Årsplan for Kinsarvik barnehage

Tryggleik, leik og læring - ein barndom full av moglegheiter.

Kinsarvik barnehage med fjell og blå himmel i bakgrunn. Bilete. - Klikk for stort bilete Sigrid D. Dagestad

Innleiing

Hovudoppgåver for barnehagen

Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gje barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngjeve i barnehagelova og rammeplanen.  

Organisering av barnehagen

Kinsarvik barnehage var ny i 2016, og er organisert som ein stor tre-avdelingsbarnehage, godkjend for tilsaman 78 plassar. Me er i utgangspunktet bemanna til omlag 60 plassar, dvs at me har god plass. Avdelingane er stort sett aldersdelte, grøn avdeling (18 plassar) er for 1-2 år, raud avd (18 plassar) for 2-3 år og blå avdeling (24 plassar) for 3-5 år. Det er utstrakt samarbeid mellom avdleingane.

Nærmiljø og natur har alltid vore ein naturleg del av Kinsarvik barnehage, med tanke på kor flotte omgjevnader me har rundt barnehagen. Me har ein fast plass i skogen, Løhaugen, der me har ei eige hytte, og me brukar Grindaløo. Me har skogen rett utanfor  døra, og er mykje ute på tur/faste turdagar. Me er så heldige å ha gardane i nærleiken, der me kan sjå på kyr, hestar og sauer. Men nærmiljø er ikkje berre natur, det er og det me har nede i sentrum, som td. bibliotek, Kinsarvik skule (basseng) og andre næringar.

Visjon og mål

Visjonen til Kinsarvik barnehage: 

Tryggleik, leik og læring - ein barndom full av moglegheiter

Me ynskjer at alle barn skal oppleva den gode barndom. Me har som mål å skapa eit inkluderande miljø der alle barn opplev fellesskap, glede og meistring uansett bakgrunn.

Måla for barnehagen

  • At alle barna har venner og får delta i fellesskapet.            
  • At alle barn skal få vera med å medvirka, og verta anerkjent for den dei er.
  • Å gje barna eit miljø som er prega av meistring, glede, humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet.
  • Eit godt samarbeid og god dialog/ kommunikasjon med foreldra.

Hovudoppgåver

Progresjon 

Mann som svinger ein liten gut rundt i ring. Vist som blå siluette. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Ein femårings barnehageliv er ikkje fem like år. Me som vaksne må møta kvart einskild barn der dei er til ei kvar tid, ved å vera den trygge støtta dei treng, samstundes som me utfordrar dei til å prøva litt meir, og meistra meir. Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal få utvikla seg, læra og oppleva framgang.

Barnehagen skal leggje til rette for progresjon gjennom val av pedagogisk innhald, arbeidsmåtar, leiker, materiale og utforming av fysisk miljø. Barna skal få utfordringar som er tilpassa erfaringane, interessene, kunnskapane og ferdigheitene sine.

Me legg til rette for at alle barn i alle aldersgrupper får varierte høve til leik, aktivitetar og læring. Me tek utgangspunkt i det enkelte barnet sine utviklingsområder, og utvidar og byggjer vidare på barna sine interesser og gjer dei varierte erfaringar og opplevingar. Personalet skal oppdage, fylgje opp og utvide det barna allereie er opptekne av. Me jobbar mot at barna skal oppleva meistring, samstundes som dei har noko å strekka seg etter. 

Me er bevisste på kva type material, bøker, leiker og utstyr som er tilgjengeleg for barna, at det er tilpassa deira utviklingsnivå og interesser. Me er òg bevisste på  å leggje til rette for fordjuping, attkjenning og gjentaking i innhaldet og arbeidsmåtane til barnehagen

Arbeidsmåtane til barnehagen

Det pedagogiske innhaldet i barnehagen er under kontinuerleg utvikling. Planlegginga vert basert på kunnskap om born si utvikling og læring, både individuelt og i gruppe, på observasjon og dokumentasjon, systematisk vurdering og på samtalar med barn og foreldre.

Arbeidsmåtane skal vareta barna sitt behov for omsorg og leik, fremje læring og gje barna høve til å medverke. Me ynskjer at arbeidsmåtane skal bidra til å skapa engasjement, interesse og motivasjon, og dermed gje rom for nye erfaringar og opplevingar i barnehagen.

