Innleiing
Hovudoppgåver for barnehagen
Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gje barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngjeve i barnehagelova og rammeplanen.
Mål for Tyssedal barnehage
Visjon for Oppvekst i Ullensvang kommune:
Ulike utgangspunkt - like sjanser.
Visjonen til Tyssedal barnehage:
Alle barn skal kvar dag oppleva meistring, inkludering og læring i Tyssedal barnehage.
Personalet skal arbeida med å fremja eit trygt og inkluderande miljø i barnehagen, med fokus på å vera autoritative vaksne. Vi skal førebyggja, stoppa og følgja opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster.
Mål for barnehagen
- Barna skal oppleva glede og meistring i eit trygt og inkluderande miljø, der dei vert anerkjende og kan medverka til eigen kvardag.
- Føresette skal oppleva at dei har eit godt samarbeid med barnehagen og at dei har reell medverknad på barnehagetilbodet for deira barn.
Organisering av barnehagen
Tyssedal barnehage vart bygd i 1991 og ligg i sentrum av Tyssedal. Barnehagen har to avdelingar og er godkjend for 42 plassar. Avdeling Karius har plass til 12 barn i alderen 1-3 år og avdeling Baktus har plass til 18 barn i alderen 3-6 år.
I gåavstand fra barnehagen finn vi skulen, museum, hotell, bustadområde, leikeplassar og ulike bedrifter.
Vi har valgt å jobba med utgangspunkt i det nærmiljøet barnehagen har. Tyssedal barnehage og barneskule er ”næraste naboar”, eit naboskap barnehagen nyt godt av, med tilgang på gymnastikksal, bibliotek/mediatek og uteleikeplass. Dette gjer at barna kan bli kjent med skuleplassen, miljøet og framtidige medelevar.
Vi går turar i nærmiljøet og lærer barna navn på stader i Tyssedal. Vi har eit godt samarbeid med NVIM. Gjennom bruk av nærmiljøet og naturen rundt oss ønsker vi å gjere barna kjent med noko av kulturarven som Tyssedal har å by på. Vi utforsker og undrer oss over naturen rundt oss. Samt at vi deltek på aktuelle kulturelle arrangement i Odda og Tyssedal, som f.eks Litteratursymposiet. Ellers er vi opptatt av barnekultur generelt, vi vil lære barna lokale og nasjonale/utenlandske sangar, rim, regler og eventyr.
Omsorg
Omsorg er ein føresetnad for tryggleiken og trivselen til barna, og for utvikling av empati og nestekjærleik. Barnehagen skal gi barna høve til å utvikla tillit til seg sjølv og andre. I barnehagen skal alle barna oppleva å bli sett, forstått, respektert og få den hjelpa og støtte dei har behov for. Barnehagen skal aktivt leggja til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet og mellom barna, som grunnlag for trivsel, glede og meistring. Personalet skal arbeida for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som også verdset barna sine eigne omsorgshandlingar.
I Tyssedal barnehage jobbar vi med omsorg på følgjande måte:
- Vi ivaretek behovet til barna for fysisk omsorg, inkludert behov for ro og kvile
- Vi legg til rette for at barna kan knyta seg til personalet og til kvarandre
- Vi sørgjer for at alle barn opplever tryggleik, tilhøyrsel og trivsel i barnehagen
- Vi møter alle barn med openheit, varme og interesse og vise omsorg for kvart enkelt barn
- Vi er lydhøyre for uttrykket til barna og kjem behova deira for omsorg i møte med sensitivitet
- Vi støtter og oppmuntrar barna til å visa omsorg for andre og til sjølv å kunna ta imot omsorg
- Vi bidreg til at barna kan utvikla tillit til seg sjølv og andre.

Leik
Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vera ein arena for utviklinga og læringa til barna, og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirera til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne.
I Tyssedal barnehage jobbar vi med leik på følgjande måte:
- Vi organisera rom, tid og leikemateriale for å inspirera til ulike typar leik
- Vi bidreg til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og legg til rette for utvikling av leiketema
- Vi fremjar eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfara glede i leik
- Vi observerer, analyserer, støttar, deltek i og berikar leiken på premissane til barna
- Vi rettleier barna viss leiken medfører uheldige mønster knytt til samspel
- Vi er klar over og vurderer eiga rolle og deltaking i leiken til barna
- Vi tek initiativ til leik og aktivt bidreg til at alle kjem inn i leiken.
Danning
Danning er ein prosess som barnet sjølv er ein aktiv deltakar i. Ein kan tenkje seg at danning er det å verte seg sjølv som menneske, i samspel med andre. Danning er ein prosess der vaksne leiar og rettleiar barna, slik at dei gradvis tar større ansvar for seg sjølv og fellesskapet.
