
Innleiing
Hovudoppgåver
Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gje barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen, og i tillegg til Ullensvang kommunen sine rammer og oppvekstplanar. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngjeve i barnehagelova og rammeplanen
Visjon og mål
Hovudmålet for Skare barnehage sitt arbeid er i løpet av barnehageåret:
Inkluderande praksis og utjamna sosiale forskjellar
I Skare barnehage er det nokre områder vi vil ha ekstra fokus på gjennom barnehageåret 25/26. Dette skal skje med hjelp av ein visjon vi ynskjer å jobba etter, følge av nokre verdiar som er ekstra viktige for oss:
I ein magisk kverdag har Skare barnehage dette verdigrunnlaget:

Tryggleik er når barn og vaksne tør å vere seg sjølve og involvera seg i samspel med andre. Tryggleik er sentral for at barna skal oppleva ei positiv læring.
Engasjement kjem når det er noko ein ynskjer å vere ein del av som vekkjer eins interesse. Engasjement vert som regel styrka når ein får vere med å påverka det som skjer og ein opplever mestring. Dette er vesentleg for både vaksne og barn.
Likeverd handlar om å ha respekt for kvarandre sjølv om ein kan sjå ei sak på ulike måtar. Likeverd er å sjå kvarandre som kompetente.
Fokusområde: Ein inkluderande leik
Gjennom utviklingsområde “Ein inkluderande leik” skal barnehagen systematisk jobba med barna si trivsel, utvikling av sosial kompetanse og førebygga mobbing og krenking i kvardagen.
Barna i Skare barnehage skal:
- oppleva barnehagen som ein trygg plass å komme til, og oppleve vaksne som ein trygg base, der alle kjenslene til barna blir sett og møtt
- oppleva inkludering, og det å inkludere andre, i leik
- oppleva glede, og få utbytte, av leiken, og oppleva det å få utvikle seg på alle område i leiken
- barna skal få utforske ulike roller og delta i felles fantasiverdener
- oppleva at sine innspel skal bli tatt på alvor av trygge vaksne
“Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sinekjensler” (Rammeplan 2017, s.11)
Personalet i Skare barnehage skal:
- vera leikne, og by på seg sjølv i leiken gjennom heile dagen
- sørga for at foreldre opplever at barnet trives i barnehagen, at dei har lyst å komma i barnehagen
- støtta barnas leik ved å observera, analysera og veileda dei, utan å overta eller styre leiken. Dei skal blant anna hjelpe barna med å løysa konfliktar og å tolke signaler.
- inspirere til “late som” leik gjennom for til dømes familie- og butikkleik, og dei skal inspirere til rolleleik ved bruk av utkledningsklede og rekvisitter
“Personalet skal fremje eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfare glede i leik” (Rammeplan 2017, s. 20)
Organisering av Skare barnehage
Skare barnehage er ein 2- avdelings barnehage som ligg i Skare, midt i mellom Odda og Røldal. I 2020 flytta vi inn i nye moderne lokaler, som er laga for to avdelingar. Avdelingane består av totalt 24 plasser kver, og barnehagen har totalt 48 plasser. Molte er småbarnsavdelinga, der barna tilbringer tida fram til 3 år. Året barna fylle 3 år byrjar dei på Blåbær, som er storbarnsavdelinga.
Lokala byr på mange kjekke rom og løysingar, og som gir barna og dei ansatte mange moglegheiter. Skare barnehage har også eit stort og flott uteområde, samt eit nærmiljø som har mykje å by på. Barnehagen nyttar flotte turområder, blant anna Skareturen, samt at vi nyttar skulen i bygda som ressurs, blant anna gjennom svømming, leik i gymsalen, bibliotek og leik på uteområde deira. Kyrkja i Skare blir også besøkt jamnleg.
Hovudoppgåver
Progresjon
Progresjon inneber at barna skal utvikla seg, læra og oppleva framgang uavhengig av alder, modning, tidligare erfaringar eller føresetnad.
Personale skal:
- legga vekt på å tilby varierte materiale, metodar og opplevingar som utvider barnas materialkunnskap, erfaring med framgangsmåtar og forståing av omgivnadane.
