Jondal barnehageJondal barnehage har 73 plassar og ligg fint til midt i Jondal sentrum. Med kort veg til skule, bibliotek, kulturskule, symje- og fleirbrukshall, eldresenter og butikkar, har vi eit levande nærmiljø rett utanfor døra. Barnehagen er omkransa av flott natur med både elv, sjø og fjell, noko som gir barna rikeleg med høve til varierte og fine turopplevingar gjennom heile året. Opningstidkl. 07.00 – 16.20 Om barnehagenAlle barn skal oppleva at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for.Barnehagen arbeider for at alle barn skal oppleva å ha eit godt og trygt barnehagemiljø. Alle barn skal oppleva at dei blir sett, forstått, respekterte og inkluderte og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Dei skal oppleva glede og mestring, hjå seg sjølve og andre som viktige for fellesskapet. Barna skal oppleva fokus på framsteg, ikkje resultat. Barna skal få undersøka, oppdaga og forstå samanhengar, utvida perspektiv og få ny innsikt.Årsplan for barnehagenSamarbeidsutvalet (SU)Leiar: Karoline Skarmyr NystøylReferat frå møteBarnehageloven: §4. Foreldreråd og samarbeidsutvalgHer finn du oss