Me tek utgangspunkt i barna sine erfaringar og interesser. Me varierar mellom spontane og planlagte aktiviteta. Me legg til rette for den einskilde  samstundes som me har fokus på heile gruppa. Barna lever her og no, og det er viktig me legg tilrette for at barna får vera spontane uten for stram planlegging.

Me arbeider mykje tverrfagleg og heilskapleg med td dei ulike fagområda. Me jobbar både etter tema og prosjektmetode, og har same tema over tid td, månadens eventyr. Me jobbar òg mykje i mindre grupper, td som leikegrupper, og tilrettelegger aktivitetane etter alder.

Omsorg

Omsorg er ein føresetnad for at barna skal vere trygge og trivast, og for at dei skal utvikle empati og nestekjærleik. Barnehagen skal gje barna høve til å utvikle tillit til seg sjølve og andre. I barnehagen skal alle barn oppleve at dei vert sett, forstått og respekterte, og får den hjelpa og støtta dei har behov for. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som òg verdset omsorgshandlingane til barna.

Leik og læring - hand i hand

Barnehagen skal gje gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gje rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre. I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre.

Leiken stimulerar alle sider ved utviklinga til barnet, den språklege, sosiale, emosjonelle, kognitive, moralske og motoriske utviklinga. Den utviklar kreativiteten og evna til å løyse problem, og barna lærer noko om korleis verda fungerar både sosialt og fysisk.

Leik er først og fremst noko barnet opplever som morosamt og gledesfylt – noko barnet har lyst til å gjere av eigen fri vilje. Leiken byggjer på initiativ frå barna, anten dei set han i gang sjølv, eller har lyst til å vere med på noko andre inviterer til. Barnet tenkjer ikkje at «no lærer eg noko», eller «no er eg flink».

Me vaksne ynskjer å gje barna gode og allsidige erfaringar og opplevingar som stimulerar til leiken deira. Dagsrytmen legg opp til god tid til frileik, og me har eit stort og variert område ute som stimulerar til leik.

Dei vaksne skal vera tilstades og lett tilgjengeleg for barna i leiken, og vera med å stimulera og hjelpa andre barn inn i leik ved behov. Dei vaksne skal  vera med å td førebygga konfliktar i leiken, og hjelpa til å løysa konfliktar. Me ynskjer ellers å ha få reglar som begrensar leiken.

Danning 

Barnehagen skal oppmuntre barna til å vere prøvande til og nysgjerrige på omverda. Barnehagen skal fremje samhald og solidaritet, og skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet. Barnehagen skal bidra til å fremje tilhøyrsla til samfunnet, naturen og kulturen. I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald. Gjennom samspel, dialog, leik og utforsking skal barnehagen vere med og sørgje for at barna utviklar kritisk tenking, etisk vurderingsevne, evne til å yte motstand og handlingskompetanse, slik at dei kan bidra til endringar.  Mykje av dette vil barna få høve til ved at dei får vera med å medverka i kvardagen.

Vennskap og fellesskap 

“Ein , to , tre, alle med” - Vennskap er viktig for barn i alle aldrar!

“Ingen ville vel ønske å leve uten venner, selv om han hadde alle andre goder.” (Aristoteles)

Litt om livsmestring, sosial kompetanse og barnehagemiljø

Barnehagen skal bidra til barna sin trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverdi og førebyggja krenkelsar og mobbing. Barnehagen skal vera ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøva ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap.

Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungera godt saman med andre og omfattar ferdigheiter, kunnskap og haldningar som vert utvikla gjennom sosialt samspel. Me ynskjer at alle barn i barnehagen får erfara å vera betydningsfulle for fellesskapet og vera i positivt samspel med barn og vaksne. Barne­hagen skal aktivt leggje tilrette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap.

To barn som går hand i hand der den eine peiker mot høgre. Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Å vera venner er å møtast i eit forhold kor den einskilde opplev seg som godtatt og verdsatt for akkurat den han eller ho er. Òg dei yngste barna har sterke vennskapsrelasjonar, og mange barn gjer uttrykk for at det beste ved barnehagen er å få møta andre barn og leike med venene sine. Vennskap bidrar til ei kjensle av deltaking og fellesskap, som igjen bidrar til positiv sjølvkjensle. Å tilhøre ei gruppe gjer barn tryggleik og sosial tilknyting. Oppleving saman med andre barn kan vera vegen inn i nye vennskap! Å etablere vennskap og oppretthalde dei er ein viktig faktor i sosialiseringsprosessen.

