Innleiing
Hovudoppgåver for barnehagen
Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gje barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngjeve i barnehagelova og rammeplanen.
Visjon, mål og verdiar
Visjon: Trygghet, trivsel og meistring - alltid for alle
Me i Sekse barnehage ynskjer å setja fokus på barndommen som ein eigen verdi. Det betyr at kvar enkelt skal trivast i barnehagen, oppleva at dei har noko å bidra med, og at dei er viktige og verdifulle for fellesskapet i barnehagen. Personalet må legga til rette for aktivitetar innanfor den næraste utviklingssona til barnet slik at barnet får kjenna på meistringsglede.
Hovudmål
- Barna i Sekse barnehage skal trivast og ha eit godt og utviklande læringsmiljø
- Føresette i barnehagen skal oppleva at dei har eit godt barnehagetilbod for seg og barna
- Personalet i barnehagen skal trivast og arbeida for barna sitt beste med fokus på kvart einskild barn og barnegruppa
Verdiar
Verdiane byggjer på verdiar i rammeplanen, årsplan og personalgruppa sine eigne verdiar, og skal speglast att i den daglege drifta i barnehagen. Me har gjennom barnehageåret 24/25 revidert verdiarbeidet som vart lagt ned i 2017 då det kom ny rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver.
Tryggleik
Dette betyr det og slik kjem det til uttrykk i Sekse barnehage og SFO
- Augekontakt
- Søker kontakt
- Kjem til den vaksne for trøst
- Barna inviterer til leik
- Vise alle følelsar
- Blir møtt på alle følelsar
- Vil halde den vaksne i handa
- Spør den vaksne om hjelp
- Barna utforsker på eige initiativ
- Kan hevde seg sjølv - står for sine meiningar
- Barna føler dei har nokon å snakke med
- At barnet deltar i ein dialog
- At barna vil vere i barnehagen
- At barna sover godt i barnehagen
- Når barna utfordrar rutinene i barnehagen
- Når barn leiker
- Barn som lærer og utviklar seg
- Når barna ser andre sine behov
- Når barna kjenner seg verdifulle for fellesskapet
- Når barna tørr å gje slepp
- Å le på ekte/euforisk latter
Likeverd
Dette betyr det og slik kjem det til uttrykk i Sekse barnehage og SFO
- Me ser styrkar og svakheiter hjå kvarandre
- Me utfyl kvarandre, og saman er me gode
- Me ser kvarandre
- Handlinga, om at me skal gjere andre godt, uansett forutsetningar
- Alle er unike
- Me må vere bevisste om korleis me handlar, og ser andre
- At me gjer andre utfordringar ut frå deira forutsetnadar
- At likeverd ikkje tyder å behandle alle likt
- Alle er like verdifulle
- At me verdsetter ulikskap
Livsmeistring
Dette betyr det og slik kjem det til uttrykk i Sekse barnehage og SFO
- Gje kvarandre tid
- Gje rom for å prøva sjølv, og setje av tid til det
- Oppmuntre kvarandre
- Støtte kvarandre
- Når me føler me har bidrege til noko positivt
- Me vert stolt når nokon meistrer
- Når me kan bidra til at nokon meistrer
- Å klara noko ein ikkje trudde ein klarte
- Gje kvarandre strategiar for å takla motgang
- Å få bekreftelse/tilbakemelding på at det me gjer er riktig
Integritet
Dette betyr det og slik kjem det til uttrykk i Sekse barnehage og SFO
- Trygg på seg sjølv
- Mot til å ta eigne valg
- Mot til å vera unik
- Å vera ærlig
- Viss likeverd er ein innarbeida verdi er det lettare å opparbeida seg integritet
- Sjølvhevding
- Respektera kvarandre, barn og vaksne
- Støtte, i alle valg
- Trygg i sine valg
- Å vera tru mot seg sjølv
- Å stå i mot gruppepress
Raushet
Dette betyr det og slik kjem det til uttrykk i Sekse barnehage og SFO
- Gjer noko uten å forventa å få noko i retur - prososial åtferd
- Utsetta eigne behov
- Frivillig hjelp
- Å gi av si egen tid
- Å visa sympati og empati
- Å støtta andre
- Å gjer gode handlingar
- Å sjå andre sine utfordringar
- Å tilby hjelp
- Anerkjenna andre
- Å tilgi
Satsingsområde: Språk og kommunikasjon
I rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver står det at barnehagen skal bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer. I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialektar gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå notid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leiker med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling.
