire fokusområde

  • Mat og måltid
  • Fysisk aktivitet
  • Kvile 
  • Trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø for alle

Slik arbeider me

Fokusområde 1 - Mat og måltid, glede og sunne helsevanar

Matglede som grunnlag for helse og livsmeistring

Måltida er viktige arenaer for fellesskap, språk, kultur, omsorg, medverknad og læring. Gjennom aktiv deltaking i matlaging, dyrking, førebuing og rydding utviklar barna kunnskap, ferdigheiter og haldningar som fremjar helse, matglede og sjølvstende.

Dette betyr i praksis:

  • Me lagar mat frå grunnen av og vel råvarer framfor ultraprosesserte produkt.
  • Me vel økologiske råvarer når det er mogleg.
  • Me legg til rette for at barna får delta i heile prosessen – frå dyrking og hausting til førebuing, matlaging, måltid og rydding.
  • Me gir barna oppgåver som er tilpassa alder og føresetnader, slik at dei får oppleva meistring og bidra for fellesskapet.
  • Me legg til rette for at barna kan smaka, utforska og bli kjent med ulike råvarer utan press om å eta.
  • Me brukar måltidet som arena for ro, nærvær, samtalar og fellesskap.
  • Personalet er gode rollemodellar og deltek aktivt i måltidet.
  • Me legg til rette for at barna kan hjelpa kvarandre og bidra til fellesskapet.
  • Me nyttar kjøkkenhage, drivhuset og dyrking som ein pedagogisk læringsarena der barna får erfara kvar maten kjem frå og fylja prosessen frå frø til mat.

Teikn på god praksis:

  • Teikna på god praksis skal vera noko me kan sjå, høyra eller observera i kvardagen.
  • Matglede og utforsking
  • Barna viser nysgjerrigheit og interesse for mat, råvarer og kor maten kjem frå.
  • Barna får utforska mat med sansane og utviklar eit variert forhold til råvarer.
  • Barna opplever måltida som positive og trygge stunder.

Medverknad og meistring

  • Barna tek initiativ og deltek aktivt i oppgåver knytt til mat og måltid.
  • Barna mestrer oppgåver som er tilpassa alder og føresetnader.
  • Barna opplever at bidraget deira har betydning for fellesskapet.
  • Barna hjelper kvarandre og samarbeider om praktiske oppgåver.

Fellesskap og samtalar

  • Barna deltek i samtalar og lyttar til kvarandre rundt bordet.
  • Det er rom for undring, spørsmål, forteljingar og gode samtalar.
  • Barna opplever å høyre til og får vera aktive deltakarar i måltidsfellesskapet.
  • Personalet er tilgjengelege, sensitive, lyttande og deltek i fellesskapet.
  • Personalet opptrer som støttande stillas for barna.

Læring og samanhengar

  • Barna kan setta ord på erfaringar med mat, råvarer, dyrking og matlaging.
  • Barna ser samanhengen mellom det dei dyrkar, haustar, lagar og et.
  • Barna utviklar praktiske ferdigheiter og større sjølvstende i kvardagen.
  • Kjøkkenhage, drivhuset og andre arenaer for dyrking blir aktivt brukt i det pedagogiske arbeidet.

 

Refleksjonsspørsmål
Matglede

  • Korleis legg me til rette for at barna får eit positivt og avslappa forhold til mat?
  • Får barna utforska og smaka utan press?
  • Kva gjer me for å skapa nysgjerrigheit rundt nye råvarer og smakar?

Medverknad og sjølvstende

  • Får alle barn reelle høve til å delta i arbeidet med maten?
  • Er oppgåvene tilpassa alder, utvikling og individuelle føresetnader?
  • Gir me barna nok tid til å prøva sjølve før me vaksne hjelper?

Måltidet som fellesskap

  • Korleis merkar me at måltidet er prega av ro, nærvær og gode samtalar?
  • Er me vaksne til stades som deltakarar, eller blir me mest opptekne av det praktiske?
  • Kven tek plass i samtalane, og kven treng me å invitere meir inn?
  • Opptrer me som støttande stillas for barna?
  • Korleis sikrar me at måltidet blir ein inkluderande arena for alle?

Læring

  • Kva lærer barna gjennom arbeidet med mat og måltid?
  • Korleis brukar me dyrking, kjøkkenhage, drivhus og eigne råvarer i det pedagogiske arbeidet?
  • Ser barna samanhengen frå frø/råvare til ferdig måltid?

Fokusområde 2 - Fysisk aktivitet, glede og sunne helsevanar

Naturen som helseressurs

Naturen er ein viktig lærings- og utviklingsarena for barna. Gjennom dagleg fysisk aktivitet, naturkontakt, friluftsliv og rørsleglede får barna erfaringar som kan fremja fysisk og psykisk helse, meistring og livskvalitet.