Ei sentral oppgåve for personalet  er å hjelpe barna med å byggja relasjonar til kvarandre. Personalet kan td invitera barn som til vanlig ikkje er saman, til å delta i ein felles aktivitet eller leik, og  kan leggja til rette for nye bekjentskap når me justerar faste plassar td i garderoben eller i rekkja på tur. Opplevingar i små grupper på tvers av avdelingar kan også vera introduksjonen til nye fellesskap og vennskap. Det er viktig å vera merksam på at nye vennskap kan vera skjøre. Dei vaksne må leggja merke til når barn knyttar nye bånd, og at dei er obs slik at dei ikkje grip inn og uroar slike prosessar. Når me veit kor viktig vennskap er, kan me ikke slå oss til ro med at nokon opplev at dei ikkje har venner eller kjenner seg einsame. 

Alle barn bør ha minst ein venn!

Medverknad i planlegging av barnehagen si verksemd

Barna sin medverknad 

Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gitt uttrykk for kva dei synest om den daglege verksemda i barnehage. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen.  Ein skal vektleggje synspunkta til barna i samsvar med alder og modning. Å la barn medverka betyr ikkje at det er barna som skal bestemma og kan gjera som dei vil.

Når barn opplev at deira interesser og opplevingar vert teke omsyn til, og at dei vaksne og andre barn samtalar om det som skjer, erfarar dei at dei både påverkar og medverkar i eigen kvardag. I planlegging av barnehagekvardagen kan dei vaksne leggja tilrette for aktivitetar og leik med utgangspunkt i barna sine interesser, undringar, opplevingar og kva dei er opptekne av og uttrykkjer til dei vaksne.

Me jobbar for at barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga. Me prøver å vera bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadene og behova til barna. Med dei eldste barna er ulike typar samtalar, barnesamtalar, møter i formelle og uformelle situasjonar viktige arenaer for å få innblikk i deira syn. Dei yngste barna og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har og rett til å gi uttrykk for kva dei synest om sine eigne vilkår. Då er observasjon viktig, og følgje opp dei ulike uttrykka og behova til alle barn. Ved å ha ting i barna si høgd og bilete av ulike aktivitetar/leikar får barna sjølv medverke kva dei ynskjer å gjera på. 

Samtalar med barna om kva dei har gjort og kva dei tenkjer er ein viktig del av evalueringa i barnehagen. På denne måten har barna innflytelse på det som skjer og deira bidrag vert ein del av barnehagen si evaluering og vidare utvikling. Det er viktig at barna skal få kjenna på at barnehagen er til for dei!.

Foreldra sin medverknad 

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal ivareta foreldra sin rett til medverknad og samarbeide nært og i forståing med foreldra. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikla seg. Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra.  Dagleg kontakt og uformell småprat om barnet og det som foregår i barnehagen, er ein viktig base for foreldresamarbeidet.

Foreldresamarbeidet skal skje både på individnivå, med foreldra til kvart enkelt barn, og på gruppenivå, gjennom foreldrerådet og samarbeidsutvalet.

Me kallar inn til foreldresamtalar to gonger i året, ein gong i november og ein gong på våren, april/mai. Samarbeidet skal sikre at foreldra får medverke til den individuelle tilrettelegginga av tilbodet.

Foreldremøter er og ein viktig samarbeidsarena mellom barnehagen og heimen. På foreldremøta tek me opp ulike aktuelle tema, me har gruppearbeid og jobbar gjerne med resultat frå foreldreundersøkinga.
Det er to foreldremøter i året, eit på tidleg haust, og eit på våren.
I tillegg kan det koma invitasjon til tema-foreldremøter, då gjerne felles med andre barnehagar. 

Anna informasjon

Vurdering av pedagogisk arbeid i barnehagen

Vurdering skal vera til hjelp for dei vaksne når dei planlegg, og medverka til å sikre at barnehagen utviklar seg på ein medviten måte. Observasjon av korleis einskild barn trivst, lærer og utviklar seg, er ein viktig del av kvardagen i barnehagen og sikrar ei individuell oppfølging av barna, men det er og viktig å sjå korleis heile barnegruppa fungerer i leik og sosialt samspel. Vurdering inneber sjølvrefleksjon og er ein føresetnad for endring og utvikling av innhaldet og praksis  i barnehagen.