Barnehagen skal støtta barna i å vera prøvande og nysgjerrig til omverda og bidra til å leggja grunnlag for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Barnehagen skal fremja samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlingar skal verdsetjast og følgjast opp. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet. Barnehagen skal bidra til å fremja tilhøyrselen til barna til samfunnet, natur og kultur.
I Tyssedal barnehage jobbar vi med danning på følgjande måte:
- Vi legg til rette for meiningsfulle opplevingar og støtter identitetsutviklinga til barna og positive sjølvforståing
- Vi støttar aktiviteten, engasjementet og deltakinga til barna i fellesskapet
- Vi synleggjer og verdset ulike behov, meiningar og perspektiv i fellesskapet
- Vi legg merke til, anerkjenner og følgjer opp perspektiva og handlingane til barna
- Vi utfordrar tenkinga til barna og invitera dei inn i utforskande samtalar
- Vi synleggjer og framhevar mangfald og forskjell som grunnlag for opplevingar, utforsking og læring.
Læring
I barnehagen skal barna oppleva eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta deira til å leika, utforska, læra og meistra. Barnehagen skal introdusera nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling. Nysgjerrigheita, kreativiteten og vitebegjæret til barna skal anerkjennast, verte stimulert og lagt til grunn for læringsprosessane deira. Barna skal få undersøkja, oppdaga og forstå samanhengar, utvida perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruka heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eigen og andre si læring. jmf Rammeplanen
I Tyssedal barnehage jobbar vi med læring på følgjande måte:
- Barn lærer gjennom alt dei opplever og erfarer. Barnehagen skal gi barna eit aktivt og utviklande læringsmiljø, som støttar opp om lysta deira til å leika, utforska, læra og meistra.
- Dei formelle læringssituasjonane er planlagde og leidde av personalet.
- Uformelle læringssituasjonar er knytt til kvardagsaktivitetar og her-og-nå situasjonar i leik, danning og anna samhandling.
- Ved at barnehagen legg til rette det fysiske miljøet, og gjennom planlegging og gjennomføring av ulike pedagogiske opplegg vil læringa til barna styrkjast.
- Personalet skal leggja til rette for heilskaplege læringsprosessar som fremjar trivselen til barna og allsidig utvikling.
- Vi skaper eit godt og stimulerande læringsmiljø gjennom faste rutinar og dagsrytme, føreseielegheit og gjentaking.
Samisk i barnehagen
I Tyssedal barnehage synleggjer vi samisk kultur og bidreg til at barna kan utvikla respekt og fellesskapsfølelse for det samiske mangfaldet.
Som ein ordinær barnehage utan samiske born har vi valgt å gjere barna kjende med samisk kultur og levesett gjennom ei veke i barnehageåret. Vi arbeider med dette same veka som den samiske nasjonaldagen er. Vi nyttar merkedagar, forteljingar, bildebøker, joik, konkreter, formingsaktivitetar, matlaging, naturtradisjonar og årstidene, leik og anna aktivitet i arbeidet vårt med å synleggjera den samiske kulturen.
Samiske barn i barnehagen skal få støtte til å bevare og utvikle sitt språk, sin kunnskap og sin kultur uavhengig av kvar i landet dei bur.
Personalet skal ha kjennskap til, og leggja vekt på, at også den samiske kulturen skal vera ein del av barnehagen sitt innhald. Det skal også leggjast til rette for at barna kan få møta samisk språk.
Medverknad i planlegging av barnehagen si verksemd

Barna sin medverknad
Barnehagen skal ivareta retten barna har til medverknad ved å leggja til rette for og oppmuntra til at barna kan få gitt uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda til barnehagen, jf. barnehageloven § 1 og § 3, Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon art. 12 nr. 1. Barna skal jamleg få høve til aktiv deltaking i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda. Alle barn skal få erfara å få innverknad på det som skjer i barnehagen.
Barnehagen skal vera klar over dei ulike uttrykksformene til barna og leggja til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alder, erfaringar, individuelle føresetnader og behov. Også dei yngste barna og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har rett til å gi uttrykk for synspunkta sine på eigne vilkår. Barnehagen må observera og følgja opp alle barns ulike uttrykk og behov.
Synspunkta til barna skal tilleggjast vekt i samsvar med deira alder og modnad. Barna skal ikkje overlatast eit ansvar dei ikkje er rusta til å ta. Jmf. Rammeplan for barnehage.
