Årsplan Rabben barnehage 2026-2027

Innleiing

Hovudoppgåver for Rabben barnehage

Mål for Rabben barnehage

Barna skal oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i Rabben barnehage!

Visjon: Å vekse i relasjonar

Vår visjon er å vera autoritative vaksne i samspel med barna, dette forebygger mobbing og krenkingar. Vi jobber med å utvikla barn sitt sosiale kompetanse, gjere barna robuste til å handtera livet.

Historien vår

Rabben barnehage opna i 1975, og heitte den gong Rabben daginstitusjon. 18. august 2010 opna dørene for nye Rabben barnehage, med 5 avdelingar. Vi erstatta Gulliver-namnet på den eine avdelinga med Askeladden.

Hausten 2013 stod det ferdig ein solid gapahuk og ei aktivitetsløype i Hovden. Det vart bygd med midlar frå Gjensidigestiftinga, med mange dugnadstimar lagt ned av foreldra i Rabben barnehage, og med hjelp frå kommunen. Aktivitetsløypa bidrar til auka fysisk aktivitet og betring av folkehelsa, for barn i barnehagen, skular og for heile Odda si befolkning. Området er mykje i bruk, og har blitt endå meir populært etter at gapahuken/aktivitetsløypa sto ferdig.

Barnehageåret 2013-14 starta vi opp med kompetansehevingsprogrammet “Være Sammen”. Det har fokus på sosial kompetanse for barna, og på vaksenrolla - å vera autoritative vaksne, dvs. varme, grensesettande og trygge vaksne. Barnehagen er ein ”Løvebarnehage"; eit omgrep som er brukt når vi gjennomførte utdanning innan Være Sammen.

Organisering av barnehagen

Vi har 5 avdelingar som heiter; 

  • Rødhette (1-4 år)
  • Smørbukk (0-3 år)
  • Tommeliten (0-3 år)
  • Askeladden (3-6 år)
  • Tornerose (3-6 år)

Barnehagen har totalt 96 barnehageplasser. Dette barnehageåret har vi 74 barn.

Personale/årsverk 2026-2027:

  • 16 årsverk i grunnbemanning
  • 1,6 årsverk styrarressurs
  • 1 årsverk til spesialpedagog tilsett i barnehagen
  • 5,3 årsverk er barnehagen tilført ekstra til tidleg innsats, individuelt tilrettelagt barnehagetilbod til enkeltbarn og/eller gruppe for å dekke planleggingstid til pedagogane.
  • Barnehagen skal jf. pedagognormen § 25 i barnehageloven ha 7 pedagogar, i år har vi søkt og fått innvilga 3 dispensasjonar frå utdanningskravet.
  • 1 lærling

Være Sammen og inkluderande barnehagemiljø

Fire barn I blått som sitter og leiker med klosser på gulvet. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Gjennom “Være sammen” har vi fått kunnskap om det grunnleggjande grunnlaget for ei god oppdragarrolle bygd på teori og ny forskning. Ein god autoritativ vaksenstil er med på å utvikla barn si sosiale utvikling og bygger sosial kompetanse. Ein god sosial kompetanse og evne til relasjonsbygging er med på å hindre krenkingar. Då ny lova tredde i kraft og barnehagane jobba med kompetanseheving innan IBS - inkluderande barnehage- og skulemiljø har vi fått meir kunnskap om barnehagemiljø og krenkingar. Vi har jobba med tema som læringsmiljø, forebygging, avdekking og håndtering av mobbing/krenkingar, samt regelverk, ledelse og organisasjonsutvikling.

I Oppvekstplanen er det fokus på tidleg innsats for å hjelpe barnet til god trivsel og god utvikling. For å kunna oppnå dette meiner vi at den enkelte vaksne som jobbar med barn, må vera i det autoritative vaksenperspektivet. Den vaksne skal arbeide i ein dynamisk kombinasjon av varm relasjonsbygging til barnet og utøving av ei tydelig vaksenrolle når det gjeld å setja grenser og krav. Grenser og krav er ein viktig del av barna sin grunnleggjande læringsprosess. Barnehagen har òg ein eigen spesialpedagog som er med på å leggja til rette for gode lærings- og oppvekstvilkår.