Her i Sekse barnehage og SFO kjem me til å ha fokus på å lære gjennom leiken og gjennom kvardagsaktivitetar. Me kjem òg til å halde fram med teikn til tale, noko som viser seg å vere ei god støtte for alle barn. Me skal ha faste språkgrupper gjennom veka der me tek utgangspunkt i barns medverknad, og dei ulike barna sine forutsetningar for å legge til rette for god språkutvikling, og ikkje minst språkglede. Me vil òg halde fram med det gode samarbeidet me har med biblioteket.
Utviklingsområde: Mat og måltid som pedagogisk arena
Mat og måltid er eit utviklingsområde for Sekse barnehage og SFO. Me ynskjer å nytte barnehageåret 25/26 til å halde fram med å lære meir sunn og næringsrik mat, og om måltidet som pedagogisk arena. Dette er òg eit område som me ut frå brukarundersøkinga desember 2022 treng å setje fokus på. Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver skriv “Vanar og handlingsmønster tek form alt frå tidleg alder av. Gode vanar som ein tileignar seg i barnehagealder, kan vare livet ut. Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse”.
Hausten 2025 startar me opp med prosjektet “Frå flor til bord” som ei fortsetjing av “frå fjord til bord” i 23/24 og “Frå jord til bord” i 24/25.
Sosial kompetanse - sentralt for trivsel og meistring
Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver seier at sosial kompetanse er ein forutsetning for å fungera godt saman med andre. Det omhandlar ferdigheiter, kunnskaper og haldningar som utviklast gjennom sosialt samspel.
Barn er sosiale heilt frå fødselen, og dei kommuniserar med vaksne og kvarandre både gjennom kroppslege og språklege handlingar. Sosial kompetanse handlar om å kommunisera og samhandla godt med andre i ulike situasjonar. Denne kompetansen er sentral for at enkeltbarnet skal lykkast og trivast, og for at det skal verte verdsatt som ven og likeverdig deltakar i samspelet med dei andre barna. Eit barn som samhandlar godt med andre, kan både tilpasse seg fellesskapet og være ein synlig deltakar som hevdar sin plass. Forskning viser at barns evne til å etablera vennskap i stor grad heng saman med den sosiale kompetansen deira. I relasjonene til vaksne og barn i barnehagen videreutviklar barnet den sosial kompetansen som det treng i relasjonar til andre menneske generelt.
-
Sjølvfølelse
å oppleva eigenverd, akseptera seg sjølv, kjenna seg akseptert, oppleva indre styrke og ha ein positiv haldning til seg sjølv
Empati
å ha forståelse for andre sine perspektiv, tankar og kjensler, kunne leve seg inn i andre sin situasjon, visa medkjensle, ta hensyn og kunne tolke og forstå kjensleuttrykk
Prososial åtferd
å ha positive, sosiale holdningar og å kunne utføra handlingar som å oppmuntra, bry seg om, visa omsorg, hjelpa til og dela med andre
Sjølvhevding
å kunne hevda seg sjølv og eigne meninger på ein god måte, våg å stå imot gruppepress, ta initiativ og bli med på leIk og samtalr som allereIe er i gang, delta uoppfordra og invitera andre
Sjølvkontroll
å kunne tilpassa seg ulike situasjonar, takla konflikter og utsette eigne behov og ynskjer i situasjonar som krev turtaking, kompromiss og felles avgjersler
Organisering av barnehagen
Sekse barnehage og SFO er ein to-avdelings barnehage, og i tillegg har me SFO-tilbod på ettermiddagstid. Bygget, som er den gamle skulen på Sekse ligg plassert midt i smørauga mellom fjord, fjell og frukttre i Ullensvang kommune. Plasseringa gjer oss mange gode muligheter til variert uteliv, noko me nyttar oss mykje av i kvardagen. Me samarbeider godt med bønder og andre i nærmiljøet, har faste turområder me går til og barna i alle aldersgrupper er ute på tur minst ein gong i veka. Kvardagen er prega av leik, læring og glede, og personalet er opptatt av å vera trygge og tydelege vaksne. barna er fordelt på to avdelingar etter alder og utvikling, og me har fokus på små grupper for at kvart enkelt barn skal ha dei beste moglegheitene for å kjenna seg trygge, trivast og meistra ut i frå eigne forutsetningar.