Når barna får utforska naturen, bruka kroppen, møta passelege utfordringar og oppleva meistring, kan dei utvikla tryggleik, robustheit og tilknyting til naturen. Dei får og erfaring med å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen, og med å bruka og hausta naturressursar på ein berekraftig måte.

Dette betyr i praksis:

  • Barna får vera fysisk aktive kvar dag, og naturen blir brukt som ein viktig arena for rørsle, leik og samspel.
  • Me legg til rette for varierte rørsleerfaringar som stimulerer motorisk utvikling, balanse, koordinasjon, styrke og uthald.
  • Barna får møta fysiske utfordringar som er tilpassa alder, føresetnader og meistringsnivå.
  • Me gir barna tid og rom til å utvikla eigne leikar og aktivitetar som inneber rørsle.
  • Personalet er aktive deltakarar og gode rollemodellar for rørsleglede og fysisk aktivitet.

Naturkontakt/Natureffekten og meistring

  • Barna får vera ute kvar dag og oppleva naturen gjennom alle årstider og ulike værforhold.
  • Me gjennomfører faste turar og bruker ulike område og terreng i nærmiljøet.
  • Barna får utforska, undre seg, prøva og feile i møte med naturen.
  • Me legg til rette for risikoleik innanfor trygge rammer.
  • Personalet støttar barna i å vurdera eigne grenser og ta passelege utfordringar.
  • Barna får erfaring med å ta vare på seg sjølve og kvarandre i naturen.

Naturforståing og berekraft

  • Barna får erfaring med naturen sine kretsløp og samanhengar mellom menneske, natur og ressursar - Natureffekten.
  • Barna får konkrete erfaringar med å ta vare på naturen.
  • Barna får læra å bruka og hausta frå naturen på ein berekraftig måte.
  • Dyrking, kjøkkenhage og ev. drivhus blir brukt som pedagogiske læringsarenaer.
  • Me legg til rette for at barna utviklar haldningar og handlingar som bidreg til meir berekraftige samfunn.

Teikn på god praksis:

  • Teikna på god praksis skal vera noko me kan sjå, høyra eller observera i kvardagen.

Rørsleglede og motorisk utvikling

  • Barna viser glede, engasjement og initiativ i fysisk aktivitet.
  • Barna tek kroppen aktivt i bruk gjennom leik, utforsking og ulike former for rørsle.
  • Barna prøver ut nye rørsler og utfordringar.
  • Barna viser utvikling i motoriske ferdigheiter.
  • Barna opplever meistring og ønskjer å halde fram med aktivitetar som utfordrar dei.

Naturkontakt og meistring

  • Barna viser nysgjerrigheit og interesse for naturen.
  • Barna tek i bruk ulike terreng og naturmiljø i leik og utforsking.
  • Barna vågar å prøve nye utfordringar og vurderer eigne grenser.
  • Barna prøver igjen når noko er vanskeleg.
  • Barna hjelper og støttar kvarandre i leik og aktivitetar ute.

Omsorg for naturen

  • Barna viser omsorg for dyr, innsekt, planter og naturmiljø.
  • Barna tek vare på naturområda og behandlar naturressursane med respekt.
  • Barna deltek aktivt i dyrking, hausting og bruk av naturressursar.
  • Barna kan fortelja om eigne erfaringar med naturen og enkle samanhengar i naturen.
  • Barna viser gjennom handling at dei forstår at menneska påverkar naturen.

Personalet

  • Personalet er tilgjengelege og aktive saman med barna.
  • Personalet støttar barna utan å ta over utfordringane for dei, opptrer som støttande stillas.
  • Personalet balanserer tryggleik og utfordring slik at barna får høve til å utforska og meistra.
  • Personalet er gode rollemodellar for fysisk aktivitet, naturkontakt, omsorg og berekraft.

 

Refleksjonsspørsmål:
Rørsle og fysisk aktivitet

  • Får alle barn gode og varierte høve til fysisk aktivitet gjennom dagen?
  • Korleis stimulerer me barna si rørsleglede og motoriske utvikling?
  • Får barna utfordringar som er passeleg krevjande for dei?
  • Er me vaksne aktive rollemodellar?

Naturkontakt og meistring

  • Bruker me naturen som ein lærings- og utviklingsarena, eller er me først og fremst ute for å vera ute?
  • Får barna tid og rom til å utforska på eigne premisser?
  • Gir me barna nok høve til å prøva sjølve før me vaksne hjelper?
  • Korleis legg me til rette for risikoleik utan å ta frå barna høvet til å vurdera og meistra risiko?

Omsorg og fellesskap

  • Korleis lærer barna å ta vare på seg sjølve og kvarandre ute?
  • Ser me at barna hjelper og støttar kvarandre?
  • Korleis sikrar me at alle barn får delta og oppleva meistring?

