Årsplan Jondal barnehage

Vedteke i SU 22.oktober 2025.

Orange bygning med sandkasse i framgrunn. Bilete. - Klikk for stort bilete

Innleiing

Jondal barnehage tilbyr plass for barn mellom 1-6 år, me har i år 54 barn/76 plassar. Me ligg midt i hjarta av Jondal sentrum. Bygget er romsleg og har “Jondal skifer” på taket, frukttre, bakkar og Jondalselvi renn forbi nedom barnehagen. Næraste naboar er Jondal skule 1-10 trinn, SFO, kulturskule, bibliotek, symje-og fleirbrukshall, eldresenter og ferja. Me er omkransa av sjø, skog, elv, gardar, kyrkja og næring / bedrifter.

Jondal barnehage betyr mykje for folk og busetnad. På mange måtar er barnehage og skule gjensidig avhengig av kvarandre. Me ønskjer å byggja eit godt naboskap med skulen, og ein trygg god overgang til skulen for 6 åringane våre. Eit naboskap der me bryr oss om kvarandre i eit samspel som fremjar trivsel, venskap og opplevingar saman med barn, tilsette og foresatte. Eit naboskap der me deler kunnskap, skapar aktivitet og læring saman.

Hovudoppgåva for Jondal barnehage er å skape eit trygt og godt miljø slik at alle barn får oppleva at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Alle barn skal oppleva glede og mestring, hjå seg sjølve og andre som viktige er for fellesskapet. Barna skal oppleva fokus på framsteg, ikkje resultat. Barna skal få undersøka, oppdaga og forstå samanhengar, utvida perspektiv og få ny innsikt.

Mål me jobbar mot

  • At barna blir sett og høyrt
  • At barna får utfordringar og opplever meistring
  • At barna får utvikle eigne evner og kunnskapar
  • At barna føler tryggleik, respekt og likeverd
  • At barna får gjennom medverknad vera med og påverke over eigen kvardag
  • At barna får oppleva leik og sosialt samspel i lag med vener
  • At barna får oppleva glede og humor i barnehagen sine kvardagssituasjoner
  • At barna får oppleve fellesskap og utvikle empati, at me er der for kvarandre

Barnehagen består av 4 avdelingar, derav 2 storbarnsavdelingar og 2 småbarnsavdelingar.

  • Veslefrikk - avdeling med barn 3-6 år
  • Askeladden - avdeling med barn 3-6 år
  • Knerten - avdeling med barn 0-3 år
  • Tommeliten - avdeling med barn 0-3 år

Omsorg

I vår barnehage er det viktig at barna møter respekt og omsorg og trygge vaksne som ser dei. Me meiner at utan omsorg vert det liten tryggleik, og me ynskjer å møta både barna og foreldra på ein god, open og omsorgsfull måte. Omsorg skal gjennomsyra vår barnehage og det vi gjer, og personalet skal vera bevisst si eiga væremåte, og vera engasjert og nærverande for kvart enkelt barn, deira utvikling og trivsel.

Leik og vennskap

Illustrasjoner i blått av gutt som hopper i sølepytt. - Klikk for stort bilete

Barnehagen skal ivareta barnet sitt behov for leik. Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gje gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vera ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gje rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – aleine og saman med andre.

Barnehagen skal vere ein arena for å lære seg å få venner og oppretthalde vennskap med andre. Gjennom leik og glede saman med andre, skal barna oppleve at nokon likar deg for den du er, oppleva å vera ueinig, arbeide for å bli einig igjen, øva på å gje og ta, ha nokon som ventar på deg og saknar deg når du ikkje er i barnehagen.