Den autoritative vaksenrolla er eit grunnleggjande prinsipp i barnehagen sin pedagogiske plattform. Forskningen om den autoritative vaksenrolla viser at den bidrar til å fremja positiv åtferd og hemme negativ åtferd hos barnet (Baumrind 1991; Roland, Sørensen Vaaland og Størksen, 2007; Nordahl, Sørlie, Manger og Tveit, 2005)

Det å omsetja ein teori som dette til den daglege praksisen vert kalla implementering (Fullan, 2007). Det autoritative perspektivet må omsetjast til det daglege arbeidet for at det skal få den positive verknaden.

Vidare har Være sammen fokus på medverkande barn, empatiutvikling og sosial kompetanse. Dette er grunnleggjande element for ei god pedagogisk plattform.

Se barnehagebarnet innenfra (SBI); 1 tilsett har deltatt på dette kurset og er
ressursperson på tilknytningsteori i barnehagen. Til hausten vil 2 av personale ta dette kurset. Det er eit videobasert kursmateriale utvikla av Tilknytingspsykologene og kurset gir også innføring i tenking rundt arbeid med personale i barnehagen basert på kunnskap frå bl.a. tilknytningsteori. Vi vidareformidlar tema på personalmøter for det øvrige personalet, og det er også tema på det første foreldremøtet foreldra har med barnehagen om tilvenning og tilknytning.

Kommunen har vedtatt satsing på å gjera barna bevisste på eigen kropp og grenser, og har saman med Kvinnherad kommune invitert til opplæring i “E D greitt?”. Barnehagen har eit eige “Barna sitt verneombod” og ho har laga permar til kvar avdeling med ressursar personalet kan nytte i denne formidlinga. Styrar og Barna sitt verneombod har deltatt på opplæring.

Omsorg

Barnet skal bli godt tatt vare på i barnehagen og kjenne på tryggheit, fysisk nærheit og relasjon til dei vaksne. Vi bryr oss om korleis barnet har det og møter det med empati og varme.

Barnet skal få dekka sine primære behov og samtidig bli møtt med forståing for den barnet er og vi møter barnet sin veremåte med fleksibel innstilling. Vi skal gje trygge rammer og grenser, og finne ut kva barnet vil og støtte barnet i si utvikling.

Barnehagen skal førebyggja all form for krenking og mobbing.

Leik

Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal
aksepterast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.(Rammeplan)

Leiken er barna sin viktigaste sysselsetting; er frivillig og indre motivert. Det er i fri ekte leik barna får bearbeida og reflektera over sine opplevingar og tileigna seg kunnskap om verda.

I leik er det eit spenningsfelt mellom det trygge og det utrygge; dette må barna få høve til å utforske og kjenne på følelsen av å meistre.

Leik, leikande samspel og vennskap

Tre barn som sammen hopper hoppetau. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Leik mellom barn er ein viktig føresetnad for at det vert danna eit vennskap. Leikande handlingar er barn si viktigaste uttrykksform. Ved å tilretteleggja for leikande samspel mellom barn, og mellom vaksne og barn, aukar vi barna sine moglegheiter for deltaking i leik.

Felles for leikande samspel og leik er innslaget av “på liksom” og element av humor. Å høyra til i eit leikande fellesskap, skaper gode opplevingar og set spor i barndommen som noko trygt og godt.

Sosial fantasileik, late-som-leik og rolleleik er alle omgrep for det som er “på liksom”. Barn i leik forstår etterkvart at gjennom denne liksom-leiken, er det barn som tenker og føler annleis enn dei sjølve. At det er mange svar på ting. Vennskap mellom barn er viktig for opplevinga av mestring, trivsel og tryggheit.