Natur og berekraft

  • Får barna konkrete erfaringar med å ta vare på naturen?
  • Får barna bruka og hausta frå naturen på ein berekraftig måte?
  • Korleis gjer me berekraft til noko barna gjer, og ikkje berre noko me snakkar om?
  • Får barna forståing for at vala me tek i dag, kan påverka naturen og framtida?

Fokusområde 3 - Kvile, glede og sunne helsevanar

Kvile som grunnlag for utvikling, læring og livsmeistring

Kvile handlar om meir enn søvn. Barn treng ro, pausar, avspenning og høve til å hente seg inn att gjennom barnehagedagen. Ein god dag har ein balanse mellom aktivitet, leik, inntrykk, fellesskap og ro.

Barn har ulike behov for søvn, kvile og ro. Personalet skal vera merksame på barna sine signal og legga til rette for at dei kan regulera aktivitetsnivået sitt, finna ro og få den kvilen dei treng. Kvile skal vere ein naturleg og trygg del av barnehagedagen.

Barnehagen skal gi barna eit grunnlag for å utvikla gode rutinar for ro, kvile og avspenning. Gjennom kvardagslege erfaringar får barna øva på å kjenne igjen eigne behov, finna ro etter aktivitet og bli kjent med ulike måtar å henta seg inn att på.
Naturen kan og vera ein viktig arena for ro, nærvær og restitusjon. Å vera ute utan at alt må vere planlagt eller aktivitetsstyrt, kan gi barna høve til å observere, undra seg, sansa og finna sitt eige tempo.

Dette betyr i praksis:
Individuelle behov for søvn, kvile og ro

  • Me er merksame på at barn har ulike behov for søvn, kvile, ro og avspenning.
  • Me observerer barna sine signal og legg til rette når eit barn treng ein pause, mindre stimuli eller søvn.
  • Barn som treng å sova, får høve til å sova trygt og uforstyrra.
  • Barn som ikkje søv, får rolege og gode alternativ.
  • Me anerkjenner at det å ha behov for kvile er ein naturleg del av det å vera menneske.

Ro og avspenning som ein del av kvardagen

  • Me legg inn naturlege pausar gjennom dagen, særleg etter periodar med mykje aktivitet eller mange inntrykk.
  • Me tilbyr rolege aktivitetar som lesing, teikning, pusling, bygging, lytting, samtalar og andre aktivitetar som inviterer til konsentrasjon og nærvær.
  • Barna får høve til å trekka seg litt tilbake og velja aktivitetar som gir dei ro og påfyll.
  • Me gjer barna kjende med enkle måtar å finne ro på, til dømes pust, avspenning, barneyoga og enkle merksemdsøvingar.
  • Slike aktivitetar blir introduserte på ein leiken, frivillig og alderstilpassa måte. Målet er ikkje at alle skal gjera det same, men at barna skal få erfaring med ulike måtar å regulere seg og finna ro på.

Eit roleg og føreseieleg miljø

  • Me legg til rette for rolege soner og skjermar barna frå unødvendig støy og uro.
  • Me er medvitne på eigen stemmebruk, tempo og aktivitetsnivå.
  • Me gir barna tid til å avslutta aktivitetar og finna ro før dei går over til noko nytt.
  • Me unngår at dagen blir unødvendig tettpakka med aktivitetar og overgangar.
  • Me skaper ein atmosfære/kultur der det er trygt å vera både aktiv, stille, sosial og for seg sjølv.

Balanse mellom aktivitet og kvile

  • Me organiserer dagen med ein god rytme mellom aktivitet, leik, fellesskap, måltid, overgangar og kvile.
  • Me legg inn pausar når barna treng det, og når det ikkje står på “planen”.
  • Me tilpassar tempo og aktivitet til barnegruppa og enkeltbarn.
  • Me er merksame på at mykje aktivitet, lyd og mange inntrykk kan krevja ekstra tid til nedregulering og kvile.

Natur som arena for ro og nærvær

  • Me bruker naturen som ein arena for ro, sansing, undring og fordjuping.
  • Barna får oppleva at ein kan vere ute utan at det alltid må vere ein planlagt aktivitet.
  • Me gir rom for å stoppa opp, lytta, observera og vera i sitt eige tempo.
  • Me støttar barna i å oppdaga kva som gir dei ro og godt påfyll.

Personalet som trygge og støtte for regulering

  • Me er tilgjenglege og hjelper barna med å regulera seg når dei treng det.
  • Me møter uro og behov for pause med forståing, ikkje som noko som skal korrigerast vekk.
  • Me respekterer når eit barn treng å trekka seg tilbake eller ha ein pause.
  • Me er gode rollemodellar for ro, nærvær og eit balansert tempo.
  • Me reflekterer over korleis vår eigen organisering, stemmebruk og aktivitet påverkar roen i miljøet.

 

Teikn på god praksis:
Teikna på god praksis skal vera noko me kan sjå, høyra eller observera i kvardagen.