- bygga vidare på barna sine interesser og tidligare kjennskap, men skal også utfordra barna på å utvida sin erfaringsbakgrunn og sjå fleire perspektiv.

Barna skal møta passelig utfordring som er overkommelig for barnet å løysa. Når vaksenstyrte aktivitetar vert presentert skal personale uttrykka så tydelig som mulig kva oppgåva skal romma. På den måten vil barna kunne utføra oppgåva ut frå ei målsetting og personale kan samtala med barnet kring løysinga av oppgåva. I denne prosessen kan dei samtala om korleis barnet opplevde å utføra oppgåva og om dei opplevde meistring. Gjennom å fokusera på prosessen og utviklinga barnet opplever vil prestasjon og konkurranse mellom barna ha mindre effekt. Barnas progresjon vert drøfta i foreldresamtalar- der ein talar om heile barnets utvikling.
Arbeidsmåtar
I Skare barnehage legg vi vekt på ein inkluderande og utforskande kvardag, der barna sin nysgjerrigheit og medverknad står i sentrum. Arbeidsmåten vår tek utgangspunkt i prosjektarbeid, leik og prinsippet om likeverd – tre pilarar som støttar opp under barna si utvikling, læring og trivsel.
I Skare barnhage arbeider vi ofte i prosjekt som tek utgangspunkt i barna sine eigne interesser og undringar. Dette gir meining for barna og skapar engasjement og eigarskap til læringsprosessen. Gjennom prosjektarbeid får barna moglegheit til å fordjupa seg i ulike tema, og vi vaksne er aktive medforskarar som støttar og utfordrar barna sine tankar. Prosjekta kan vera tverrfaglege og involvera både språk, matematikk, natur, kunst og sosial kompetanse.
Leiken har ein sentral plass i kvardagen vår. Vi ser på leiken som ein viktig læringsarena der barna utviklar kreativitet, samarbeidsevner, språk og sosiale ferdigheiter. Gjennom frileik og vakseninitiert leik får barna utfalde seg i eit trygt og stimulerande miljø. Vi legg til rette for variert leik både ute og inne, og vi er til stades som støttande vaksne som lyttar, rettleiiar og gir rom for barna sine eigne uttrykk.
I tillegg til å jobba gjennom prosjekt og leik, er vi i Skare barnehage er opptekne av å skapa eit inkluderande fellesskap der alle barn vert møtt med respekt og anerkjenning. Vi arbeider aktivt for å fremja likeverd og motarbeida fordommar og utestenging. Alle barn, uansett bakgrunn og føresetnader, skal oppleva å bli sett, høyrt og verdsett. Me vaksne er rollemodellar som viser gode haldningar, og me legg til rette for at barna skal læra å respektera kvarandre og utvikla empati.
Gjennom desse arbeidsmåtane skapar vi ein barnehagekvardag som er trygg, utviklande og full av opplevingar – ein plass der barna får vera seg sjølve og veksa i lag med andre.
Omsorg
Omsorg er ein føresetnad for at barna skal vere trygge og trivast, og for at dei skal utvikle empati og nestekjærleik. Barnehagen skal gi barna høve til å utvikle tillit til seg sjølve og andre. I barnehagen skal alle barn oppleve at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som òg verdset omsorgshandlingane til barna.

Personalet i Skare barnehage skal:
- Forstå og respektera barna
- Verdsetja barnas eigne omsorgshandlingar
- Smila og visa glede i samspel mellom barn og vaksne
- Faste rutinar som skapar forutsigbarheit
- Imøtekoma barnas behov for omsorg med sensitivitet
- Vera lydhør for barnas uttrykk
- Visa interesse for barna sine aktivitetar og deira kjensle
Leik
Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.
Personalet i Skare barnehage skal:
- Gje tid til leik
- Vera tilstades i leiken
- Berika leiken på barnas premissar
- Arbeida systematisk for at alle skal få oppleva å vera inkludert i leiken
- Delta aktivt, observera eller/og støtta barna i leiken
- Sørga for å ha tilgjengelig, inspirerande leikemateriell og leikemiljø
Danning
Barnehagen skal oppmuntre barna til å vere prøvande til og nysgjerrige på omverda og bidra til å leggje grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Barnehagen skal fremje samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlingar skal verdsetjast og følgjast opp. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet. Barnehagen skal bidra til å fremje tilhøyrsla til samfunnet, naturen og kulturen.