Me nyttar praksisforteljingar for å blant anna reflektera over praksisen vår. Me reflekterar rundt det som skjer i barnehagen i det daglege arbeidet og vurderer det pedagogiske arbeidet fortløpande. Me vurderer i dei ulike møtearenaene vi har i barnehagen, som leiarmøter, avdelingsmøter, personalmøter, planlegginsdagar osv.. Føremålet med vurderinga er og å sjå om vår daglege praksis samsvarar med barnehagen sin rammeplan og barnehagelova, årsplanen og fagplanen. Vurderingsarbeidet vårt er og basert på tilbakemeldinger frå barn og foreldre, observasjoner, barnesamtaler og dokumentasjonsarbeid samt refleksjonar hjå personalet.

Målet med vurdering i barnehagen er å skapa den gode barnehage for det einskilde barnet. Vurderingane som vert gjort er utgangspunkt for vidare og ny planleggjing av arbeidet vårt.

Tilvenning av nye barn

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn. Når barnet byrjar i barnehagen, skal personalet sørge for tett oppfølging den første tida, slik at barnet kan oppleve tilhøyrsle og føle at det er trygt å leike, utforske og lære. 

Me legg vekt på at barnet får ein fast vaksen/tilknytningsperson som har hovudansvaret den første tida.

Foreldra fylgjer barnet sitt til ein ny arena når det byrjar i barnehagen. Gjensidig og varm kommunikasjon mellom føresette og personalet i barnehagen har ein positiv effekt på korleis barna vil fungera og trivast. Foreldra sin nærleik til og kunnskap om eige barn er grunnlaget for samarbeidet.  Det er veldig individuelt korleis barna tilpassar seg ein ny kvardag i barnehagen. Det er uansett lurt å setja av minimum tre dagar til tilvenninga. Det er òg vårt utgangspunkt når me tek imot nye born og foreldre. Det er viktig for tilvenninga at foreldra aktivt er med på å introdusera det nye miljøet. Målet er at overgangen frå heim til barnehage ikkje skal opplevast som eit brudd, men ei utviding av høve for kontakt og nye erfaringar. Overgangen er likevel ein lausrivingsprosess for både barn og foreldre. Tilvenning til nytt miljø og nye situasjonar er ein prosess som tek litt tid! 

Me oppfordrar til å komma på besøk i barnehagen i god tid før dei byrjar i barnehagen, både for å helsa på personalet men og verta kjent både inne og ute i barnehagen. Me ynksjer  og å gjennomføra heimebesøk, slik at pedagogisk leiar kan møta barnet på heimebane der dei er trygge. 

Overgangar mellom avdelingar

Det skjer overgangar i barnehagen òg. Personalet skal sørgje for at barnet og foreldra får tid og rom til å bli kjende med andre barn og anna personale når eit barn byter barnegruppe. Me legg vekt på overgangssamtale mellom pedleiarane, og foreldra får tilbod om foreldresamtale i forkant ved bytte midt i året. Barna får koma på besøk og verta kjend fysisk i nye lokale, men og at dei vert kjend med nye vaksne og resten av barnegruppa på avdelinga dei skal byrja på.

Samarbeid med skulen

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggja til rette for barna sin overgang frå barnehage til fyrste klasse og SFO, at den vert trygg og god. 

På vinter/våren er det innskriving på skulen. Etter påske er Hjarteklubben på besøk på skulen i lag med fyrste klasse. Dei er på minimum tre skulebesøk, der dei får vera med på ein utedag, vera med på stasjonsundervisning og får helsa på fadrane sine. Pedagogisk leiar og den læraren som skal ha fyrste klasse, har eit lite møte på forsommaren for å snakka om korleis leggje til rette for ein best mogleg overgang frå barnehage til skule for kvart einskild barn. 

Det er utarbeida ein plan for overgang mellom barnehage og skule, som ligg på heimesida til Ullensvang kommune, betre innsats.

Godkjent av SU 1. april 2025.

Bilete av hovudbygningen til barnehagen i Kinsarvik. Grått hus med fargerike bokstaver der det står Kinsarvik barnehage. Bilete. - Klikk for stort bilete