Tryggleik og sjølvregulering

  • Barna verkar trygge og finn ro når dei treng det.
  • Barna kjenner igjen og uttrykkjer behov for pause, kvile eller mindre stimuli.
  • Barna får støtte til å gå frå høg aktivitet til ro på ein god måte.
  • Barna verkar utkvilte og har overskot til leik, læring og sosialt samspel.

Ro, avspenning og fordjuping

  • Barna tek initiativ til rolege aktivitetar.
  • Barna kan halda på med aktivitetar som krev konsentrasjon og nærvær over tid.
  • Barna får erfaring med ulike måtar å finna ro og regulera kroppen på.
  • Barn deltek frivillig i enkle puste-, avspennings-, yoga- eller merksemdsøvingar når dei får tilbod om det.
  • Barna opplever at ro og kvile er ein naturleg del av dagen, ikkje eit avbrot frå det som er viktig.

Individuelle behov

  • Barn som treng søvn, får høve til det.
  • Barn som ikkje søv, får gode og meiningsfulle alternativ.
  • Det finst ulike måtar å kvile og hente seg inn att på.
  • Barna opplever det som trygt og akseptert å ha behov for ein pause.

Balanse og rytme

  • Barnehagedagen har ein god rytme mellom aktivitet og ro.
  • Det er tid til å landa etter fysisk aktivitet, turar og andre krevjande situasjonar.
  • Overgangar skjer utan unødig stress og hastverk.
  • Personalet justerer tempo og aktivitet når dei ser at barnegruppa treng meir ro.

Natur og ro

  • Barna bruker naturen til både aktivitet og ro.
  • Barna kan stoppa opp, observera og undra seg utan at ein vaksen alltid må setja i gang noko.
  • Barna viser glede og nærvær i rolege naturopplevingar.

Personalet

  • Personalet fangar opp signal om behov for kvile og ro.
  • Personalet gir barna tid og rom framfor å skunde dei vidare.
  • Personalet er rolege og tilgjengeleg i møte med barna.
  • Personalet er medvitne om korleis dei sjølve bidreg til ro eller uro i miljøet.

 

Refleksjonsspørsmål:
Individuelle behov

  • Korleis fangar me opp at eit barn treng søvn, kvile, ein pause eller mindre stimuli?
  • Har me gode nok løysingar for barn som søv, og for barn som ikkje søv?
  • Får barna reell medverknad på kva som hjelper dei å finna ro?

Ro og avspenning

  • Har barna nok erfaring med rolege aktivitetar gjennom dagen?
  • Kva gjer me for å læra barna enkle strategiar for å finna ro?
  • Bruker me pust, avspenning, yoga eller merksemdsøvingar på ein måte som er leiken, frivillig og tilpassa barna?
  • Er målet å skapa ro for barna nødvendig – eller blir aktivitetane i seg sjølve eit nytt krav?

Miljø og organisering

  • Har me rom og soner der barn kan finna ro?
  • Korleis påverkar lydnivå, tempo og overgangar barna sin moglegheit til å regulere seg?
  • Er dagane våre for tettpakka?
  • Gir me barna nok tid til å avslutta, landa og starta på nytt?

Balanse

  • Har me ein god balanse mellom fysisk aktivitet, leik, fellesskap, fordjuping og kvile?
  • Kva skjer etter periodar med mykje aktivitet eller mange inntrykk?
  • Er me gode nok til å justera planen når barna treng meir ro?

Natur

  • Korleis brukar me naturen som arena for ro og restitusjon?
  • Får barna høve til å vere ute/inne utan at alt må vere organisert og aktivitetsstyrt?
  • Kva ser me hjå barna når dei får tid til å stoppa opp og vera i sitt eige tempo?

Fokusområde 4 – Trygt og inkluderande barnehagemiljø for alle barn

Fellesskapet som helseressurs

Å oppleva at ein høyrer til, er grunnleggjande for helse, trivsel, utvikling og livsmeistring. Barn treng å erfara at dei har ein plass i fellesskapet, at dei betyr noko for andre, og at dei kan vera seg sjølve saman med andre.
Alle barn skal oppleva tryggleik, tilhørigheit og respekt i barnehagen. Eit inkluderande barnehagemiljø handlar om meir enn fråvær av mobbing og krenkingar. Det handlar om å bygga eit fellesskap der barna får positive relasjonar, opplever medverknad og får støtte til å delta i leik, aktivitetar og sosialt samspel.

Alle vaksne har ansvar for å sjå, støtta og inkludera alle barn. Personalet skal vera nær barna, fanga opp signal på om dei er utrygge og utanfor og arbeida systematisk for at alle skal få oppleva å høyra til.

Lovgrunnlag – barnehagelova §§ 41, 42 og 43
Arbeidet med eit trygt og inkluderande barnehagemiljø er forankra i barnehagelova kapittel VIII om psykososialt barnehagemiljø.