Ny forskning viser at vennskapsforhold er ein beskyttande faktor mot mobbing (Lund).

Danning

Barnehagen skal oppmuntre barna til å vera prøvande til og nysgjerrige på omverda og bidra til å legga grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Barnehagen skal fremje samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlinger skal verdsetjast og følgjast opp. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet. Barnehagen skal bidra til å fremje barnas tilhøyring til samfunnet, natur og kultur. I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald. Barna skal støttast i å uttrykke synspunkter og skape meining i den verden dei er ein del av. (Utdrag frå Rammeplanen)

Danning er ein prosess som barnet sjølv er ein aktiv deltakar i. Ein kan tenkje seg at danning er det å verte seg sjølv som menneske, i samspel med andre. Danning er ein prosess der vaksne leiar og rettleiar barna, slik at dei gradvis tar større ansvar for seg sjølv og fellesskapet. Noko av det viktigaste i danningsprosessen er å gje barna god sjølvkjensle, og at dei gjennom den kan forstå seg sjølve og sine meiningar, men og respektere at andre tenkjer annleis og har eigne behov.

Læring

Læring er eit vidt begrep som heng tett sammen med leik, omsorg og danning. Barnehagen skal fremja læring gjennom varierte opplevingar, og barna sine eigne interesser og spørsmål skal danna utgangspunkt for læringsprosessane. (Rammeplan for barnehager)

Leiken er hovedarenaen: Leiken har ein eigenverdi og er den viktigste arenaen for barna si utvikling og læring. Det er gjennom leik at barn bearbeider inntrykk, utvikler sosial kompetanse og lærer å samhandle med andre.

Utforsking og nysgjerrighet: Barna skal få bruka heile kroppen og alle sansane sine. Barnehagen skal stimulera undring og den naturlege nysgjerrigheita barna har.

Progresjon: Alle barn skal oppleve utvikling og fremgang. Dette krev at personalet tilpassar utfordringar, aktivitetar og det fysiske miljøet til barna sine ferdigheiter og interesser.

Sosialt læringsfellesskap: Læring skjer også i samspel med andre. Barna skal læra å ta omsyn, samarbeida og delta aktivt i eit fellesskap.

Meistring og meining: Barnehagen skal gje opplevinger som bygger sjølvtillit, og sørge for at barna sine læringsprosesser er meningsfulle og lystbetonte. Barnehagen er også ein viktig arena for at barna skal oppleva å meistra ting sjølve, øva på nye ferdigheiter, som å kle på seg sjølv, setja ord på det som er vanskeleg og veksa på dei erfaringane barnet får. Barna treng også å kjenna på følelsane sine og læra seg sjølvregulering. Viktig trening på sjølvstende og livsmestring.

Samisk kultur

Alle barnehager skal synliggjera samisk kultur og bidra til at barn kan utvikla respekt og fellesskapsfølelse for det samiske mangfaldet. For å kunna synleggjera samisk kultur og bidra til respekt og fellesskapsfølelse for det samiske mangfaldet, er det viktig å kjenna til kva eit urfolk er og kunna noko om samisk kultur og kvardag. Barnehagen skal synleggjera samisk kultur og bidra til at barna kan utvikla respekt og fellesskapsfølelse for det samiske mangfaldet.

Barnehagen skal leggja grunnlag for barna sine evner til å tenka kritisk, handla etisk og visa solidaritet. Barna skal gjera erfaringar med å gje omsorg og ta vara på omgivnadane og naturen. For samiske barn betyr dette å leva i samklang med-, nyttiggjera seg av- og hauste frå naturen.

Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjent med at samene er Norge sin urfolk, og får kjennskap til samisk kultur. Personalet skal gjera barna kjend med samisk kultur og levesett og knyte det samiske perspektivet til merkedagar og kvardagsliv, kunst og kultur og mattradisjonar.

I Rabben barnehage formidlar vi samisk kultur og kvardagsliv gjennom ulike aktivitetar, som samiske sangar og eventyr, mat og tradisjon, i samband med at vi markerar samefolket sin dag 6. februar.