Leik i barnehagen lærer barna:

  • Gjennom leik bearbeider barna inntrykk, dei utviklar seg, dei lærer, og opplever å mestre nye ting.
  • Barna lærer seg å forhalde seg til andre. Dei lærer reglar og kodar for leik og sosialt samspel med andre barn og vaksne.
  • Barn skal få tid og rom til å utvikla leiketema dei er interessert i og personalet hjelper med å gje barna opplevingar og konkretar.
  • Me fylgjer med på leiken, ved å bytta ut rekvisittar og gjer om romma for å gje inspirasjon til ny leik.
  • Me er gode rollemodellar og støttande i barn si utvikling av leik.
  • Me vernar om boltreleiken, den er verdifull fordi den er ei kjelde til fryd, og barna opparbeider seg sosial og emosjonell kompetanse gjennom denne type leik.

Slik gjer me det:

  • organisere rom, tid og leikemateriale for å inspirera til ulike typar leik
  • bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema
  • fremja eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfara glede i leik
  • personalet skal fordele seg der barna oppheld seg og ha ansvar for det som skjer der, dei skal ta initiativ og aktivt bidra til at alle barna kjem inn i leiken. (Rammeplan s. 20-21)
  • observera, analysera, støtta, delta i og gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar.

Danning

Danning er ein kontinuerlig og livslang prosess der barna blir forma gjennom aktiviteter dei deltek i og gjennom utforskning av dei ting dei ser og opplever. Det handler blant anna om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlinger og væremåter. Danning skjer i samspel med omgievnaden og med andre, og er ein forutsetning for at barnet skal danna/skapa seg meiningar, tenke kritisk og lære seg verdien av demokrati.

Barnehagen gjev barna tilgang til mange danningsarenaer, til dømes sosiale situasjoner, språkopplevingar, natur opplevingar, teknologi, matematikk, osv. Me har eit heilheitleg syn i forhold til barna sin danningsprosess, og alle “møteplasser” blir ein læringsarena.

Slik gjer me det:

  • leggje til rette for meiningsfulle opplevingar og støtte identitetsutviklinga og den positive sjølvforståinga til barna
  • støtte barnas aktivitet, engasjement og deltaking i fellesskapet
  • synleggjere og verdsetje ulike behov, meiningar og perspektiv i fellesskapet
  • leggje merke til, anerkjenne og følgje opp barnas perspektiv og handlingar
  • utfordre tenkinga til barna og invitere dei inn i utforskande samtalar
  • synleggjere og framheve mangfald og ulikskap som grunnlag for opplevingar, utforsking og læring

Læring

Læring går føre seg heile tida i det daglege samspelet og samarbeidet mellom barna, mellom barn og vaksne og er nært samanknytt med leik, omsorg og oppseding. Personalet må ha eit aktivt forhold til barna sine læringsprossessar. Det betyr at ein deler av kunnskapen sin, viser engasjement, er nysgjerrig, vekkjer interesse, stiller undrande spørsmål og lyttar. 

I Jondal barnehage deler me oss inn i aldersgrupper fleire gonger i veka for å skape gode læringsarenaer og for å å fremja den gode leiken og samspela. Me har fokus på språk og kommunikasjon og er gode rollemodellar der me set ord på alt me ser og gjere. Me deltek aktivt i barnas aktivitetar og sørgjer for å styrka språket fyrst og fremst gjennom god oppfølging gjennom dagen. Me legg til rette for språkgrupper for å støtte oppunder dei som har eit ekstra behov for det. Me støttar barna gjennom dagen for at dei skal oppleve læring, glede og meistring. 

Barnehagen skal legge til rette for at barna lærer om kulturar som er representert i barnehagen også den samiske kulturen. I Jondal barnehage har me dette med oss som ein del av kvardagen. Gjennom arbeid med mangfald så har barnehagen fokus på å snakke om ulike kulturar og fremja at det er fleire måtar å gjere ting på.

Medverknad

Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gjeve uttrykk for kva dei synest om den daglege verksemda i barnehagen, jf. barnehagelova §§ 1 og 3, Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon art. 12 nr. 1. Barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen.