§ 41 – Nulltoleranse og førebyggjande arbeid
Barnehagen skal ha nulltoleranse for krenkingar som utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Alle som arbeider i barnehagen, skal gripa inn når eit barn blir utsett for slike krenkingar.

Barnehagen skal arbeida kontinuerleg og førebyggjande for å fremja helse, trivsel, leik og læring.

§ 42 – Aktivitetsplikt
Alle som arbeider i barnehagen, skal fylgja med på korleis barna har det.

Når ein tilsett får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal det meldast frå til styrar. Barnehagen skal undersøkja saka snarast og setje inn eigna tiltak når det er nødvendig.

Når eit barn eller foreldra seier at barnet ikkje har det trygt og godt, skal barnehagen undersøka saka og sørga for at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø så langt det finst eigna tiltak.

Når det skal gjerast tiltak i ei sak, skal barnehagen laga ein skriftleg plan, i Sikker Sak, som viser kva problem tiltaka skal løysa, kva tiltak som skal setjast inn, når dei skal gjennomførast, kven som har ansvar, og når tiltaka skal evaluerast.

§ 43 – Skjerpa aktivitetsplikt
Dersom ein tilsett får mistanke om eller kjennskap til at ein annan tilsett krenkjer eit barn, skal dette meldast frå til styrar straks. Dersom det er styrar som krenkjer barnet, skal det meldast direkte til barnehageeigar.

Undersøking og tiltak skal setjast i verk straks.

Alle tilsette har dermed eit ansvar for å sjå, handla og melda frå når eit barn ikkje har det trygt og godt.

Dette betyr i praksis:         
Tryggleik og tilhørigheit

  • Alle vaksne har ansvar for alle barn, og arbeider aktivt for at kvart barn skal oppleva tryggleik og tilhørigheit.
  • Alle barn har ein primærkontakt som kjenner barnet godt og har eit særleg ansvar for å følgja opp barnet og familien.
  • Barn og personale har ein fast base/gruppe som gir føreseielegheit, tryggleik og tilhøyrigheit.
  • Me møter barna med varme, anerkjenning og respekt.
  • Me er merksame på barn som ofte trekker seg unna, blir ståande på utsida eller har vanskar med å finna sin plass i gruppa.
  • Me undersøker korleis barnet sjølv opplever situasjonen, og tek barnet si oppleving på alvor.
  • Me tek signal om utryggleik, einsemd, konflikt eller utanforskap på alvor og handler på signala.

Vennskap og relasjonar

  • Me arbeider aktivt for at alle barn skal få høve til å utvikla vennskap og positive relasjonar.
  • Me støttar barn som treng hjelp til å koma inn i leik og aktivitetar.
  • Me hjelper barna med å tolka kvarandre, løysa konfliktar og finna gode måtar å vera saman på.
  • Me legg til rette for leik og aktivitetar der barn kan møtast på tvers av alder, interesser og føresetnader.
  • Me er medvitne om at fellesskap ikkje oppstår av seg sjølv – personalet må vera aktive og tilgjengelege.

Inkludering og deltaking

  • Me legg til rette slik at alle barn kan delta i fellesskapet ut frå eigne føresetnadar.
  • Me tilpassar aktivitetar, leikemiljø og organisering slik at fleire får høve til å delta.
  • Me er merksame på faste sosiale mønster der dei same barna alltid leikar saman, vel kvarandre eller får dei same rollene.
  • Me hjelper barna til å sjå kvarandre og oppdaga ulike styrkar, interesser og perspektiv.
  • Me arbeider aktivt mot utenforskap, utestenging og negative sosiale mønster.
  • Me sørger for at barn som treng ekstra støtte, får dette utan å bli unødvendig skilt frå fellesskapet.

Barn sin medverknad

  • Me tek barna sine uttrykk, initiativ og meiningar på alvor.
  • Barna får påverka innhald, aktivitetar, leikemiljø og kvardagen sin ut frå alder og føresetnader.
  • Me lyttar til barna og når dei uttrykker seg gjennom handlingar, kroppsspråk og leik.
  • Me hjelper barna til å setta ord på eigne behov og grenser.
  • Me legg til rette for at barna kan påverka fellesskapet og ikkje berre eigne val.

Personalet som støttande stillas

  • Me legg tilrette det fysiske miljøet med mål om at barna skal trivast, og lukkast.
  • Me er nær nok til å støtte barna, men gir dei samtidig rom til å prøva sjølve.
  • Me hjelper barna inn i leik og sosialt samspel når dei treng det.
  • Me støttar barna i å utvikla språk, sosial kompetanse, sjølvstende og evne til problemløysing.
  • Me tilpassar støtta etter barnet sine føresetnader og tek gradvis mindre plass når barnet meistrar meir sjølv.
  • Me bruker relasjonen til barna som grunnlag for læring, utvikling og meistring.