Avdelingar
Grøn avdeling finn de i første etasje i bygget, inn døra til venstre. Grøn er avdelinga for barn frå 1-3 år, og her er det trygghet, omsorg, sansing og utforsking som står i fokus. For å kjenna seg trygge i barnehagen treng barna i denne aldersgruppa kjente vaksne og faste rutinar. Når barna kjenner seg trygge tørr dei å utforska og å leika. Avdelinga er godt tilrettelagt for leik for små barn. Rommet er oversiktlig og me har det meste me treng lett tilgjengelig rundt oss. På den måten skapar me trygge rammer for barna.
Blå avdeling ligg òg i fyrste etasje i bygget. Avdelinga disponerer to rom nede; eit stort leikerom og eit rom for rolegare aktivitetar, der det òg er kjøken. Blå avdeling disponerer òg eit rom oppe i andre etasje som vert brukt til formingsaktivitetar og spesialpedagogikk.
I alderen 3-5 år er leiken prega av det barna sjølv opplever og ser rundt seg. Barna etterliknar dei vaksne sin verden og prøver ut ulike rollar. Dei har ein livleg fantasi, i barna sin verden er alt mogleg. Rolleleiken utviklar seg, og dei kan halda på lenge med same leik over tid. På Blå avdeling har me fokus på å legga til rette for god rolleleik. Me har delt det store leikerommet i mindre soner slik at barna kan finna roen i leiken, og at barna kan leika ulike ting på same tid. Me har òg fokus på at dei vaksne er aktive og støttar barna i leiken.
SFO har lokaler der det tidligare var Raud avdeling. Rammeplanen for SFO (2021) seier at SFO skal byggja vidare på grunnleggjande verdiar som er felles for barnhagen og opplæringa. Det står vidare at SFO skal dekkje behovet barna har for omsorg og tilsyn, samtidig som det blir gitt rik moglegheit for meiningsfull fritid og leik. SFO skal bidra til trivsel og glede i sjølvvald leik og tilrettelagde aktivitetar, og gi rom for rekreasjon og kvile. (KD 2021)
Hovudoppgåver
Progresjon
Progresjon i barnehagens innhald er noko som vert vektlagt i rammeplanen. Det står blant anna at:
«Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehagens innhold, og barnehagen skal legge til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte leke-, aktivitets- og læringsmuligheter. Personalet skal utvide og bygge videre på barnas interesser og gi barna varierte erfaringer og opplevelser.» (KD 2017: 44)
Progresjon kan tenkast både lineært (t.d. eplefrø – eple – epletre – fleire eple) og meir komplekst (eplejuice – smak – lukt – taktilt – eple - bruksområde – epletre – klatring osv.) Personalet arbeider for å skapa eit tillegg til det barna opplever, erfarer og erkjenner, og utvider det barna allerede er interesserte i. Det handlar ikkje om fasitsvar, men om prosessen der barna opplever, erfarer og reflekterer og sjølv oppdager samanhengar og skaper teoriar om verden rundt seg.
I vår barnehage legg me vekt på at det skal vera ein naturleg progresjon mellom dei ulike avdelingane, men og at det vert tilrettelagt for progresjon i gruppa og individuelt. Me som vaksne må møta kvart einskild barn der dei er til ei kvar tid, ved å vera den trygge støtta dei treng, samstundes som me utfordrar dei til å prøva litt meir, og meistra meir. Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal få utvikla seg, læra og oppleva framgang.
Barnehagen skal leggje til rette for progresjon gjennom val av pedagogisk innhald, arbeidsmåtar, leiker, materiale og utforming av fysisk miljø. Barna skal få utfordringar som er tilpassa erfaringane, interessene, kunnskapane og ferdigheitene sine. Det krever at personalet oppdager kva barna er opptatt av, legg til rette for meistring og passelege utfordringar, introduserer nye perspektiv og planlegg for progresjon for alle barn.
Me legg til rette for at alle barn i alle aldersgrupper får varierte høve til leik, aktivitetar og læring. Me tek utgangspunkt i det enkelte barnet sine utviklingsområder, og utvidar og byggjer vidare på barna sine interesser og gjer dei varierte erfaringar og opplevingar. Personalet skal oppdage, fylgje opp og utvide det barna allereie er opptekne av. Me jobbar mot at barna skal oppleva meistring, samstundes som dei har noko å strekka seg etter.
