Årsplan Røldal barnehage 2025 - 2026

Ein trygg plass å væra, ein god plass å læra

Fastsett av SU ved Røldal barnehage, januar 2026.

Innleiing

Hovudoppgåver for Røldal barnehage

Barnehagen skal vera ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gje barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngjeve i barnehagelova og rammeplanen.

Mål og visjon for Røldal barnehage

Ein trygg plass å væra ein trygg plass å læra

I Røldal barnehage er visjonen vår at barnehagen skal vera ein trygg og god plass å vera og i tillegg vera ein god læringsarena. Læring både gjennom sjølvstyrt og vaksenstyrt aktivitet.

Røldal barnehage er ein natur og kulturbarnehage. Me jobbar mykje i barnehagen for å fremja naturen og kulturen til bygda. Me brukar naturen og nærmiljøet aktivt. Barnehagen er ein kulturberar. Kulturen - kven er me? Bygda og barnehagen. Identiteten vår.

Kultur - song, språk (dialekt og nynorsk), måleri, segner, bakst, bygningar, historien, kyrkje/kyrkjehistorie, bondekultur, jakt, slakting, ski, vannkraft, husdyr, ville dyr osb.

Organisering av Røldal barnehage

Røldal barnehage har halde til i Røldal grendahus siden 1987. Barnehagen vart oppgradert 2023 / 2024. Røldal barnehage er ein avdelingsbarnehagen med barn i alderen 1-6 år. Me har 24 plasser. Me organiserer barnehagen i 2 grupper fordelt på små og store. Jupo er 6 barn (12 plassar) og Jasen er 9 barn (9 plassar).

Gruppene er kvar for seg i kjernetida. Morgon, utetid og ettermiddag er ein meir samla og gruppene samarbeider godt seg i mellom.

Hovudoppgåver

Omsorg

Omsorg er ein føresetnad for at barna skal vere trygge og trivast, og for at dei skal utvikle empati og nestekjærleik. Barnehagen skal gi barn høve til å utvikle tillit til seg sjølve og andre. I barnehagen skal alle barn oppleve at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Barnehage skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som og verdset omsorgshandlingane til barna. (Rammeplan for barnehagen 2017, s. 19)

Personalet i Røldal barnehage skal sørga for:

  • Å sjå kvart enkelt barn
  • Møte barna på kjenslene deira
  • Det vert gjeve rom for kvart enkelt barns behov
  • Trivsel og tryggleik
  • At me er autoritative vaksne - det vil seie varme og grensesetjande
  • Gje rom for humor og glede

Leik

Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik - åleine og saman med andre.” (Rammeplan for barnehagen 2017, s. 20)

Illustrasjon i blått av eit barn som sklir på ei sklie med hendene i været. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Personalet i Røldal barnehage skal tilrettelegga for:

  • ulike leikesoner for inspirasjon til leik
  • at leikekassane er merka, lett tilgjengelige og i barnet si høgde
  • godt samspel og relasjonsbygging
  • inkludering/vegleiing av dei barna som fell utanfor leiken
  • aktivisera dei som fell utanfor leiken
  • vera aktive vaksne

Observera, analysera, støtta, delta i og gjera leiken meir verdifull på barna sine premissar

Danning

Danning er ein prosess der vaksne leier og rettleier neste generasjon. Gjennom danning overfører me verdiar og normer, uttrykk og handlingsmåtar. Barna må forhalda seg til samfunnet sine krav og normer og sin eigen veremåte. Me vaksne i barnehagen skal hjelpa barna til å implementera desse verdiane, normene og handlemåtane i veremåten sin.

I Røldal barnehage skal me tilrettelegge for:

  • Gode verdiar
  • Å vera gode rollemodellar som vaksne
  • Gje rom for utforskning og det undrande barnet
  • Kritisk tenkning
  • At barna kan vera med å bidra, påverka, utvikla og avgjera
  • Evna til å yte motstand
  • Lytta og samtala med barna som likeverdige samtalepartnarar

Læring

I barnehagen skal barna oppleva eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leika, utforska, læra og meistra. (Rammeplanen s. 22, 2017)

Me i Røldal barnehage har fokus på å anerkjenna nysgjerrighet, kreativitet og vitelyst hos barna våre og dette skal brukast til grunn for læring. Me har fokus på å inkludera og leggja til rette for eiga læring og andre si læring. Me støttar barna i deira initiativ, undring og nygjerrighet og spelar vidare på dette.