Slik gjer me det i Jondal barnehage

  • Me er bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og legg til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringar, dei individuelle føresetnadene og behova til barna.
  • Dei yngste barna og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har rett til å gi uttrykk for kva dei synest om sine eigne vilkår.
  • Me observerer og følgjer opp dei ulike uttrykka og behova til alle barn.
  • Me vektleggjer synspunkta til barna i samsvar med alder og kor modne dei er.
  • Barn får ansvar dei er rusta til å ta.
  • Me er opptatt av at tilsette/kjende tilsette er til stades for barna gjennom heile dagen, som raskt forstår og kan fylgja opp det barnet uttrykkjer, og til føresette.

Barnemøter
Barnemøter har me både planlagt og spontant i små og store grupper

Barnesamtalar 
Barnesamtalar har me planlagt og spontant, åleine og i grupper. Barnesamtale frå 3 år og oppover.

Ein samtale kor barnet og ein vaksen snakkar om korleis barnet har det i barnehagen og heime. Referat frå samtalen vil foreldra få på foreldresamtale. Barnesamtalar er eit verkty for å la barna medverke. Det som kjem fram i samtalane tar me i ettertid med i vårt planarbeidet.

Jente som er glad som strekker armer opp i lufta. Illustrasjon - Klikk for stort bilete
  • Kva likar du å gjera i barnehagen?
  • Kva likar du å leike i barnehagen
  • Haru du ein god venn i barnehagen?
  • Når blir du ekstra glad i barnehagen?
  • Når blir du ekstra lei deg i barnehagen?
  • Kven trøstar deg?
  • Kva liker du å gjera heime?
  • Kan du fortelja korleis du har det heime?
  • Kva er du flink til?
  • Er det noko du vil fortelja?

Utviklingssamtalar, foreldremøter, foreldreråd og samarbeidsutval
Foreldre har høve til påverke og medverke til barna sin kvardag gjennom innspel som kjem til årsplan og aktivitetsplan. Barnehagen har jamnlege utviklingssamtalar og foreldremøter med foreldre og tek i mot innspel. For å sikre eit godt samarbeid så har barnehagen eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.

Foreldrerådet består av foreldra/føresette til alle barna og skal fremje deira felles interesser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.

Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet består av foreldre/føresette og ansatte i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert.

Barnehageeigar kan delta etter eige ynskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene.

Barnehageeigaren skal sørgje for at viktige saker vart lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalget

Foreldrerådet er representert med 1 føresett frå kvar avdeling:

Vedtekter for Ullensvang barnehager av 16.10.2024 seier dette om Samarbeidsutval:

  • Foreldra og dei tilsette sine representantar vert valde for barnehageåret.
  • Kommunen sin representant vert vald for den kommunale valbolken. For perioden 2023-2027 er Isabel Gundersen Løyning valt som medlem, Kjellaug Hoås Samland er varamedlem.
  • Barnehagestyrar er sekretær for samarbeidsutvalet med møte-, tale- og framleggsrett, men har ikkje stemmerett med mindre styraren er vald som styremedlem.

Tilvenning

Det er ein stor overgang for både barn og foreldre når barnet byrjar i barnehagen, det er derfor viktig at barnehagen har gode og trygge rammer for at overgangen til barnehage skal bli så god som mulig. Det er viktig at barnehagepersonalet og foreldrene jobbar saman om å skape trygghet for barnet i tilvenningen. Tilvenning må skje på barnet sine premisser og i tett dialog mellom foreldrene og barnehagepersonalet.

I Jondal barnehage ynskjer me å fylje denne modellen for å skape ei god tilvenning for foreldre og barn:

Før oppstart:

  • foreldremøte for nye foreldre i juni
  • besøksdag i juni
  • brev ut til barnet med informasjon blir sendt ut i begynnelsen av august

Dag 1

  • Barna og foreldra kjem etter oppsette tider.
  • Dagen varer i ca. 2.5 time.
  • Foreldra er med barna heile tida.