Me er bevisste på kva type material, bøker, leiker og utstyr som er tilgjengeleg for barna, at det er tilpassa deira utviklingsnivå og interesser.
Me er òg bevisste på å leggje til rette for fordjuping, attkjenning og gjentaking i innhaldet og arbeidsmåtane til barnehagen
Arbeidsmåtar
Det pedagogiske innhaldet i Sekse barnehage er under kontinuerlig utvikling. Planlegginga vert basert på kunnskap om born si utvikling og læring, både individuelt og i gruppe, på observasjon og dokumentasjon, systematisk vurdering og på samtalar med barn og foreldre.
“Barnehagens innhald skal vera allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa. I barnehagen skal barna få leika og utfolda skaperglede, undring og utforskartrang. Arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk skal sjåast i sammenheng og samla bidra til barns allsidige utvikling” (KD 2017)
I Sekse barnehage tek me utgangspunkt i barna sine erfaringar og interesser, og varierer mellom spontane og planlagte aktivitetar. Kvar dag vert barna delt i mindre grupper slik at me sikrar at alle vert sett, hørt og får tilpassa aktivitet ut frå alder og utvikling. Me arbeider ofte ut frå tema eller mindre/større prosjektarbeid ut frå barna sin medverknad.
Omsorg
Det viktigaste for barns trivsel, utvikling og læring er å føla seg trygge. For å skapa trygghet for barna treng me vaksne som viser omsorg, rettleier, set grenser og er gode førebilde gjennom haldningar og væremåte. Personalet i Sekse barnehage og SFO arbeider for å vera vaksne som ser barnet som eit unikt og kompetent menneske som medverkar til å skapa sitt eige tilvære. Her skal alle barn oppleva at dei vert sett, høyrt, forstått og respekterte, og dei skal få den hjelpa og støtten dei har behov for.
Slik gjer me det:
- Personalet har fokus på å bygga grunnleggande gode relasjonar med barna
- Personalet ser kvart enkelt barn, og deira ulike behov
- Barna vert møtt på sine premiss og med sine føresetnader
- Personalet er varme og trygge vaksne
- Ved oppstart får barnet tildelt ein primærkontakt som har ansvar for å bygga god relasjon til barnet, kommunikasjon med heimen og sikra barnet ein god start
- Personalet oppmuntrar og støttar barna til å uttrykka kjenslene sine
- Personalet er sensitive for kva barna uttrykker og følger opp behovet deira for omsorg
Leik
For barn er leiken ein naturleg tilstand og eit mål i seg sjølv. Gjennom leiken utforskar og prøver barnet ut eigne evne til omsorg, handling, mot og innleving. Difor er det viktig å ikkje berre sjå leiken som eit pedagogisk verkemiddel for å fremmja læring og utvikling. Ut frå nyare forsking veit me at i barn si utvikling er leiken det som best utviklar barnas ibuande moglegheiter, og at leik og utvikling påverkar kvarandre gjensidig.
Barn som ikkje har erfaring, eller kunnskaper om leik kan ha vanskeleg for å sjå, og forstå leikesignala. Dette kan føre til at dei ikkje deltek i leiken og i fellesskapet. Vaksne må vera støttande stillas for barna, og læra dei ulike måtar å leika på slik at dei kjem inn i leiken på sine premiss. Grunnleggjande for dette arbeidet er at barna føler seg trygge og verdsett slik at dei torer å prøva, utforska, oppdaga og lytta til kva andre formidlar. Det er samstundes viktig at ein jobber med å ha eit inkluderande og aksepterande klima i barnegruppa.
Slik gjer me det:
- Personalet er støttande stillas for borna i leiken, lærer dei ulike måtar å leika og å koma inn i leiken på.