Mangfald, gjensidig respekt, likestilling og likeverd

I Røldal barnehage har me lang erfaring med arbeid som skal fremja respekt for menneskeverdet. Barna i Røldal barnehage lærer at me alle er forskjellige, me har forskjellige utgangspunkt i livet. Me tenkjer, handlar og lever forskjellig og at ulikskap har verdi og skal møtast med respekt. Me lærer å leva saman i eit, stort fellesskap på tvers av våre ulikskapar. Me jobbar med å synliggjera verdien av eit “felles me”. Me skal fremja likestilling der alle barn har lik moglegheit til å bli sett, høyrd og oppmuntra til å ta del i fellesskap i alle aktivitetar i barnehagen.

I Røldal barnehage er desse tinga viktig i forhold til mangfald, gjensidig respekt, likestilling og likeverd:

  • Sosial kompetanse er svært viktig for å kunna skapa eit godt mangfald og gjensidig respekt. Me er alle forskjellige, me har ulike behov og likar å gjera forskjellige aktivitetar.
  • Alle barn får kle seg ut akkurat som dei vil og vera den dei vil.
  • Felles forståing i personalgruppa at det ikkje finst jente/gute klær/fargar/leiker/bøker/yrke osv.
  • Me ser alle barna. Meininga deira betyr noko, oppmuntra dei til å ta del i aktivitetar og fellesskapet.

Eit mål me har i barnehagen er: Å styrkja gruppekjensla - den gjev barna ei felles og positiv oppleving som styrkjer samhaldet i barnegruppa.

I Røldal barnehage markerar me samane sin nasjonaldag 6. februar, denne veka har me formingsaktivitetar, joik og eventyr for å nemna noko. Samiske eventyr og musikk er og noko me kan bruka ellers i løpet av året.

I løpet av vinteren kjem barnehagen til å ha tema “E det greitt”.:

Vennskap og fellesskap

Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungera godt saman med andre. Dette omfattar ferdigheitar, kunnskapar og handlingar som vert utvikla gjennom sosialt samspel. Alle barna i barnehagen skal føla seg viktige i fellesskapet. Og eit positivt samspel med andre barn og vaksne er ein føresetnad for fellesskap og venskap. Det å kunne lære barna i Røldal barnehage ein grunnleggjande forståing av viktigheita kring vennskap og eit godt felleskap, er avgjerande for store og små i barnehagen.

Kommunikasjon og språk

Gjennom fagområdet språk, tekst og kommunikasjon har barnehagen jobba med at barna skal få utforske og utvikle språkforståinga si, språkkompetanse og kommunikasjonsformer.

I Røldal barnehage jobbar me med kommunikasjon og språk:

  • Kalender med dag, dato, månad, årstid, vèr osv
  • Rim, regler og eventyr
  • Klappar rytme i ord
  • Kims leik
  • Segner frå Røldal
  • Ulike formidlingsmåtar som blant anna lesing, dramatisering, forteljing, rollespel
  • Dagleg tale mellom barn - vaksen og barn - barn
  • Formelle og uformelle samtalar
  • Samtale under måltid - øva på å lytta, venta på tur osv
  • Rimeleik med tulleord
  • Bøker som ligg tilgjengelege for barna
  • Turar til biblioteket og høgtlesing
  • Leikeskriving
  • Språkverkstad

Medverknad i planlegging av barnehagen si verksemd

Barna sin medverknad

I Røldal barnehage er det viktig at me sikrer at barna får medverka. Alle barn skal verta høyrt og lytta til. Barna skal kunne vera med å påverka kva dei ynskjer i ulike settingar. Me skal vera lyttande og støttande ovanfor barna. Kvart barn skal verta teken på alvor.

Foreldra si medverknad

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal ivareta foreldra sin rett til medverknad og samarbeide nært og i forståing med foreldra. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eitt
felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikla seg. Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeid og god dialog med foreldra. Dagleg kontakt og uformell småprat om barnet og det som foregår i barnehagen, er ein viktig base for foreldresamarbeidet. (Barnehageloven §1).

I Røldal barnehage legg med vekt på god jamleg dialog ved levering og henting. Personale skal lytta til foreldre/foresette og forsøke å forstå deira ynskjer og behov. Barnehagen skal vera lydhøyr for dei innspel som kjem til uttrykk. Desse skal takast med vidare til pedagogisk leiar på avdeling for vidare vurdering. Interessekonfliktar og kritikk skal vidareformidlast til styrar som skal handtera saka vidare.

Alle foreldre/føresette i Røldal barnehage er ein del av foreldrerådet i barnehagen. Rådet har ein foreldrerådsrepresentant som vidareformidlar og held kontakten med barnehagen om ting som rører seg. Samarbeidsutvalet består av to representantar frå foreldre, to representantar frå ansatte, ein politisk valgt representant samt styrar som referent. Me kallar inn til foreldresamtalar to gonger i året, ein gong på hausten, november, og ein gong på våren, april/mai. Foreldremøter ved oppstart av nytt barnehageår. Me håpar å få gjennomføre eit temamøte i løpet av vinter/vår -26.