Medverknad i planlegging av barnehagen si verksemd

Barna sin medverknad

Illustrasjoner i blått av gutt som hopper i sølepytt. - Klikk for stort bilete

Barna skal jamleg få høve til aktiv deltaking i planlegging og vurdering. Vidare må vi organisera og planlegga slik at det blir tid og rom for barna sine innspel, og at dei blir motivert til å påverka sin eigen kvardag i barnehagen.

Barn i barnehagen har rett til å gje uttrykk for sitt syn jf. rammeplan og barnehagelov. Barn skal oppmuntrast aktivt til å gje uttrykk for sine tankar og meiningar, og møta anerkjenning for sine uttrykk. Det handlar om å ta barn på alvor.

Være Sammen er laga for å utvikla samspelet mellom autoritative vaksne og medverkande barn. Vi vil jobba med barn sin medverknad gjennom å ha aktive og deltakande vaksne som ser og lytter til barna. Vi må også lytte til barnet sitt kroppsspråk og ta barna sine følelsar på alvor. Gjennom relasjonsskapande vaksne som har respekt og viser omsorg for barna og deira interesser og ved å gi barna moglegheit til sjølv å finne svar. Slik kan vi auke moglegheiter for barna sin medverknad. Barna skal få gjera meir av ting dei likar og er interessert i.

Barnesamtalar

Ein barnesamtale er ein planlagt samtale. Målet med samtalen er å få informasjon om barn sine opplevingar av trivsel og utvikling i barnehagen. Den som skal gjennomføre ein barnesamtale bør vera i god relasjon med barnet.
Det inneber ein relasjon prega av anerkjenning og aksept, tryggheit og tillit – og barn uttrykker som regel tydeleg kven av dei voksne dei opplever som trygge, gode samspels- og samtalepartnarar.

Dersom barnet spontant opner opp for ein viktig samtale bør dei vaksne kunne ivareta dette innspelet uavhengig av tid og stad. Det fordrer vaksne som er i stand til å oppfatta slike signal, som er mentalt tilstades. Og det er nødvendig med ein viss beredskap i form av god samtalekompetanse og evne til inntoning mot barnet der og då.

Foreldra sin medverknad

Gjensidig respekt mellom foreldre og personalet er ein føresetnad for eit godt arbeid med barna. Foreldra er ein ressurs som vi ønsker å bruka og ta vare på. Vi ønsker at foreldre skal påverka arbeidet vårt gjennom engasjement på møter, konstruktiv tilbakemelding og deltaking på arrangement.

Samarbeidsarenaer:

  • Den daglege kontakten i garderoben ved bringing og henting
  • Foreldresamtalar
  • Foreldremøter
  • Foreldreråd/Samarbeidsutvalg (SU)

Digital samhandling med foreldra:
Vi bruker Visma som digital samhandling med foreldra. Ved å laste ned Visma-appen kan foreldre sjølve leggja inn beskjedar og fråvær. Ingen sensitiv informasjon skal meddelast. Foreldre kan også leggja inn samtykker. Barnehagen kan via appen senda meldingar, informasjon, invitasjonar og dele dagbokpost til foreldra. I dagbokposten får foreldra digitalt innblikk i barnehagekvardagen med kort informasjon og bilete.

Anna informasjon

Vurdering av pedagogisk arbeid i barnehagen

Mørkeblå siluetter av fem personer i ulik alder som held hender og går mot oss. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Kvar avdeling skal gjera vurderingar kontinuerleg, 1 gong per månad eller slik avdelinga tilpassar det, og notere stikkord etter desse fokusområda og sjølvvalde område. Pedagogisk leiar informerer styrar jamnleg om progresjon i arbeidet på avdelingane.

Fagområda:

  • Kva aktivitetar har vi hatt, og kva har barna opplevd? Trekke fram leik og inkludering og reflektera over kva motvekt det har i forhold til utestenging, mobbing, krenkingar.
  • Korleis har det gått med undring og bevisstgjering til tema, hos dei vaksne, er vi bevisste på å stille opne spørsmål?