- Personalet verner om leiken og er bevisst leiken sin verdi
- Personalet er tilgjengelig i leiken, enten som deltakar, observatør eller tilretteleggjar
- Romma er tilrettelagt for ulike typar leik og barna har tilgang til eit utval av leiker og materiell
- Personalet observerer kva barna er interessert i og tilrettelegg rom og miljø ut i frå dette, og vidare inspirerer barna til å utvida leiken
- Personalet har gode rutinar for observasjon slik at det vert fanga opp om barn har behov for ekstra støtte
- Personalet har god dialog med føresette om kva og med kven barnet deira leikar med
Danning
Danning er ein prosess som foregår heile livet og handlar mellom anna om å utvikla evna til å reflektera over eigne handlingar og veremåtar. Det handlar om å setja barna i stand til å tenka sjølve, søka kunnskap, reflektera over og vurdera vedtatte sanningar, stilla spørsmål og yta motstand på eigne og andre sine vegne. Danning er å utvikla kunnskap, verdiar og haldningar saman, gjennom dialog der alle vert anerkjent som sjølvstendige menneske med kjensler og tankar i ein felles prosess.
Den vaksne si rolla er å vera ein god samtalepartnar, samhandlingspartnar og rettleiar – og ikkje minst vita når ein bør vera tilstades. Noko av det viktigaste i danningsprosessen er å gje barna god sjølvkjensle slik at dei gjennom den kan forstå seg sjølv og andre.
Slik gjer me det:
- Personalet viser respekt for barna sin kommunikasjon og viser interesse for det barnet uttrykker
- Personalet filosoferer ilag med barna og stiller gode spørsmål som utfordrer til å reflektere sjølv
- Personalet har fokus på å gje barna ei god sjølvkjensle; barna får bekrefte sine tankar og kjensler, opplever å verta tatt på alvor og få tillit, opplever å få bidra i fellesskapet og opplever meistring
Læring
Barn kan læra gjennom alt dei opplever og erfarer på alle område. Læring i barnehagen vil vera prega av kvaliteten i samspelet mellom barn og personale. Det å gi barna mestringskjensle aukar barna si lyst til vidare utforsking, læring og utvikling, og styrkjer sjølvkjensla. I Sekse barnehage legg personalet vekt på at barna lærer ting dei har nytte av her og no, men legg også til rette for læring barnet vil ha nytte av seinare – barnehagen skal vera ei oppdagingsferd for barnet her og no, men også ein treningsarena for vidare skulegang og livsprosjekt.
Slik gjer me det:
- Personalet tek utgangspunkt i det barna allereie interessert i og byggjer vidare på dette
- Personalet legg vekt på ein anerkjennande væremåte i høve barn si læring
- Personalet er merksame på interessene til barna og legg til rette for læring i ulike situasjonar og aktivitetar
- Barna får rike og varierte opplevingar, og personalet nyttar spontane moglegheiter til læring
- Personalet skapar eit stimulerande miljø på avdelinga som innbyr til utforsking og undring, t.d. materiell i høve tema barna interesserer seg for, bøker, spel, leikekrokar med ulike tema
- Personalet nyttar digitale verktøy for å finna informasjon saman med barna
- Barna får ulike erfaringar i nærmiljøet der me vert invitert til å delta i ulike aktivitetar
Vennskap og fellesskap
Barnehagen er ein viktig del av barnas sosialiseringsprosess. Dette handlar om å utvikla seg som individ, fungera i gruppe, og i samspel med andre. Eit aktivt og tydeleg personale er nødvendig for å skapa eit varmt og inkluderande sosialt miljø. Anerkjennelse, tillit og trygghet er grunnleggande element for utvikling av sosial kompetanse.
Sosial kompetanse er eit sett av ferdigheter, kunnskaper og haldningar me treng for å meistra ulike sosiale miljø. (KD 2017). Det handlar blant anna om å kommunisera, og å kunna samhandla godt med andre i ulike situasjonar. Eit barn som samhandlar godt med andre kan både tilpassa seg fellesskapet og vera ein synlig deltakar som hevder sin plass.
I Sekse barnehage skal alle barn oppleva positivt samspel med andre og erfara at dei er verdifulle i fellesskapet. For å få til dette arbeider personalet for å vera varme og autoritative vaksne som er gode på å bygga relasjonar til barna, rettleiiande, tydelege i grensesetting og å sjølve gå foran som gode rollemodellar.