Annan informasjon

Arbeidsmåtar i barnehagen

Fire barn I blått som sitter og leiker med klosser på gulvet. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Det pedagogiske innhaldet i Røldal barnehage er under kontinuerlig utvikling. Planlegginga vert basert på kunnskap om barn si utvikling og læring, både individuelt og i gruppa, på observasjon og dokumentasjon, systematisk vurdering og på samtalar med barn og foreldre. Dette meiner me er viktig for å sikra progresjon for kvar einskild og for gruppa.

Arbeidsmåtane skal ivareta barna sitt behov for omsorg og leik, fremja læring og gje barna høve til å medverka. Me ynskjer at arbeidsmåtane skal bidra til å skapa engasjement, interesse og motivasjon, og dermed gje rom for nye erfaringar og opplevingar i barnehagen vår. Me byggjer på barnas erfaringar og interesser og vekslar mellom spontane og planlagte aktivitetar. Personale er godt førebudd til samlingar og dei vaksenstyrte aktivitetane som me har med dei ulike gruppene.

Me jobbar både temabasert med fokusområder gjennom året for å sikra at me har gjennom eit mangfald av omgrep og tema, samt prosjektbasert der barna har større påverknad på innhold og framdrift. Me arbeider mykje tverrfagleg med dei ulike fagområda med gruppene og i mindre grupper t.d. ved språkleik/trening og tur samt andre tilrettelagte aktivitetar ut frå alder.

Vurdering av pedagogisk arbeid i barnehagen

Tema og prosjekter vert evaluert fortløpande etter kvart som me avslutter dei. Me vurderer og observerer barn sin trivsel og utvikling fortløpande gjennom året.

Vurdering skal vera til hjelp for dei vaksne når dei planlegg, og medverka til å sikre at barnehagen utviklar seg på ein medviten måte. Observasjon av korleis enskild barn trivst, lærer og utviklar seg, er ein viktig del av kvardagen i barnehagen og sikrar ei individuell oppfølging av barna, men det er og viktig å sjå korleis heile barnegruppa fungerer i leik og sosialt samspel. Vurdering inneber sjølvrefleksjon og er ein føresetnad for endring og utvikling av innhaldet og praksis i barnehagen. Me nyttar praksisforteljingar for å blant anna reflektera over praksisen vår. Me reflekterar rundt det som skjer i barnehagen i det daglege arbeidet og vurderer det pedagogiske arbeidet fortløpande. Me vurderer i dei ulike møtearenaene me har i barnehagen, som leiarmøter, avdelingsmøter, personalmøter, planleggingsdagar osv.. Føremålet med vurderinga er og å sjå om vår daglege praksis samsvarar med barnehagen sin rammeplan og barnehagelova, årsplanen og fagplanen. Vurderingsarbeidet vårt er og basert på tilbakemeldinger frå barn og foreldre, observasjonar, barnesamtalar og dokumentasjonsarbeid samt refleksjonar hjå personalet.

Målet med vurdering i barnehagen er å skapa den gode barnehage for det einskilde barnet. Vurderingane som vert gjort er utgangspunkt for vidare og ny planleggjing av arbeidet vårt.

Tilvenning av nye barn

Barnehagen legg vekt på at barna skal møta eitt trygt og godt miljø når dei startar i barnehagen. Det er viktig at oppstarten er trygg og god både for foreldre, barna og dei tilsette.

Barnehagen jobba ut ifrå tryggleikssirkelen som er eit verktøy me bruker for å forstå å møta barna sitt behov. Tryggleikssirkelen er ein visuell sirkel, der den vaksne er den trygge og sikre hamna. Når barnet er utforskande, beveger det seg ut frå den trygge havna, barnet då oppe i sirkelen. Barnet er framleis avhengig av vaksne i form av støtte, hjelp ved behov og glede med barnet. Når barnet er nede i sirkelen har barnet behov for beskyttelse, trøst, godhet og organisering av kjenslene sine (Powell, Cooper, Hoffman, Marvin, 2015).

Mørkeblå siluetter av fem personer i ulik alder som held hender og går mot oss. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Foreldra fylgjer barnet sitt til ein ny arena når dei byrjar i Røldal barnehage. Gjensidig og varm kommunikasjon mellom oss i personalet og førersette har ein positiv effekt på korleis barna vil fungera og trivast. Foreldre sin nærleik og kunnskap om eige barn er grunnlaget for samarbeidet. Det er individuelt korleis barna tilpassar seg ein ny kvardag i barnehagen. Det er uansett lurt å setja av minimum tre dagar til tilvenninga.