Nulltoleranse og førebyggjande arbeid

  • Me har nulltoleranse for utestenging, mobbing, vald, diskriminering, trakassering og andre krenkingar.
  • Me grip inn når me ser eller får kjennskap til krenkingar.
  • Me arbeider systematisk og førebyggjande for å fremja helse, trivsel, leik og læring.
  • Me har felles forståing av kva som kan vera krenkingar og utanforskap, og kva ansvar den enkelte tilsette har.
  • Me skaper ein kultur der det er trygt for både barn og vaksne å sei frå.

Følgje med, undersøka og handla

  • Me følgjer aktivt med på korleis alle barn har det i leik, aktivitetar, overgangar og kvardagsrutinar.
  • Me er særleg merksame på endringar i åtferd, relasjonar, deltaking og trivsel.
  • Me melder frå til styrar når me får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har det trygt og godt.
  • Me undersøker situasjonen snarast og lyttar til barnet si eiga oppleving.
  • Me set inn eigna tiltak når det er nødvendig.
  • Me dokumenterer i Sikker Sak, følger opp og evaluerer tiltak som blir sette inn.
  • Me kjenner og følgjer barnehagen sine rutinar for aktivitetsplikta.

Skjerpa aktivitetsplikt

  • Me kjenner den skjerpa aktivitetsplikta etter § 43.
  • Me melder straks frå dersom ein tilsett får mistanke om eller kjennskap til at ein tilsett krenker eit barn.
  • Me har ein kultur der det er tydeleg at lojaliteten først og fremst ligg hjå barnet og barnet sin rett til eit trygt og godt barnehagemiljø.
  • Me set i gang undersøking og nødvendige tiltak straks når § 43 kjem til bruk.

Samarbeid med heimane

  • Me byggjer tillitsfulle relasjonar med føresette.
  • Me deler observasjonar og informasjon som kan bidra til at barnet får ein trygg og inkluderande kvardag.
  • Me lytter til føresette si kunnskap om barnet og ser denne i samanheng med barnehagen sine observasjonar.
  • Me tek føresette sine bekymringar på alvor og undersøker når dei uttrykkjer uro for barnet sitt psykososiale miljø.
  • Me samarbeider og involverer føresette/barnehagen tidleg når eit barn strever med relasjonar, deltaking eller tilhørigheit.

Teikn på god praksis:
Teikna på god praksis skal vera noko me kan sjå, høyra eller observera i kvardagen.

Tryggleik og tilhøyrsle

  • Barna verkar trygge på dei vaksne og i miljøet.
  • Barna søker hjelp og støtte hjå vaksne når dei treng det.
  • Barna viser at dei opplever å høyre til i gruppa.
  • Barna tek initiativ til kontakt med både barn og vaksne.
  • Kvart barn har ein naturleg og synleg plass i fellesskapet.

Vennskap og relasjonar

  • Barna har positive relasjonar og opplever glede i samspel med andre.
  • Barna inviterer kvarandre inn i leik og aktivitet.
  • Barna viser omsorg, hjelper kvarandre og tek omsyn.
  • Barn som treng støtte, får hjelp til å kome inn i leik.
  • Personalet er merksame på barn som ofte står utanfor.

Inkludering og deltaking

  • Alle barn deltek i fellesskapet på måtar som er tilpassa dei.
  • Barna får delta utan å måtte vera like eller meistra det same.
  • Barna opplever at ulikskap er ein naturleg og verdifull del av fellesskapet.
  • Det er ikkje faste grupper av barn som systematisk blir ståande utanfor.
  • Personalet tilpassar miljø og aktivitetar når dei ser at nokon ikkje får delta.
  • Personalet gir barn som ikkje deltar i leik og fellesskapet den støtta dei treng for å delta.

Medverknad

  • Barna blir lytta til og opplever at meiningane deira har betydning.
  • Barna kan påverke deler av kvardagen og fellesskapet.
  • Barna får uttrykkje eigne grenser, behov og ønskje.
  • Personalet fanger opp og tek på alvor også dei barna som uttrykker seg lite verbalt.

Personalet

  • Alle vaksne tek ansvar for alle barn.
  • Personalet er nærværande og tilgjengelege i leik og sosialt samspel.
  • Personalet støttar utan å overta.
  • Personalet hjelper barna til å meistra meir sjølve over tid.
  • Personalet ser både enkeltbarnet og gruppa samtidig.
  • Personalet grip tidleg inn når dei ser teikn på utenforskap eller barn som er utrygge.
  • Personalet er gode rollemodellar for respekt, omsorg og inkludering.

