Innleiing
Hovudoppgåver for barnehagen
Barnehagen skal vera ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gje barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vera ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngjeve i barnehagelova og rammeplanen.
Organisering av barnehagen
Utne barnehage er ein to-avdelings barnehage, godkjent for 36 plassar. Barnehagen ligg i sentrum av Utne, med eit rikt nærområde. Me har fantastisk natur rundt oss, og barnehagen nyttar denne både til korte og lengre turar.
Rundt oss finn me og fjorden, gardar, ferja- og båttrafikk, matbutikk, legekontor, bibliotek, Hardanger folkemuseum, Utne hotell og kyrkja. Barnehagen er opptekne av samarbeid med nærmiljøet, og har mellom anna fast opplegg med museet og biblioteket. Kvardagen er prega av leik, læring og glede og dei tilsette er aktive, tydelege og trygge vaksne. Me fordeler ofte i mindre grupper, for at kvart enkelt barn skal kjenne seg trygge, trivast og meistra ut i frå eigne føresetnadar.
Barnehagen har eit særskilt fokus på mat og måltid, og me serverer alle måltid i barnehagen (frukost, lunsj og frukt/grønt). Me bakar vårt eige barnehagebrød, og har smørelunsj fire dagar i veka. Ein dag i veka har me varmlunsj med fokus på fisk. Til frukost får barna servert havregraut.
Me har ei stabil personalgruppe som barna kjenner godt, med utdanna barnehagelærarar og spesialpedagog i full stilling som jobbar både med vedtak, men og førebyggjande arbeid.
Visjon og mål
Visjonen til Utne barnehage er “Ein god start - tryggleik, leik og læring - ein barndom full av moglegheiter”.
Utne barnehage skal vera ein plass der alle skal oppleva å vera ein del av fellesskapen, oppleva glede og meistring, uavhengig av bakgrunn.
Måla for barnehagen
- Barna i Utne barnehage skal trivast og ha eit godt og utviklande leike- og læringsmiljø.
- Føresette i Utne barnehage skal oppleve at dei har eit godt barnehagetilbod for seg og barna.
- Dei tilsette skal trivast og arbeide for barna sitt beste, med fokus på enskild barn og barnegruppa.
- Barna i Utne barnehage skal ha venner, og delta i fellesskapen.
- Barna i Utne barnehage skal få vera med å medverka, og verta anerkjent for den dei er.
- Å gje barna i Utne barnehage eit miljø som er prega av meistring, glede, humor, kreativitet og omtanke for fellesskapen.
Hovudoppgåver
Barn og barndom
Barnehagen skal anerkjenne og ivareta barndomen sin eigenverdi. I Utne barnehage er me opptekne av å gje alle barn opplevinga av den gode barndom. Dette barnesynet tar utgangspunkt i at kvart barn er kompetent og eit likeverdig medmenneske. Barna lærer og utvikler seg i samspel med andre, og dei vaksne skal leggja til rette for dette. Barna skal møtast med respekt og empati. Me er bevisste på at barn skal få vera barn, leik er noko av det viktigaste me gjer i barnehagen, og dei vaksne har fokus på gode relasjonar i leiken. Me vil at barn og vaksne skal trivast og ha eit godt og utviklande miljø.
Slik ser ein dette i praksis:
- Dei tilsette er støttande og tilstade, og ser kvart behov.
- Dei tilsette skal leggja til rette for meistring, der barnet er i utvikling.
- Dei tilsette skal leggja til rette for utvikling, både for individet og for fellesskapen.
- Barna medverkar til sin kvardag.
- Dei tilsette jobbar med å skapa eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø.
- Dei tilsette og foreldra har eit tett og opent samarbeid.
- Innbydande fysisk leikemiljø.