Være Sammen:

  • Er vi autoritative i relasjonen med barn? Tenker vi at kvart barn treng ei tilpassa tilnærming?
  • Korleis er relasjon til kvart enkelt barn? 

Inkluderande barnehagemiljø:

  • Korleis førebyggjer vi utenforskap?
  • Er vi gode på å leika?

Språkmiljøet vårt:

  • På kva måte vert språkstimulering tatt med inn i leiken?

Tilvenning i barnehagen

Det er ein stor overgang for både barn og foreldre når barnet begynner i barnehagen, det er derfor viktig at barnehagen har gode og trygge rammer for at overgangen til barnehage skal bli så god som mogleg. Det er viktig at barnehagepersonalet og foreldra jobber saman om å skapa tryggheit for barnet i tilvenninga. Tilvenning må skje på barnet sine premisser og i tett dialog mellom foreldra og barnehagepersonalet.

Rabben barnehage har ein rutine for å skapa ei god tilvenning for barn og foreldre:

  • Foreldremøte i juni for nye barn
  • Besøksdag
  • Brev og bilete av personalet på avdelinga.
  • Foreldresamtalar før oppstart i august

Oppstarten i august, der vi legg opp til 5 dagar med tilvenning. Dei 3 første dagane er barna i barnehagen ca. 2,5 time saman med foreldra sine, til planlagte tider. Først den 4. dagen, går foreldra vekk frå barnet ei stund, etter avtale med personalet. Den 5. dagen er ein vanleg dag, men kort dag, der barnet søv i barnehagen.

Kor lang tilvenning kvart barn har behov for er veldig individuelt. Det er viktig med ein god og tett dialog mellom foreldre og personalet på avdelinga. Vi ynskjer å ta oss av DITT barna på best mogleg måte.

Det er viktig om barnet kan få ein mjuk oppstart. Vi i barnehagen anbefaler at dei minste ikkje går fulle dagar heilt i starten. Kanskje kan dei kome litt seinare og bli henta litt tidlegare.

Overgang mellom avdelingar

Foreldre får munnleg informasjon om kva avdeling barnet skal over til, og liste over den nye barnegruppa blir sendt i Visma-appen.

Når barnet skal byte barnegruppe, har vi i god tid før hatt fleire “møter” mellom
barnet/barna og den nye avdelinga. Leik og aktivitet på den nye avdelinga både med og utan dei barna som allereie går i gruppa. Dersom det lar seg gjera, bruker vi også sommarmånadene til å bli kjend.

Pedagogisk leiar inviterer til foreldresamtalar med foreldre som skal over på stor avdeling før oppstart. Sender ut oppmøtetider, slik at vi klarer å møta alle barn og vaksne på ein god måte. Vi har også overgangssamtalar mellom dei pedagogisk leiararane.

Samarbeid med Odda barneskole

Rabben barnehage har følgjande opplegg rundt dette (eigen rutine i kommunen):

  • Foreldremøte med informasjon om siste året i barnehagen
  • 6-årsklubb heile året; skuleførebuande aktivitet og leik, (eige skriv om dette)
  • Besøker SFO og skuleplassen for å bli kjend, fleire gonger gjennom året.
  • Pedagogisk leiar har foreldresamtale med foreldra og formidler informasjon om barna på samarbeidsmøte mellom pedagogisk leiar og dei nye 1. klasse lærarane i mai.
  • Barnskulen, 1 eller 2 personar, kjem på besøk i barnehagen til 6-årsklubben for å snakka om skulestart.

Skal barnet gå på ein annan barneskule, samarbeider vi med denne skulen om tilvenning for barnet.

Fastsett av samarbeidsutvalet ved Rabben barnehage
Dato - 16.06.2026

Illustrasjon i blått av ei eng. Gras og blomar i nærbilete.  - Klikk for stort bilete