Dag 2

  • Barna og foreldrene kjem etter oppsette tider.
  • Dagen varer i ca. 2.5 time.
  • Foreldra er med barna hele tida.

Dag 3

  • Barn og foreldre kjem når dei vil mellom kl 09.00-11.30
  • Foreldra er med barna heile tida.

Dag 4

  • Foreldre og barn får komme når dei vil.
  • Foreldra går ein liten tur vekk, etter avtale med personalet. Me veit at avskjed kan vere vanskelig både for barn og vaksne. Foreldre blir oppfordra til å ta kontakt med barnehagen etter at dei har gått, – enten på telefon eller sms. Då kan dei få ein liten oppdatering på korleis det går. Som regel går det ganske fort over. Me let ikkje barna vere lei seg over lang tid, då tar me kontakt. Me sender og melding for å bekrefte at alt er bra.

Dag 5

  • Foreldre og barn kjem når de vil
  • Barna søv i barnehagen , dei blir henta når dei vaknar.

Dette er utgangspunktet, men me tilpassar etter dei behova barnet har.

I barnehagen legg me vekt på ei trygg og tilpassa tilvenning for barna og foreldra deira. Me tenker at tid og god kommunikasjon er viktig for å skapa ei god tilvenning. Foreldra treng god informasjon om kva dei kan forvente, og personalet treng informasjon om barnet som er viktig for å ivareta barnet på best måte.

Barnehagen har plan for korleis tilvenning skal sikre god overgang frå heimen til barnehagen. Jr. avsnittet om tilvenning over.

Når eit barn byter avdeling i barnehagen

Barnet skal i god tid bli kjend med sin nye avdeling og personalet som arbeider der. Me legg opp til at barnet får gjere seg kjend ved å besøke avdelinga, leike der, vere med på måltid eller andre aktivitetar. Personalet som skal overta barnet gjer seg kjend med barnet også i utetid, når barna leikar ute.

Frå barnehage til skulen

Siste året i barnehagen går barnet i ei gruppe me kallar Stjerneklubben. Her har me fokus på skuleførebuande aktiviteter for dei eldste barna. Barna i Stjerneklubben får kvart sitt Trampoline aktivitetshefte som er inndelt i 11 ulike tema, me har eitt nytt tema for kvar månad. Dette er tema som barna vil møte igjen på skulen og gjer barna ei felles kunnskapsplattform. Det vert lagt opp til praktiske oppgåver og mykje leik og moro, heftet er knytt opp mot Salaby.no ei digital læringsplattform. Dei ulike temaene vert teke inn i dei 7 ulike fagområda til barnehagen, dette for å gje barna ei større forståing og meiningsskaping.

Barna vil også bli førebudd på skulestart, ved å besøke skulen nokre gonger i løpet av dette siste året. Me har godt samarbeid med skulen og får kome på besøk på 1 trinn, og me gjennomfører turar og aktivitetar samen gjennom heile det siste året i barnehagen. Når det er klart frå skulen kven som blir den nye læraren på 1 trinn, arrangerer me møte med Stjerneklubben. Det er samarbeidsmøte mellom pedagogisk leder og 1. trinnslærer om våren. Informasjon om enkeltbarn blir overført til skulen etter samtykke fra foreldra/føresette.

I kommunen er det såvidt starte opp med noko som kallast “overgangskoffert”. Dette er eit opplegg der det er lagt opp til at alle skulestartarar gjennom det siste året i barnehagen skal bli kjend med dei same bøkene og songane. Overgangskofferten har også med seg ein bamse, Ulla. Tanken bak det heile er at barna møter igjen desse bøkene, songane og bamsen igjen på skulen. Då er dette noko som er med på å skape tryggleik og ei felles plattform og utgangspunkt.

Illustrasjon i blått av barn som står på ei eng. - Klikk for stort bilete