Demokrati
I følgje Rammeplanen skal barnehagen fremja demokrati og vera eit inkluderande fellesskap. Mellom anna skal barna få oppleva at dei får bidra og medverka til innhaldet i barnehagen uavhengig av kommunikasjonsevner og språk. Barna må difor gjevast moglegheit for å ytra seg, verta høyrd og få delta. Barna erfarer at deira stemme vert høyrd og at det vert gjennomført det dei kjem med ynskje om. Dei vil få ei forklaring om utfallet ikkje vert som dei ønskjer, om deira forslag ikkje vert møtt.
Slik ser ein dette i praksis:
- Me observerer og fanger opp barna sine interesser og tilretteleggjer deretter.
- Barna vert oppmuntra til å koma med innspel om korleis dei vil ha det i barnehagen, og får oppleva at dei tilsette høyrer på dei, og tek dei på alvor.
- Barna får bestemme sjølv konkrete ting i kvardagen.
- Dei tilsette snakkar om demokrati på ein måte som er forståeleg.
- Dei tilsette prøvar å forstå barnet sine handlingsmønster, og prøvar å setja seg inn i deira situasjon.
- Dei tilsette har ein grunnleggjande forståing for barndomen sin eigenverdi.
- Dei tilsette jobbar for eit inkluderande barnehagemiljø.
- Dei tilsette ser barna sine forskjellar som ein styrke.
- Dei tilsette ser ressursane til alle og bygger vidare på desse.
- Dei tilsette gjev rom for at alle barn får bidra og medverka, uavhengig av uttrykksform.
Mangfald og gjensidig respekt
I barnehagen skal me fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleva at det er mange måtar å tenkja, handla og leva på.
I Utne barnehage gjev me rom for ulikskap, alle er ein del av og har sin plass i fellesskapen. Alle barn er forskjellige og har ulik bakgrunn. Me markerer ulike høgtider som er representert i barnegruppa; Samene sin nasjonaldag, Rockesokk-dagen m.m. Me synleggjer og eit mangfald i familieform, og syt for at alle i barnehagen får spegla sin familie.
Alle barn skal kjenna seg sett og anerkjent ved at dei tilsette møter dei på ein inkluderande måte, og arbeider med å inkludera det enkelte barn i fellesskapen. Dei tilsette har eit ansvar for å etablera relasjon til barnet, verdsetja kvart enkelt barn og gleda seg over det dei bidreg med inn mot fellesskapen.
Slik ser ein dette i praksis:
- Samtale og undre seg saman med ungane om likskap og ulikskap i dagleg dialog.
- Anerkjenne likskap og ulikskap i barnehagen.
- Familieplakat
- Synleggjera eit mangfald i familieform
- Sjå og snakke om kvar barna bur
- Markere viktige høgtider i dei ulike religionene som er representert i gruppa.
- Sjå ulikskap som ein styrke.
- Jobba for at me skal akseptera og respektera at me er ulike.
- La alle barna få vera i fokus; vekas hjelper, barnesamtalar m.m.
- Fokus på lokale tradisjonar og kulturar
Likestilling og likeverd
Likestilling handlar om relasjonar og om å sjå og leggje forholda til rette for pedagogisk verksemd som ikkje reproduserer tradisjonelle kjønnsrollemønstre.
Alle barn skal ha lik moglegheit til å bli sett og høyrd, og barnehagen må leggja til rette for at barna blir oppmuntra til å delta i fellesskapen. Dette betyr ikkje at alle skal vera like, men at alle skal ha like moglegheiter.
Me har alle med oss ulike verdiar og haldningar, noko er me bevisste, andre ikkje - og alt dette vil påverka handlingane våre. I barnehagen skal me ha ein felles praksis, og dei tilsette må difor arbeida med å reflektera over eigen praksis i møte med barna. Korleis kan me sikra at alle barna får dei same moglegheitane til å læra og utvikle seg på dei områda dei er interesserte i.
Slik ser ein dette i praksis:
- Dei tilsette har ei bevisst haldning til val av fargar, leiker, utkledningskle, ordbruk og litteratur.