I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald. Barna skal støttast i å uttrykkje synspunkt og skape meining i den verda dei er ein del av. Gjennom samspel, dialog, leik og utforsking skal barnehagen vere med og sørgje for at barna utviklar kritisk tenking, etisk vurderingsevne, evne til å yte motstand og handlingskompetanse, slik at dei kan bidra til endringar
Personalet i Skare barnehage skal:
- Fortelja og gje innsikt i andre samfunn og kultura
- Synleggjera ulikheiter som grunnlag for oppleving og utforsking og læring
- Følgja opp barna sine perspektiv og handlingar
- Utfordra barna si tenking og invitera til utforskande samtalar
- Synleggjera og verdsetja ulike behov og perspektiv
- Delta i beslutningsprosessar og utvikling av felles innhald
- Tilretteleggja for meiningsfulle opplevingar
Læring
I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling. Nysgjerrigheit, kreativitet, og vitelyst skal anerkjennast, stimulerast og leggjast til grunn for læringsprosessane. Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eiga og andre si læring
Personalet i Skare barnehage skal:
- Gje gode planlagde voksenstyrte aktivitetar
- Gje barna utfordringar som dei må prøva å finna løysing på
- Fanga opp barna si interesse og hjelpa til for å søka ny læring
- Legga vekt på å utforska, undersøka og undra seg på eiga hand og ilag med andre
- Legga tilrette for at kan bidra til eigen og andre si læring
- Vera medviten at kvardagssituasjonar rommar mykje læring
- Nytta læringsstrategiar som tilnærming for ny innsikt
Tidleg innsats
Ullensvang kommune, avd. oppvekst, fokuserer på tidleg innsats for å hjelpe barnet til god trivsel og god utvikling.
Mål:
Alle barna skal få oppleva ein trygg og god barnehagekvardag, med utfordringar som passar sitt utviklingsnivå.
Korleis:
- Personalet er til stades og observerer og reflekterer rundt barn sin trivsel og utvikling.
- Personalet skriv praksisforteljingar.
- Personalet reflekterer saman rundt observasjonar, praksisforteljingar og finn tiltak for å hjelpe barn som treng ekstra støtte.
- Personalet legg tilrette for eit godt psykososialt miljø i barnehagen, og tilpasser det allmennpedagogiske tilbudet etter barnas behov og forutsetningar.
- Personalet søker hjelp ved behov.
- Personalet bruker BTI-rettleiaren til Ullensvang kommune. Bedre tverrfagleg innsats (BTI) er ein rettleiar som skal hjelpe oss med å gi riktig og god hjelp til barn og unge som treng det.
Samisk kultur
Samiske barn i barnehage skal få støtte til å ta vare på og utvikle språket sitt, kunnskapen sin og kulturen sin uavhengig av kvar i landet dei bur. Innhaldet i barnehagetilbodet til samiske barn utanfor samiske distrikt skal tilpassast den samiske bakgrunnen til barna. Det inneber at samiske barn og foreldre har rett til å forvente at personalet har kjennskap til, og legg vekt på, at også den samiske kulturen skal vere ein del av innhaldet i barnehagen. Det skal leggjast til rette for at barna òg kan få møte samisk språk.
Medverknad i planlegging av barnehagen si verksemd

Barna sin medverknad
I Skare barnehage legg vi stor vekt på barns rett til medverknad. Vi ønskjer at barna skal kjenna at deira meiningar, tankar og opplevingar er viktige og vert tekne på alvor. Barna skal få vera med å påverke kvardagen sin i barnehagen, og dei skal få høve til å ta eigne val innanfor trygge og oversiktlege rammer.
Medverknad handlar både om å få uttrykke seg, bli lytta til, og å erfare at ein har innverknad på det som skjer. Gjennom samtalar, observasjonar og open dialog legg vi til rette for at barna får delta aktivt i planlegging, val av aktivitetar og utvikling av prosjektarbeid. Barna si nysgjerrigheit og interesse er ein viktig rettesnor for arbeidet vårt.