-
Kvart einskild barn skal
- Oppleva eigenverd, akseptera seg sjølv, kjenna seg akseptert, oppleva indre styrke og ha ei positiv haldning til seg sjølv
- Tilpass seg ulike situasjonar samstundes som deira initiativ, medverknad og medbestemming vert sikra
- gjennom empati og rolletaking skal barna visa innleving i dei andre sine kjensler, tankar og perspektiv
- Barna skal kunne hevda seg sjølv og eigne meiningar på ein god måte
- Leik, glede og humor handlar om leikeferdigheiter som å kunne skilja leik frå annan aktivitet, tolka leikesignal, og kunna la seg riva med og føla glede, spørka og ha det morro
-
Barnegruppa skal fungera positivt for alle barn
- Hjelpa, oppmuntra, dela med kvarandre, vera merksam og visa omsorg
- Venta på tur, kunna utsetta eigne behov, medverka til kompromiss, innordna seg felles avgjersler og takla konflikt
- Stå imot gruppepress
- Bli med på, leik og samtalar som alt er i gang - delta uoppfordra og invitera andre
Personalet må
- Jobba målretta og langsiktig
- Vera gode rollemodellar, samabeida, vera lydhøyre for andre, balansera mellom å sleppa andre til og sjølv bidra i fellesskapet
- Gjennomføra samspelsanalysar
- Bygga gode relasjonar itl barna, vera tydelege på grenser ved å gi beskjed om korleis me vil at åtferda skal vera - autorative: varme og grensesettande vaksne
- Støtta barn i deira utvikling, stilasbygging
- Legga opp til individuell tilpassing, oppgåver og ansvar innanfor barna si næraste utviklingsområde
- Gjera alt ein kan for at kvart einskild barn skal lukkast som sjølvstendige sosiale individ
Kommunikasjon og språk
Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Erfaringar og opplevingar, samtalar og uttrykk er viktig for å utvikla eit godt språk, både verbalt og kroppsleg. Små barn utan verbalt språk kommuniserer ved hjelp av andre uttrykk som mimikk og rørsle. Barnet gir meldingar og innspel som omsorgspersonane må tolka og ta omsyn til. Korleis barnet sitt potensial for utvikling blir ført vidare er avhengig av om og korleis miljøet rundt barnet klarar å gi barnet den støtte det treng. Dette er avhengig av miljøet si evne til å ta i mot bodskapen til barnet og gi konstruktiv respons på den. Språkutviklinga skjer gjennom sosialt samspel og er ein del av barnet si kognitive utvikling. Me ynskjer å legga til rette for at barna skal kunna utvikla eit rikt og variert språk. Me legg til rette for aktiv språkbruk for alle barn, og fokuserer på at dei vaksne er gode språkmodellar.
Slik gjer me det:
- Samlingsstunder med eventyr, songar, regler og dikt. Me brukar ofte konkrete gjenstandar i formidlinga, gjenstandar og figurar som er relevante i forhold til det teksten handlar om.
- Språkgrupper: Me oppmuntrar fleirspråklige barn spesielt til språklig aktivitet. Me støtter barn med kommunikasjonsvanskar og forsinka språkutvikling.
- Faste lesestunder.
- Lesing ved bruk av digitale verktøy.
- Daglig kommunikasjon i naturlege situasjonar.
- Leik i eit språkstimulerande læringsmiljø.
- Besøk på biblioteket.
- Besøk av biblioteket ein fast dag i veka .
Medverknad i planlegging av barnehagen si verksemd
Barna sin medverkna
Alle barn i barnehagen, uavhengig av alder og utvikling, har lovfesta rett til å medverka til eigen kvardag i barnehagen. Medverknad kan tolkast på ulike måtar, og i Sekse barnehage tolkar me omgrepet i ein vid forstand der medverknad gir barn fysisk og psykisk rom til å uttykkje seg, og samhandla med andre. Me tek omsyn til kvart enkelt barn, samstundes som me tar omsyn til barnegruppa og fellesskapet.
Barn gir uttrykk for korleis dei har det og korleis dei oppfattar eigen situasjon gjennom kroppslege signal, ved hjelp av verbalspråket og gjennom andre uttrykksmåtar som teikning og leik. Personalet observerer og følgjer opp uttrykka til barna og bruker dei vidare spontant og i planlegging. Nokon av måtane å gjera det på er t.d. ved å bruka praksisforteljingar, bildedokumentasjonar og å vurdera saman med barna. Me har fokus på å skapa faste møteplassar der barna får uttrykka seg og gi sitt syn på innhaldet i barnehagen. Slike møteplassar kan t.d. vera samlingsstund, rundt fruktmåltidet og planlagde barnesamtalar.