Aktivitetsplikta

  • Personalet følgjer aktivt med på korleis barna har det.
  • Personalet veit når og korleis dei skal melde frå til styrar.
  • Barnet si eiga oppleving blir undersøkt og teken på alvor.
  • Bekymringar blir undersøkte raskt og analysert.
  • Tiltak blir sett inn når eit barn ikkje har det trygt og godt.
  • Tiltak blir dokumenterte, fulgt opp og evaluerte.
  • Personalet kjenner den skjerpa aktivitetsplikta og veit kva dei skal gjera dersom ein tilsett krenkjer eit barn.

Samarbeid med heimane

  • Føresette opplever at dei blir lytta til og tekne på alvor.
  • Det er open dialog om barnet sin trivsel og tilhørigheit.
  • Barnehage og heim samarbeider om å støtta barnet når det oppstår utfordringar.

 

Refleksjonsspørsmål:
Tryggleik og tilhøyrsle

  • Korleis veit me om kvart enkelt barn opplever at det høyrer til?
  • Korleis undersøker me barnet si eiga oppleving av barnehagemiljøet?
  • Er det barn me ser mindre enn andre?
  • Har alle barn ein trygg relasjon til minst ein vaksen?

Vennskap og leik

  • Kven leikar saman – og kven gjer det sjeldan?
  • Er det barn som ofte må venta på å bli invitert inn?
  • Korleis støttar me barn som strevar med å koma inn i leik?
  • Når hjelper me barna, og når tek me over for mykje?

Inkludering

  • Har alle barn reell tilgang til fellesskapet?
  • Kva kan vera usynlege barrierar for deltaking i vår barnehage?
  • Tilpassar me miljøet til barna, eller forventar me at barna skal tilpasse seg miljøet?
  • Er det situasjonar eller aktivitetar der enkelte barn systematisk fell utanfor?

Medverknad

  • Kven sine stemmer høyrer me mest?
  • Korleis fangar me opp dei barna som uttrykker seg lite verbalt?
  • Får barna påverka fellesskapet, eller berre eigne val?
  • Korleis viser me barna at meiningane deira har betydning?

Aktivitetsplikta

  • Følgjer me godt nok med på korleis alle barn har det?
  • Kva gjer me når me blir uroa for eit barn?
  • Er alle tilsette trygge på når dei skal melda frå til styrar?
  • Har me låg nok terskel for å undersøka ei uro?
  • Korleis sikrar me at barnet si eiga oppleving blir undersøkt?
  • Kva gjer me for å sikra at tiltak faktisk fører til at barnet får det betre?
  • Kjenner alle tilsette den skjerpa aktivitetsplikta etter § 43?
  • Har me ein kultur der det er trygt å melda frå dersom ein kollega krenker eit barn?

Personalet si rolla

  • Er alle vaksne trygge på at dei har ansvar for alle barn?
  • Korleis fungerer primærkontaktordninga?
  • Er me nær nok barna til å oppdaga utanforskap?
  • Klarer me å vere støttande stillas utan å gjere barna avhengige av vaksenstøtte?
  • Korleis påverkar våre eigne haldningar, forventningar og handlingar fellesskapet?

Samarbeid med heimane

  • Korleis brukar me føresette sin kunnskap om barnet?
  • Har me låg nok terskel for å ta opp bekymringar?

5. Overgangar

5.1 Tilvenning av nye barn

Me legg stor vekt på at oppstarten i barnehagen skal vera trygg og føreseieleg. Alle nye barn får ein fast primærkontakt i personalet. Tilvenninga vert tilpassa det einskilde barnet sine behov i tett dialog med føresette. Me nyttar Trygghetssirkelen for å skapa ei trygg havn for barnet i den nye kvardagen.

5.2 Overgang mellom avdelingar

Intern overgang frå småbarns- til storbarnsavdeling vert planlagt i god tid om våren. Barna går på besøk til si nye avdeling, deltek i leikegrupper og vert kjende med det nye personalet og dei fysiske rammene før oppstart i august.

5.3 Samarbeid med Opedal skule

Veisane barnehage har eit tett og strukturert samarbeid med Opedal skule for å sikra ein trygg og god overgang for skulestartarane i tråd med kommunen sine rutinar:

  • Skulestartargruppe gjennom heile det siste barnehageåret.
  • Besøksdagar på skulen og SFO om våren.
  • Samarbeid med Sekse barnehage, heile det siste barnehageåret.
  • Felles møter mellom pedagogiske leiarar, skule og PPT for utveksling av erfaringar og tilrettelegging.