Dei vaksne i barnehagen har ei viktig rolle i å oppdage og støtte opp om barna sine initiativ. Vi stiller opne spørsmål, lyttar aktivt og gir barna tid og rom til å uttrykkje seg. På denne måten får barna oppleve at dei vert tekne på alvor, og dei utviklar tillit både til seg sjølve og til fellesskapet.
I Skare barnehage meiner vi at medverknad fremjar tryggleik, sjølvkjensle og ansvarskjensle hos barna. Når barna får vere med og påverke eiga kvardag, legg vi eit godt grunnlag for demokratisk forståing og aktiv deltaking – både no og seinare i livet.
Foreldra sin medverknad
I Skare barnehage ser vi på samarbeid med foreldra som ein viktig del av barnehagekvardagen. Foreldra kjenner barnet sitt best, og deira innsikt og erfaring er verdifulle for at vi skal kunne gi barnet ei trygg, meiningsfull og utviklande tid i barnehagen.
Vi legg til rette for open og god dialog mellom heim og barnehage, både i kvardagslege samtalar ved levering og henting, og gjennom planlagde foreldresamtalar og møter. Vi ønskjer å skapa eit godt samarbeid prega av tillit, respekt og gjensidig lytting.
Foreldra skal ha moglegheit til å medverke i det som skjer i barnehagen – både i enkeltbarnet sin kvardag og i det pedagogiske arbeidet. Dette kan vere gjennom å kome med innspel til aktivitetar og prosjekt, delta på dugnader, markeringar og arrangement, eller engasjere seg i samarbeidsutvalet (SU).
Vi i Skare barnehage ønskjer at foreldra skal kjenne seg velkomne, involverte og lytta til. Eit tett samarbeid mellom heim og barnehage gir dei beste vilkåra for trivsel, utvikling og læring – både for barnet og for fellesskapet.
Anna informasjon
Vurdering
Alle deler av verksemda skal vera emne for vurdering med det mål å utvikle kvaliteten. Særs viktig er det å gjere jamleg vurdering av det enkelte barn sin trivsel og utvikling, samt å vurdera det sosiale samspelet i barnegruppa. Vidare skal barnehagen vurdera innhaldet ut frå at barnehagen er ein lærande organisasjon. Vurdering av vaksenrolla og det pedagogiske innhaldet er sentral her. Vurdering vil sei at vi skal beskrive, analysere og tolke arbeidet vi gjer i barnehagen, i forhold til barnehagelov, rammeplan og lokale retningsliner. I Skare barnehage skal vi gjere vurderingar saman med:
Barna:
- Gjennom samtale med barnegrupper i samlingar og etter aktivitetar, turar og anna
- Barnesamtalar der det er mogleg og ved behov.
Føresette:
- Foreldresamtalar
- Gjennom vurdering når barnehageåret er slutt.
- Gjennomføre brukarundersøking.
- Ved henting og levering, avtala samtale om naudsynt
Personale:
- Å sette av tid til å gjennomgå tilbakemelding frå føresette som kjem fram i kvardagen.
- Gjennom fast vurdering på pedagogisk leiarmøte og avdelingsmøte kvar veke.
- Å setje av tid på personalmøte til refleksjon over praksis og gjennomførde planar.
- TRAS står for tidleg registrering av språkutvikling. Dette er eit verktøy for å få ein oversikt om barnet utviklar seg språkleg og sosialt i høve alder. Skare barnehage nyttar TRAS som eit verkty til å arbeide systematisk med språkutviklinga i barnehagen.
- Alle med, som er eit observasjonsskjema som vi kan nytte etter avtale når med føresette, når vi vil kartleggje den sosiale delen meir enn TRAS.
- Medarbeidarsamtalar.
Dokumentasjon
Pedagogisk dokumentasjon er ein metode for å synliggjøre barns medverknad i barnehagen. Vi dokumenterer for:
Barna
- Dokumentasjonen skal være synlig for barna sjølv og skal synliggjøre barnas kvardag i leik og aktivitet. Den skal syne korleis ein ide utviklar seg til ny kunnskap. Bileter og prosessbeskrivingar skal dokumentera innhaldet for aktivitet og leik.
Føresette:
- Møter ulik dokumentasjon av kvardagen i barnehagen gjennom bilete, tekst og produkt.