I Tyssedal barnehage skal vi jobba med barn sin medverknad på følgjande måte:
- Vi vil ha fokus på god kommunikasjon med barn og foreldre. Ta det følelsesmessige uttrykket til barna på alvor og oppmuntre barna til å gi uttrykk for eigne tankar, meiningar og ønske, og dessutan respondera på desse så godt som mogleg. Det er viktig få fram at det er dei vaksne som er ansvarlege for det som skjer i barnehagen og vi skil mellom omgrepa medråderett og sjølvråderett.
Tiltak - barn sin medråderett:
- Barnesamtalar med førskule barna, der me snakkar med barna om trivsel, leikekameratar, kva dei liker/ikkje liker, relasjon til vaksne, kva dei synest dei får bestemma, etc Dette dannar grunnlag for planlegging og vurdering.
- Gruppesamtalar rundt ulike tema for resten av gruppa.
- Barnemøte der barna er med og planlegg kva mat me skal ha til smørjemåltidet, der me skal gå på tur, kjem med ønske om innkjøp av leiker og ulike aktivitetar dei ønskjer å ha i barnehagen. Desse forslaga blir tekne med i planane til barnehagen.
- Vi organiserer innreiing og rom på avdelingane etter det vi ser barna trivast med og kva dei bruker av utstyr. Leikar og utstyr er mest mogleg tilgjengeleg for barna. Dette er ein kontinuerleg prosess der vi heile tida tilpassar avdelingane til barna.
- Barna blir oppmuntra til aktivt til å gi uttrykk for sine tankar og meiningar og møter anerkjenning for uttrykka sine.
- Barn sine følelsesmessige uttrykk skal bli teke på alvor.
- Barna skal erfara tydelege og ansvarsfulle vaksne som tek omsyn til heile gruppa.
Forelda sin medverknad
I Tyssedal barnehage legg vi til rette for eit godt samarbeid og dialog mellom barnehagen og heimen, både på individnivå og gruppenivå.
På individnivå har vi tilbod om foreldresamtale to gonger i året, og lav terskel for å ta kontakt om det er noko. Den daglege kontakten ved levering/henting er vår viktigaste kjelde til kommunikasjon. Vi nyttar Min barnehage-føresettapp til å informera foreldra om ting som skjer i barnehagen. Der legg også avdelingane ut dagbokpost etter kvar veke. På gruppenivå har vi to foreldremøter i året, haust og vår. Barnehagen har ei forventning om at foreldre deltek på foreldremøter og møter opp til foreldresamtalar.
- Foreldrerådet består av alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen, det skal fremje fellesinteressane til foreldra/føresette. Det skal og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.
- Samarbeidsutvalet (SU) skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ. SU består av foreldrerepresentantar, personalrepresentant og representant frå eigar. Styrar har ansvar for å opprette utvalet og sette dagsorden, det er berre foreldre og tilsette som har røysterett.
Foreldremøta er ein viktig arena for samarbeid mellom barnehagen og foreldra. I Tyssedal barnehage er det to - tre foreldremøter i året, haust og vår. Om hausten vert det gitt informasjon om det nye barnehageåret, tema på avdelingane og praktisk informasjon. Om våren vert det etter ynskje frå Samarbeidsutvalet eit temamøte, dersom det dukkar opp aktuelle tema.
Vi kallar inn til to foreldresamtalar i året, som regel i oktober og april/mai. På foreldresamtalane vert det gjeve tilbakemeldingar om barnet sin trivsel, språkutvikling, motorisk utvikling, sosial utvikling, utfordringar, leik osb. Foreldra får og spørsmål om korleis dei opplever barnehagen. Foreldra har her høve til å evaluere og påverke barnehagekvardagen ved å kome med sine synspunkt.
I foreldreundersøkinga får foreldra seie si meining om barnehagetilbodet. Undersøkinga vert sendt ut til foreldra og må gjennomførast frå 1. november til 20 desember kvart år.
Resulatet vert brukt av barnehagen/barnehageeigar til å vurdere og utvikla barnehagetilbodet.
Anna informasjon
Vurdering av pedagogisk arbeid i barnehagen
Barnehagen skal jamleg vurdera det pedagogiske arbeidet. Det betyr at det pedagogiske arbeidet skal beskrivast, blir analysert og blir fortolka ut frå planane til barnehagen, barnehageloven og rammeplanen. Hovudformålet med vurderingsarbeidet er å sikra at alle barn får eit tilbod i tråd med barnehageloven og rammeplanen.
Vurderingsarbeidet skal byggja på refleksjonar som heile personalgruppa er involverte i. Felles refleksjonar over det pedagogiske arbeidet kan gje personalet eit utgangspunkt for vidare planlegging og gjennomføring. Det kan også bidra til ein open diskusjon om formålet, innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Faglege og etiske problemstillingar skal inngå i vurderingsarbeidet. På denne måten kan personalet læra av eigen praksis og bidra til å utvikla barnehagen som pedagogisk verksemd.