Medbestemming er ein del av medverknad og handlar om å vera med å bestemma og å ta beslutningar. Barn har rett til å få muligheten til å ta beslutningar for seg sjølv, men samtidig er det viktig at me har med oss at barna heller ikkje skal få meir ansvar enn dei er rusta til å ta. Barna må ikkje stillast til ansvar for å ta avgjersler dei ikkje er klare for.
Foreldra sin medverknad
Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver seier at barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal ivareta foreldra sin rett til medverknad og samarbeide nært og i forståing med foreldra. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikla seg. Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra. Dagleg kontakt og uformell småprat om barnet og det som foregår i barnehagen, er ein viktig base for foreldresamarbeidet.
Foreldra kjenner barnet sitt best og er dei viktigaste omsorgspersonane for barna sine. Difor er dei òg ein viktig ressurs for barnehagen som me ønskjer å ha eit nært og godt samarbeid med. God kommunikasjon mellom personal og foreldre er ein føresetnad for godt samarbeid. Barnehagen ønskjer regelmessig kontakt og at samarbeidet skal bygga på gjensidig tillit og respekt.
Foreldresamarbeidet skjer både på individnivå med foreldra til kvart enkelt barn, og på gruppenivå. Barnehagen tilbyr foreldresamtalar to gonger i året; ein gong på hausten og ein gong på våren (og ellers ved behov). Samarbeidet skal sikre at foreldra får medverke til den individuelle tilrettelegginga av tilbodet.
Foreldremøter er og ein viktig samarbeidsarena mellom barnehagen og heimen. På foreldremøta tek barnehagen opp ulike tema, me har gruppearbeid og jobbar gjerne med resultat frå foreldreundersøkinga. Det er to foreldremøter i året, eit på hausten, og eit på våren. Andre forum der foreldra kan medverke er gjennom Foreldrerådet og Samarbeidsutvalet. Me oppfordrar foreldra til å ta kontakt om dei har spørsmål og/eller innspel gjennom heile barnehageåret.
Samarbeidsformer som ellers skal sikra foreldra sin medverknad:
- Dagleg kontakt når barna kjem, og når barna vert henta i barnehagen
- Oppstartsamtalar/møte med nye foreldre
- Årsplan, vekeplanar
- Bildekollasjar jamnleg
- Dokumentasjon
- Sjå foreldra som ein ressurs
- Brukarundersøkingar
- Ulike arrangement som foreldrekaffi, påskefrukost og sommaravslutting
- Dugnadar
- Visma flyt barnehage-appen
Annan informasjon
Vurdering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
Vurdering er ein føresetnad for endring og utvikling av innhaldet i barnehagen. Ved å vurdera internt må me sjå på eigen praksis og reflektera rundt om praksisen samsvarar med måla våre. Vurderingane gjer me med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå barn og føresette, observasjonar, barnesamtalar og personalet sine refleksjonar. I Sekse barnehage vurderer me både fortløpande på ulike møtearenaer i barnehagen. Målet med vurderingane er å skapa ein god barnehage for enkeltbarnet og for barnegruppa som heilhet.
Slik gjer me det:
- Gjennom heile året: evaluering av eigen praksis på bakgrunn av tilbakemeldingar frå barn, føresatte og andre som er tilknytt barnehagen
- Haust 2025 - foreldremøte der foreldra kjem med tilbakemeldingar til barnehagen på sterke sider og utviklingsområder - IGP arbeid
- Desember - foreldreundersøking der foreldre får gi sitt synspunkt på barnehagen
- Januar - barnehagen evaluerer praksis ut frå foreldreundersøking
- Vår 2026 - foreldremøte med vurdering og refleksjon kring året som har gått - IGP arbeid
Tilvenning av nye barn
Ei god tilvenning i barnehagen er viktig for at barnet skal få ein best mogleg start i sin nye kvardag. Ein mjuk start gir eit godt grunnlag for ein god barnehagekvardag. Det er store individuelle forskjellar på kor raskt eit barn venner seg til sine nye omgivnader, og der enkelte barn finn seg raskt til rette vil andre bruka noko lengre tid. Dette finn me ut av i samarbeid med heimen når barnet begynner.