- Dei tilsette er bevisst si rolle og er gode rollemodellar.
- Barnehagen jobbar med vaksenrolla på eigne møter.
- Dei tilsette er bevisste på, og har ei felles forståing av at det ikkje er jente-/gutekle, fargar, leiker, bøker, yrker m.m.
- Dei tilsette gjer barn eit tilpassa tilbod slik at alle barn kan nytta seg av det allmennpedagogiske tilbodet i barnehagen.
- Alle barn får tilbod om same mat.
- Alle barn får tilbod om same leiker.
- Barnehagen synleggjer mangfald gjennom leiker, til dømes ha dukker i ulike etnisitetar og kjønn.
- Dei tilsette har fokus på barnet sine gode kvalitetar.
- Alle barn får høve til å delta ut frå sine forutsetningar, like moglegheiter, men ulike utgangspunkt.
- Synleggjer ulike tradisjonar og høgtider som er representert i barnehagegruppa, men og andre.
- Me jobbar med sosial kompetanse i alle kvardagssituasjonar og tilrettelagte aktivitetar.
- Brukar ulike opplegg og digitale hjelpemiddel som kan vera med på å fremja språk.
Berekraftig utvikling
Barnehagen har eit stort fokus på berekraftig utvikling. Med det har me fokus på at me menneske imøtekjem dagens behov utan å øydeleggja for at komande generasjonar skal få dekka sitt behov. Me vaksne har ei viktig oppgåve å læra barna om dette, mellom anna korleis me tek vare på oss sjølv, tek vare på naturen og omgivnadene rundt oss. Me nyttar nærmiljøet mykje i dette arbeidet. Målet med dette er at me vil bidra til at barna vert glad i, kjenner seg heima og ønskjer å ta vare på naturen, slik at menneska som bur her etter oss skal få oppleva det same. Nyfikne og undrande barn vil ta med seg desse erfaringane til seinare i livet og kunne handla og nyttiggjera seg av naturen og ressursane på ein god og berekraftig måte.
Slik ser ein dette i praksis:
- Dei tilsette har fokus på å skape gode vanar for barna som dei tek med seg vidare i livet.
- Barna får erfaring med gjenbruk og bruk av naturmateriale i ulike aktivitetar.
- Behandla leiker og utstyr på ein måte som gjer at dei varar.
- Vera bevisste på kor mykje mat me kastar og reflektera over kva me kan gjera for å minske matsvinnet.
- Me nyttar Bokashi til matsortering .
- Me kjeldesorterar alt
- Barna får kjennskap til naturen som ressurs, kortreist mat.
- Me dyrker våre eigne grønsaker i kjøkenhagen vår.
- Vera undrande, interesserte og nysgjerrige vaksne.
- Leggja til rette for gode naturopplevingar slik at barna trivst og vil ta vare på naturen og miljøet.
- Gjere barna bevisste på samanhengar, til dømes kva som kan skje viss det ligg boss i naturen.
- Gjenbruk
- Barna er med og plukker boss på tur.
Livsmeistring og helse
I Utne barnehage legg me vekt på tryggleik og trivnad. Det er viktig at barna får ei oppleving av tryggleik heilt frå start, og at ein arbeidar for at barna skal trivast i barnehagen. Me legg vekt på glede i kvardagen, og har aktivitetar som skapar glede og godt humør. Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader.
Livsmeistring handlar om å utvikle ferdigheiter og tileigna seg praktisk kunnskap som hjelper den enkelte til å handtera medgang, motgang, personlege utfordringar, alvorlege hendingar og konflikter på best mogleg måte. Gjennom å ha fokus på livsmeistring og helse skal me førebyggja krenking og mobbing, og førebyggja og oppdaga barn som er utsett for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep.
Like viktig som den fysiske helsa er og den psykiske helsa - barnehagen skal bidra til barna sin trivnad, livsglede, meistring og kjensle av eigenverdi.