Kunnskap om barnegruppas og enkeltbarns trivsel og allsidige utvikling er viktig for å gje alle barn eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehageloven og rammeplanen. Jf. Rammeplan for barnehage.
I Tyssedal barnehage vurderer vi arbeidet vårt fortløpande. Vurderingsarbeidet vårt er basert på tilbakemeldingar frå barn og foreldre, brukarundersøkinga, observasjonar, dokumentasjonsarbeid og refleksjonar i personalgruppa. Målet med vurderinga vi gjer er å skapa den gode barnehage for det einskilde barnet.
Tilvenning
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggja til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpassa rutinar og organisera tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjend, etablera relasjonar og knytte seg til personalet og til andre barn. Når barnet byrjar i barnehagen, skal personalet sørge for tett oppfølging den første tida slik at barnet kan oppleva tilhøyrsel og tryggleik til å leika, utforska og læra. Jf. Rammeplan for barnehage.
I Tyssedal barnehage vil vi gjere vårt beste for at barn og foreldre skal få ein trygg og god tilvenning. Den tida som vert brukt til å verte kjent er viktig for å skape den tryggleiken som ligg til grunn for at barna skal trivast i barnehagen. Tilvenningsperioden må tilpassast kvart enkelt barn sine individuelle behov.
Vi legg tilrette for:
- Tidleg foreldremøte for nye barn
- Besøksdag
- Oppfordrar til besøk gjennom sommaren og bruk av uteområdet for å bli kjend.
- Gjer tilbod om tidleg foreldresamtale.
Overgangar

Overgangar mellom avdelingar
I Tyssedal barnehage er vi mykje i lag på tvers av avdelingar, og tryggleik og tillit vert etablert blant barn og personale. Barna som skal over på ny avdeling vert kjent med både ny avdeling og personale på ein naturleg måte gjennom året. På våren før overgang til ny avdeling får barna vere på besøk på avdelinga ein til to heile dagar. Samt at vi organiserer besøk regelmessig gjennom veka. Ved nytt barnehageår vert det sett av tid til å verte kjent med barn og rutinar på ny avdeling.
Samarbeid med Tyssedal barneskule
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggja til rette for barna sin overgang frå barnehagen til fyrste klasse og SFO, slik at den vert trygg og god.
I kommunen er det utarbeidd eit årshjul for overgang mellom barnehage og skule, der det står kva alle som er involvert har eit ansvar for.
Barnehagen
I Tyssedal barnehage har vi førskuleklubb, som startar opp i september og vert avslutta i juni. Det er klubb ein gong i veka, og vi nyttar blant anna eit aktivitetshefte som heiter Trampoline.
Formålet med å ha klubb er å førebu barna mest mogleg til skulestart. Dei vert kjent med ulike fagområde gjennom leik og læring. Vi legg vekt på sosial kompetanseutvikling, merksemd og konsentrasjon, førebuande matematikk, førebuande lese- og skriveaktivitetar og trafikkopplæring. Dei øver på å sitje i ro over lengre periodar, halde fokus og rekkje opp handa. Vi vil at dei skal verta sjølvhjelpne, utvikle god lærelyst og logisk tankegang og at dei trenar opp evna til problemløysing. Vi varierer med bruk av arbeidshefte, spel, aktivitetar og turar slik at dei får eit godt grunnlag for eit godt fellesskap.
Samarbeid med skulen
I Tyssedal barnehage har me eit godt samarbeid med Tyssedal barneskule.
Frå januar til juni har vi faddersamarbeid, der vi inviterer skulefaddrane til aktivitetar i barnehagen og førskuleborna vert invitert til aktivitetar på skulen. Vi har tilgang til å bruke gymsal, skulebibliotek, SFO lokala og andre rom på skulen, slik at borna vert godt kjende i skulebygningen.
Førskuleborna vert inviterte til julegraut og påskefrukost året før skulestart. Samt besøksdag ved innskriving i januar og nokre gonger også i juni. Læraren kjem ved behov på besøk i barnehagen i løpet av våren og får sett borna i aktivitet der.
Vi har og eit overføringsmøte med skulen, der vi etter å ha fått samtykke frå foreldra gjev informasjon om barna. Dei som er med på møtet er pedagogisk leiar og eventuelt styrar frå barnehagen, frå skulen er det læraren som skal ha dei i første klasse.
Barnehagen samarbeider med SFO i alle feriar slik at personalet vert godt kjend med barna i barnehagen, noko som er svært positivt når dei byrjar på skulen.