For å gjere tilvenninga meir glidande oppmodar me om å koma innom på besøk i forkant av tilvenninga, slik at barnet kan møta dei vaksne, barna og gjera seg litt kjent både ute og inne i barnehagen. Før oppstart tar barnehagen kontakt for å avtala heimebesøk. Når barnet kjem på tilvenning vil de få tildelt ein primærkontakt som har særskilt ansvar for å fylgja opp born og foreldre. Primærkontakten skal vera barnet sin trygge base og skapa eit trygt fundament for barnet den første tida. Barna kan gjerne ta med ein kjent bamse, klut, leika eller noko som betyr noko for barnet. Detta kan minna om mor/far og representera tryggleik, og kan hjelpa til å gjera overgangen til barnehagen litt lettare.
Ein god start for både barn og foreldre er viktig, og ein gjensidig og varm kommunikasjon mellom personal og føresette vil ha ein positiv effekt for trivnaden til barnet. Når personalet ser barn og foreldre saman vil dei få informasjon om korleis barnet kommuniserar og barnet sine vanar. Denne informasjonen bidrar til at personalet seinare kan kjenna att signala og lettare tolka barnet sitt behov.
Slik gjer me det:
- Pedagogisk leiar sender ut velkomstbrev i god tid før barnet startar i barnehagen
- Foreldre og barn kan koma innom på besøk i forkant av tilvenninga
- Møte i barnehagen for nye barn og deira foreldre
- Pedagogisk leiar avtalar heimebesøk før tilvenning
- Informasjonshefte om barnehagen, tilvenning, med meir, til barn og foreldre
- Foreldra bør setta av minimum 1 veke til tilvenning
- Personalet er tett på og sender melding/ringer til føresette for å fortelja korleis barnet har det
Overgangar mellom avdelingar
I Sekse barnehage har me to avdelingar, og i løpet av barnehagetida vil det skje ein overgang frå småbarnsavdeling til storbarnsavdeling. Overgangen til ny avdeling inneber mange endringar for barnet; nye vaksne, ny garderobeplass, nye rom, nye barn, større barnegruppe, nye rutinar m.m. Det er stor forskjell frå å vera eldst på småbarnsavdeling til å bli yngst på storbarnsavdeling. Det er viktig at personalet er bevisst denne overgangen og arbeider med tilvenning til ny avdeling. Dette inneber at avdelingane må samarbeida tett slik at personalet på småbarnsavdelinga kan arbeida for å førebu barna i god tid.
Slik gjer me det:
- Samarbeid mellom avdelingane gjennom heile året på morgon og ettermiddag, men òg ellers ved behov. Dette fører til at alle barn vert trygge på alle barn og vaksne i barnehagen.
- Fast samarbeidsdag på våren der dei som skal over på stor avdeling/SFO til hausten er på besøk og gjer seg kjende med barn, vaksne og lokala.
- Fast tur på tvers mellom avdelingane.
- Tett samarbeid med foreldre gjennom til dømes foreldresamtalar og i dagleg kontakt.
- Overgangssamtalar der informasjon om barnet vert formidla.
- Roleg tilvenningsperiode i starten av nytt barnehageår, der fokus er å byggja gode relasjonar.
- Småbarnsavdelinga lånar lokala til storbarnsavdelinga når den er ledig slik at barna kan utforska lokala innanfor trygge rammer.
Samarbeid med Opedal skule og Veisane barnehage
Barnehagen skal i samarbeid med Opedal skule og føresette legga til rette for at barna får ein trygg og god overgang til skulen.
Siste året i barnehagen har førskulegruppa faste dag i veka med eige opplegg i førskuleklubben. I klubben får barna undra seg, vera nysgjerrige, leika, læra og ha det moro på veg til skulen. Barna får gjennom tett oppfyljing av vaksne leggja grunnlaget for å utvikla ferdigheter som er viktige både her og no og vidare i livet.
Arbeid med sosial kompetanse, språk, sjølvregulering og matematikk er områder som er sentrale i klubben. Det er oppretta samarbeid med Veisane barnehage der det og går barn som skal begynna i 1. klasse på Opedal skule. Førskulegruppene besøker kvarandre sine barnehagar og har ulike aktivitetar ilag slik at dei kan verta litt kjent før skulestart. Dette er med på å skapa ei byrjande klassekjensle for barna.
Slik gjer me det:
- Opprette førskuleklubb for førskulegruppa
- Innskriving på Opedal skule (barn og føresette)
- Samarbeid med Veisane barnehage. Ein fast besøksdag gjennom året.
- På skule/SFO besøk
- Overgangssamtale med skulen (må ha samtykke frå føresette)
- Avslutningstur til Mikkelparken
Espen Bukve