6. Vurdering av pedagogisk arbeid i barnehagen

Satsinga på kontinuerleg vurdering i barnehageåret 2026/2027 er delt i tre tydelege nivå for å sikre at evaluering fører til reell kvalitetsskaping og endring i praksis:

  • Nivå 1 – Månadleg kvalitetsvurdering (Pedagogisk refleksjon): 
    Gjennomførast på gruppemøte/avdelingsmøte kvar månad (sjå Vedlegg 2). Personalet reflekterer over: Kva aktivitetar vart gjennomførte? Kva ser me hjå barna (teikn på trivsel, meistring, medverknad, inkludering)? Kva fungerte bra, og kva tiltak må setjast i gang neste månad?
  • Nivå 2 – Halvårsvurdering (Internkontroll og kvalitetsoppfølging): 
    Gjennomførast i desember og juni (sjå Vedlegg 3). Leiarteamet vurderer om årsplanen og årshjulet vert følgde, oppfølging av ROS-analysar i Compilo, og progresjonen i prosjektet Livsmeistring og helse.
  • Nivå 3 – Årsvurdering (Kvalitetsrapport): 
    Ved slutten av barnehageåret skrives ein samla kvalitetsrapport (sjå Vedlegg 4). Rapporten oppsummerer resultat, barna sine stemmer, foreldra sine erfaringar og set prioriterte utviklingsområde for neste år.

6.1 Forsking, utvikling og tverretatleg samarbeid

Veisane barnehage held fram med det utviklingsprosjektet om livsmeistring og helse i samarbeid med:

  • Daniela Brühl: Kommuneoverlege og prosjektleiar
  • Geir Sverre Braut: Seniorrådgjevar/forskar ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS)
  • Marianne Ree: Førsteamanuensis i pedagogikk (FILIORUM/Universitetet i Stavanger)

Gjennom dette samarbeidet sikrar me at barnehagen sin praksis er forskingsbasert, vert evaluert fortløpande og bidreg til ny kunnskap innan folkehelse og tidleg innsats for barn.

I tillegg nyttar barnehagen BTI-modellen (Bedre Tverrfaglig Innsats) og samarbeider ved behov med fysioterapaut, helsestasjon, PPT, logoped, barnevern og verksemd for inkludering.

6.2 Didaktisk praksis og den didaktiske relasjonsmodellen

I barnehageåret 2026/2027 forsterkar me eit helskapleg didaktisk arbeid der planlegging, gjennomføring og vurdering heng saman. Me legg den didaktiske relasjonsmodellen til grunn for alt pedagogisk arbeid på avdelingane:

Veisane barnehage - Didaktisk element
Didaktiske elementSlik vert det operasjonalisert i Veisane barnehage
Læringsføresetnader, barnaMe tek utgangspunkt i barnets kjende erfaringar, modning, interesser og kjenslemessige tilstand. Barna sine stemmer vert kartlagde gjennom observasjon og verktøy som Vennebussen.
RammefaktorarAktiv bruk av nærområdet (Mjøstølen, ev. drivhuset, kjøkkenhagen, naturen i nærområdet), bemanning, tidsrammer, alderssamansetning og tilpassing av fysisk leikemiljø.
MålKnytta direkte til Barnehageloven, Rammeplanen og dei 4 fokusområda for Livsmeistring og helse. Måla beskriv kva barna skal oppleva, erfara og meistra.
InnhaldPraktiske kvardagsaktivitetar: Måltidsarbeid frå frø/jord til mat, risikoleik i naturen, strukturert ro/kvile, og relasjonsarbeid ut frå Trygghetssirkelen (COS).
ArbeidsmåtarBarns medverknad, vaksenrolla som støttande stillas (større, sterkare, klokere og god), lærande møter, deling i mindre grupper, og utforskande læring.
VurderingKontinuerleg reflekterande praksis: Månedlig kvalitetsvurdering (Nivå 1), Halvårsvurdering (Nivå 2) og Årsvurdering (Nivå 3).

Arrangement, møter og kurs

Arrangement

  • Veke 38: Nasjonal brannvernveke (Ped. leiarar)
  • 29.09.2026: Epledagen - (Ped. leiarar)
  • 02.12.2026: Lysfest med føresette og søsken (Elin, Trond, Randi)
  • 18.12.2026: Nissefest for barna (Eldrid, Vijitha, Jorid, Abinaya)
  • 11.02.2027: Karneval med tema på gruppene, barnehagen har kostyme (Lene, Kirsti, Kristine, Hassan og Agnieszka)
  • 04.03.2027: Solfest (Randi, Elise, Tan)
  • 11.03.2027: Barnehagedagen (Ped. leiarar)
  • 18.03.2027: Påskefrukost m/føresette og søsken. (Trond. Abinaya, Kirsti, Åshild)
  • 16.06.2027: Avslutning for skulestartarane med føresette og søsken. Abinaya og Marianne

Foreldremøter

  • 23.09.2026
    22.02.2027
    02.06.2027, for nye foreldre hausten 2026
    07.06.2027

SU-møter

28.09.2026
01.02.2027
07.06.2027

Kurs

Førstehjelpskurs for personalet: våren 2027

Godkjent årsplan

  • 28.09.2026: Årsplan for Veisane barnehage 2026/2027 er fastsett av samarbeidsutvalget, SU, ved Veisane barnehage.