Slik ser ein dette i praksis:
- Tilretteleggja for at alle opplever meistring
- Dei tilsette tilpasser aktiviteter etter det enkelte barnets utvikling, og stiller krav slik at alle barn vert utfordra - men og får meistringskjensle.
- Dei tilsette stiller tydelege og klare forventningar som barna forstår.
Verdiar
Verdiane byggjer på Rammeplanen for barnehagar, årsplan og dei tilsette sine verdiar og skal spegla dagleg drift i barnehagen. Barnehagen har jobba med verdiane, og kome fram til kva dei betyr for oss, heilt konkret, i Utne barnehage.
Omsorg
Det viktigaste for barn sin trivsel, utvikling og læring er å kjenna seg trygge. For å skapa tryggleik for barna treng me vaksne som synar omsorg, rettleier, set grenser og er gode førebilete gjennom haldningar og veremåte. Dei tilsette arbeider for å vera vaksne som ser barnet som eit unikt og kompetent menneske som medverkar til å skapa sitt eige tilvære - Her skal alle barna oppleva at dei vert sett, høyrd, forstått og respektert, og dei skal få den hjelpa og støtten dei treng.
Slik ser ein dette i praksis:
- Dei tilsette har fokus på å byggja grunnleggjande gode relasjonar med barna.
- Dei tilsette ser kvart enkelt barn, og deira ulike behov.
- Barna blir møtt på sine premiss og med sine føresetnader.
- Dei tilsette er varme og trygge vaksne.
- Dei tilsette oppmuntrar og støttar barna til å uttrykkja kjenslene sine.
- Dei tilsette er sensitive for kva barna uttrykker, og følgjer opp behovet deira for omsorg.
Leik og læring - hand i hand
For barn er leiken ein naturleg tilstand og eit mål i seg sjølv. Gjennom leiken utforskar og prøver barnet ut eigen evne til omsorg, handling, mot og innleving. Difor er det viktig å ikkje berre sjå leiken som eit pedagogisk verkemiddel for å fremja læring og utvikling.
Ut frå nyare forsking veit me at i barn si utvikling er leiken det som best utviklar barna sitt potensiale, og at leik og utvikling påverkar kvarandre gjensidig. Barn som ikkje har erfaring, eller kunnskap om leik kan ha det vanskeleg for å sjå, og forstå leikesignala. Dette kan føre til at dei ikkje deltek i leiken og i fellesskapet. Dei tilsette må vera støttende stillas for barna, og læra dei ulike måtar å leika på slik at dei kjem inn i leiken på sine premisser. Grunnleggjande for dette arbeidet er at barna kjenner seg trygge og verdsett slik at dei torer å prøva, utforska, oppdaga og lytta til kva andre formidlar. Det er samstundes viktig at ein jobbar med å ha eit inkluderande og aksepterande miljø i barnegruppa.
Slik ser ein dette i praksis:
- Dei tilsette er støttande stillas for barna i leiken, lærer dei ulike måtar å leika og å koma inn i leiken på.
- Dei tilsette vernar om leiken og er bevisst leiken sin verdi.
- Dei tilsette er tilgjengelege i leiken, både som deltakande vaksne, men og som observatør eller rettleiar.
- Det fysiske miljøet er tilrettelagt for ulike typar leik og barna har tilgang til eit rikt utval av leiker og materiell.
- Dei tilsette observerer kva barna er interessert i og tilrettelegg rom og miljø ut i frå dette, og vidare inspirerer barna til å utvikle leiken.
- Dei tilsette har gode rutinar for observasjon slik at det vert fanga opp om barn har behov for ekstra støtte.
- Dei tilsette har god dialog med føresette om kva og med kven barnet deira leikar med.
Danning
Danning er ein prosess som foregår heile livet og handlar mellom anna om å utvikla evna til å reflektera over eigne handlingar og veremåtar. Det handlar om å setja barna i stand til å tenka sjølv, søkja kunnskap, reflektere over og vurdera vedtekne sanningar, stille spørsmål og yte motstand på eigne og andre sine vegne.