Dag 1 (varighet: ca. 1-2 timar)
Det er best om foreldra held seg i nærleiken av barnet og er tilgjengelig heile tida på avdelingen. For personalet er det nyttig å sjå barnet saman med sine foreldre. Det gjer informasjon om blant anna barnets vanar og måtar å kommunisera på. Denna informasjonen vil seinare bidra til at dei vaksne i barnehagen kan kjenna igjen signala og kan lettare tolka barnet sitt behov.

Dag 2 (varighet: ca. 2-5 timar)
Personalet overtek meir av ansvaret for barnet, tryggleik og tillit skal dannast i samspel. Andre dag kan det vera tid for å forlata barnet aleina saman med personalet i ein kortare periode - om personalet opplever det som trygt for barnet.

Dag 3 (varighet: ca. Etter avtale)
Det kan vera tid for å forlata barnet i barnehagen. Kor lenge ein skal vera vekke blir avtalt på førhand, men det kan vera smart å vera så lenge vekke at barnet både har rukke å eta, sova og leika.

Viktig at foreldre alltid er tilgjengelege slik at barnehagen lett kan få kontakt. For mange blir det opplevd som vanskeleg å overlata barnet til nokon ein ikkje kjenner. Nokre foreldre føler seg usikre i forhold til om dei gjer det rette for barnet, eller om barnet vil trivast i barnehagen.

I Røldal barnehage ringer med eller sender sms om korleis det går om foreldre ynskjer det for at dei skal føla seg trygge. Sender også gjerne bilete av barnet i leik. Dette for å skapa tryggleik for foreldre.

Resten av veka
Anbefaler me at barnet har kortare dagar i barnehagen. Dette for å få ein rolig og fin start på ny kvardag.

Overgang mellom avdelingar

Foreldra vert informert på foreldresamtale i forkant om at barnet skal flyttast over på ny gruppe. Barna i Røldal barnehage går mykje på tvers av gruppene, og er godt kjent med både vaksne og ungar.

Samarbeid

Med Røldal skule

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skule leggja til rette for at barna kan skal få ein trygg og god overgang frå barnehagen til skulen og eventuelt SFO. Dei eldste barna skal få moglegheit til å gleda seg til å byrja på skulen og oppleva at det er ein samanheng mellom barnehage og skule.

I Røldal barnehage er me heldige som har skulen så nærma og gjev oss ein unik mulighet til å eit godt samarbeid og gode overgangar for barnet. Me ligg veldig nærme skulen og førskulebarna får kjennskap til både barn og vaksne som gjer at dei ikkje er ukjente ved skulestart.

Ting me har i Røldal for å skapa god overgang er:

  • Skuletrening for dei eldste kvar veka.
  • Besøk på SFO - leik ute og invitasjon til ulike arrangement.
  • Besøksdagar på skulen om våren og innskrivingsdagen
  • Er med skulen på den kulturelle skulesekken for småtrinnet
  • Bading
  • Trygghet - ligg nærme kvarandre, kjente fjes. Ein ansatt som jobbar både i barnehage og SFO.
  • Besøker skulen og brukar biblioteket.
  • Me inviterer 1. klasse til arrangement i barnehagen
  • Foreldremøte for nye foreldre i slutten av juni på skulen
  • Hjelpa barna å bli sjølvstendige med toalettbesøk, påkledning osv.
  • Hjelpa dei å læra seg å kjenna igjen navnet sitt og gjerne skriva det
  • Overgangssamtale mellom pedagogiske leiarar og lærar på våren for å utveksla
    informasjon før skulestart.

Med heimen

Røldal barnehage ynskjer å samarbeidar godt med foreldra for å leggja til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Me skal tilpassa rutiner og organisera tid og rom sånn at barnet får god tid til å bli kjend, etablera relasjonar og knytta seg til personalet og til andre barn. Når barnet byrjar i barnehagen, skal personalet sørgja for tett oppfølgjinga den første tida, slik at barnet kan oppleva tilhøyrsle og kjenna at det er trygt å leika, utforska og læra. Me legg vekt på å tryggja kvart einskild barn i tilvenninga ved å ha faste, trygge vaksne som har ansvar for dei einskilde den første tida.

På våren/ tidlig sommar før barnet byrjar i barnehagen hos oss i Røldal vil barnet saman med foresatte få invitasjon til å komma på ein besøksdag i barnehagen.

Det er også ope for å koma på besøk i utetida og vera med dei andre barna å leika om dei ynskjer det.

Samtale/foreldremøte på våren/tidlig sommar for nye barn.

Illustrasjon i blått av ei eng. Gras og blomar i nærbilete.  - Klikk for stort bilete