Personalet:
- Personalet har eit stort ansvar når det gjeld kva ein vel å dokumentera. Det ein til ei kvar tid vel å sette fokus på kan gje følgjer for kva som skjer vidare. Personalet er medviten si rolle i høve pedagogisk dokumentasjon og hensikta med dokumentasjonen.
Andre som har interesse:
- Alle offentlege skriv og rapportar vil vere tilgjengelege for dei som ynskjer innsyn.
Samarbeid
Samarbeid heim – barnehage

Eit godt samarbeid mellom foreldre og barnehage er viktig for å skapa ein god barnehagekvardag. Vi oppmodar foreldre og føresette til å gje tilbakemelding, vi set pris på positive tilbakemeldingar og på konstruktiv kritikk. Personalet i barnehagen skal vere lydhøre for tilbakemeldingar som vi får, og har formidlingsplikt til dei andre i personalet. Ein open dialog er med på å utvikle verksemda, noko vi er opptekne av og ynskjer. For å styrkja samarbeidet vil vi arrangere ulike samkome. Vi legg opp til 2 foreldremøter i året, og foreldre/ føresette får tilbod om to foreldresamtaler.
Samarbeidsutval
Foreldrerådet består av alle foreldra i Skare barnehage.
Samarbeidsutvalet til barnehagen har to representantar frå foreldrerådet og to representantar frå personalet.
Andre samarbeidspartnarar
- Sektor for Oppvekst og utdanning i kommunen ved oppvekstsjef Anna Maria Kråkevik og barnehagesjef Wenche Jordal
- Skare barneskule
- Helsestasjon
- PPT - Pedagogisk psykologisk teneste
- Logoped
- Barnehagane i kommunen
- Bygg og eigedom ved reinhald
Vi har føljande samarbeidsgrupper for barnehagen:
- Nettverk for spesialpedagogar barnehage
- Styrarmøte
- Leiarsamlingar i kommunen
Tilvenning
Det er utarbeida eigen plan for tilvenning. Denne vert sendt ut til foreldre/ føresette i forkant av tilvenninga i barnehagen. Barnehagen praktiserer primærkontakt for barna, og ein frå personale har litt ekstra fokus på barna dei er primærkontakt for. Barnehagen legg vekt på at barna skal møta eit trygt og godt miljø når dei kjem i barnehagen. Vaksenrolla i denne situasjonen er svært sentral, personale skal trygga både barna og deira føresette om at barna vert godt ivaretekne i barnehagen.
Overgangar
Overgang internt i barnehagen
Skare barnehage er ein liten barnehage og barna på i alle aldrar vert kjent med alle i personale gjennom året. På våren gjennomføres det felles gruppeaktiviteter for barna som skal byrja på ny avdeling, og dei som allereie går på den kommande avdelinga.
I løpet av året er det mykje fellestid elles, uten at dette er skrevet ned i planane, og alle vert godt kjend med kverandre.
Om det vert behov vil det følga med ein kjend vaksen frå liten avdeling til stor.
Overgang barnehage - skule
Ullensvang kommune har plan for overgang mellom barnehage og skule, utifrå denne laga vi ein eigen årsplan for skulegruppa. Skare barnehage og Skare skule har eit jamnleg samarbeid gjennom året der pedagogisk leiar og kontaktlærar legg opp til fleire kontaktpunkt med 6. klasse slik at elevar og born vert kjende med kvarandre til skulestart. Barnehagen besøkjer barneskulen sitt uteområde og gymsalen jamleg gjennom året. Frå desember/januar og fram til skulestart avtalast besøk mellom klassen som vert skulevenar og barna som byrjar på første trinn.
Mål for «skulegruppa»
- Dei eldste barna har skuletrening jamnleg gjennom året
- Vi vil formidle positive haldningar og forventningar til skuletida.
- Vektlegga sosial kompetanse internt i skulegruppa som grunnlag for å etablera eit godt læringsmiljø.
- Utføra eigne prosjekter, aktivitetar og oppgåver for denne gruppa.
- Skapa gode haldningar til læring. At det er moro å læra nye ting og at dei alt har lært masse.
- Gruppa får delta på teater, turar og liknande for skulegruppa.
- Overføra informasjon om enkeltbarn til skulen etter samtykke med foreldra.