Danning er å utvikle kunnskap, verdiar og haldningar saman, gjennom dialog der alle vert anerkjent som sjølvstendige menneske med kjensler og tankar i ein felles prosess.
Slik ser ein dette i praksis:
- Dei tilsette synar respekt for barna sin kommunikasjon og synar interesse for det barnet uttrykker.
- Dei tilsette reflekterar i lag med barna.
- Dei tilsette har fokus på å gje barna ei god sjølvkjensle.
Vennskap og fellesskap
Barnehagen er ein viktig del av barna sin sosialiseringsprosess. Dette handlar om å utvikla seg som individ, fungera i gruppe, og i samspel med andre. Eit aktivt og tydeleg personale er nødvendig for å skapa eit varmt og inkluderande sosialt miljø. Å anerkjenna, skapa tillit og tryggleik er grunnleggjande element for utvikling av sosial kompetanse. Sosial kompetanse er eit sett av ferdigheiter, kunnskaper og haldningar me treng for å meistra ulike sosiale miljø (KD 2017). Det handlar blant anna om å kommunisera, og å kunna samhandla godt med andre i ulike situasjonar. Eit barn som samhandlar godt med andre kan både tilpassa seg fellesskapet og vera ein synlig deltakar som hevder sin plass.
Å vera vener er å møtast i eit forhold kor den einskilde opplev seg som godtatt og verdsatt for akkurat den han eller ho er. Òg dei yngste barna har sterke vennskapsrelasjonar, og mange barn gjer uttrykk for at det beste ved barnehage er å få møta andre barn og leike med venene sine. Vennskap bidrar til ei kjensle av deltaking og fellesskap, som igjen bidrar til positiv sjølvkjensle. Å tilhøyre ei gruppe gjev barn tryggleik og sosial tilknyting. Oppleving saman med andre barn kan vera vegen inn i nye vennskap! Å etablere vennskap og oppretthalde dei er ein viktig faktor i sosialiseringsprosessen.
Medverknad i planlegging av barnehagen si verksemd
Barna sin medverknad
Barn som vert lytta til og tekne på alvor vert motivert for læring og utviklar tillit til seg sjølv og andre. Personalet skal ta utgangspunkt i barna sine interesser, initiativ og uttrykksmåtar, og vera autoritative vaksne.
Barna skal oppleve at dei kan utøve at dei er sjølvbestemt og uttrykkje eigne intensjonar. Samtidig som dei skal øve på å regulere eigne kjensler i forhold til omgjevnadane og sjå andre sine behov. I Utne barnehage er relasjonen vaksen – barn likeverdig, men ikkje likestilt. Det inneber at den vaksne og barnet er like mykje verd, men det er den vaksne som har ansvar for relasjonen.
Me jobbar for at barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og
vurderinga. Me er bevisste på dei ulike uttrykksformene til barna og
leggjer til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alder, erfaringar, dei
individuelle føresetnadene og behova til barna.
Med dei eldste barna er ulike typar samtalar, barnesamtalar, møter i formelle og
uformelle situasjonar viktige arenaer for å få innblikk i deira syn.
Foreldra sin medverknad
I Utne barnehage legg me til rette for eit godt samarbeid og dialog mellom barnehagen og heimen, både på individnivå og gruppenivå. På individnivå har me tilbod om foreldresamtaler to gonger i året, og låg terskel for å ta kontakt om det er noko. Den daglege kontakten ved levering/henting er vår viktigaste kjelde til kommunikasjon. Barnehagen nyttar Visma sin barnehageapp for dialog barnehage - heim og heim - barnehage, og deling av “dagen i dag”.
På gruppenivå har me to foreldremøter i året, haust og vår.
I tillegg til at foreldra har forventningar til barnehagen, har barnehagen og forventningar til foreldra. At foreldre deltek på foreldremøter og møter opp til foreldresamtalar.
