Sekse barnehage og SFO

Sekse barnehage og SFO har to avdelingar, og i tillegg har me SFO-tilbod på ettermiddagstid. Bygget, som er den gamle skulen på Sekse ligg plassert midt i smørauga mellom fjord, fjell og frukttre i kommunen. 

Oversynsbilete over barnehage bygg med lekeareal i framgrunn.  - Klikk for stort bilete Espen Bukve

Opningstid

  • Opningstid for barnehage: kl. 07.00 – 16.00
  • Opningstid for SFO: kl. 13.00 - 16.00

Elevar frå Opedal skule kan nytte seg av SFO tilbod ved Sekse barnehage og SFO. Føresette kan søkje om gratistilbod (G12) for barn i 1., 2., og 3. klasse:

  • Måndag: kl. 13.20- 15.45
  • Tysdag - torsdag: kl. 13.00- 15.25
  • Fredag: kl. 12.15- 14.40
  • Fullt ettermiddagstilbod er til kl. 16.00 kvar dag.

Om barnehagen og SFO

Tryggheit, trivsel og meistring – alltid for alle.

Kvardagen er i barnehagen prega av leik, læring og glede, og personalet er opptatt av å vera trygge og tydelege vaksne. Me har fokus på små grupper for at kvart enkelt barn skal ha dei beste moglegheitene for å kjenna seg trygge, trivast og meistra ut i frå eigne føresetnader.

Heile uteområdet vårt er totalrenovert slik at det vert ein kjekk og utfordrande stad å vera.

Årsplan for barnehagen

Her finn du oss