Foreldrerådet består av alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen, det skal fremje fellesinteressane til foreldra/føresette. Det skal og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ. SU består av foreldrerepresentantar, styrar, personalrepresentant og representant frå kommunen.
Annan informasjon
Vurdering av pedagogisk arbeid i barnehagen
“Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gi barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngitt i barnehagelova og rammeplanen.” (KD 2017).
Personalet i Utne barnehage planlegg tema og aktivitetar ut i frå barna sine interesser og innspel. Planlegginga er basert på observasjon, dokumentasjon, refleksjon og samtalar med barna.
Årsplanen er eit arbeidsreiskap for barnehagepersonalet og dokumenterer vala og grunngivningane til barnehagen. Årsplanen skal visa korleis barnehagen vil arbeida for å omsetje formålet og innhaldet i Rammeplanen og dei lokale tilpassningane i pedagogisk praksis. Årsplanen vert godkjent i Samarbeidsutvalet.
Barnehagen skal regelmessig vurdere det pedagogiske arbeidet, ved å beskriva, analysera og tolka det ut frå planane, rammeplan og lovverket. Formålet med det er å sikre at alle barn får eit tilbod som er i tråd med rammeplanen og barnehagelova. Vurderingsarbeidet byggjer på refleksjonar som heile personalgruppa er involvert i, og personalgruppa må ha kunnskap om den allsidige utviklinga og trivselen hos det einskilde barn.
Tilvenning av nye barn
Ei god tilvenning i barnehagen er viktig for at barnet skal få ein best mogleg start i sin nye kvardag. Ein mjuk start gir eit godt grunnlag for ein god barnehagekvardag.
Det er store individuelle skilnader på kor raskt eit barn venner seg til sine nye omgivnader, og der enkelte barn finn seg raskt til rette vil andre bruka noko lengre tid. Dette finn me ut av i samarbeid med heimen når barnet begynner.
Ein god start for både barn og foreldre er viktig, og ein gjensidig og varm kommunikasjon mellom personal og føresette vil ha ein positiv effekt for trivnaden til barnet. Når personalet ser barn og foreldre saman vil dei få informasjon om korleis barnet kommuniserer og barnet sine vanar. Denne informasjonen bidrar til at personalet seinare kan kjenna att signala og lettare tolka barnet sitt behov.
Slik ser ein dette i praksis:
- Pedagogisk leiar sender ut velkomstbrev i god tid før barnet startar i barnehagen.
- Foreldra og barn kan koma innom på besøk i forkant av tilvenninga.
- Dei tilsette er tett på og sender melding til føresette for å fortelja korleis barnet har det.
- Oppstartsamtale.
Overgong mellom avdelingar
I Utne barnehage er me mykje i lag på tvers av avdelingar, og tryggleik og tillit vert etablert blant barn og personale. Barna som skal over på ny avdeling får god tid til å verte kjent med både ny avdeling og personale som arbeidar der. På våren før overgang til ny avdeling får barna vere med på nokre turar og aktivitetar, og ved nytt barnehageår vert det sett av tid til å verte kjent med barn og rutinar på ny avdeling, det å finna sin plass i gruppa.
Samarbeid med Hauso skule
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggja til rette for barna sin overgang frå barnehage til fyrste klasse og SFO, at den vert trygg og god.
På vinter/våren er det innskriving på skulen. Etter påske er Klubben på besøk på skulen i lag med fyrste klasse. Dei er på minimum tre skulebesøk, der dei får vera med på ein utedag, vera med på stasjonsundervisning og får helsa på fadrane sine.
Pedagogisk leiar/styrar og den læraren som skal ha fyrste klasse/rektor, har eit lite møte på forsommaren for å snakka om korleis leggje til rette for ein best mogleg overgang frå barnehage til skule for kvart einskild barn.
Det er utarbeida ein plan for overgang mellom barnehage og skule, som ligg på ullensvang.betreinnsats.no