Årsplan for Eitrheimsvågen barnehage 2025-2026

Vedteke i SU 04.09.2025

Oversynsbilete av barnehage med lekeareal i framgrunn. Bilete. - Klikk for stort bilete

Om barnehagen

Eitrheimsvågen barnehage er fordelt på 3 avdelingar i aldersgruppa 0-3 år, 2 avdeling i aldersgruppa 3-6 år. Avdelingane heiter; Knerten, Morell, Eple, Pære og Tiriltoppen. Barnehagen er organisert på 2 hus.

3 faggrupper er representerte i personalet; barnehagelærar, barne- og ungdomsarbeidar og assistentar. Barnehagen har ein styrar i 100 % stilling, assisterande styrar i 50% stilling og spesialpedagog i 100% stilling. Vi tek mot praksiselevar gjennom året frå Odda vidaregåande skule og Odda ungdomsskole. I tillegg tek vi mot arbeidspraksisplassar frå NAV og lærlingar i barne og ungdomsarbeidar faget.

Kva er ein Årsplan?

  • Arbeidsreiskap for personalet
  • Barnehagen sin identiteten og pedagogiske plattform
  • Utgangspunkt for foreldre sin moglegheit til å påverka innhaldet i barnehagen
  • Grunnlag for tilsynet i kommunen med barnehagen
  • Informasjon om det pedagogiske arbeidet til barnehagen til eigar, politikarar og samarbeidspartnarane til barnehagen

Ytre rammefaktorar

Eitrheimsvågen barnehage har følgjande grunnlagsdokument

  • Lov om barnehage
  • Rammeplan for barnehagar
  • Kommunal plan for kvalitetssikring av lese- og skriveopplæringa i Ullensvang kommune
  • Være saman program
  • Progresjonsplan for Eitrheimsvåpgen barnehage 0 - 6 år
  • Eitrheimsvågen sin handlingsplan mot mobbing og krenkingar
  • Kommunale satsingar
  • BTI - Bedre tverrfagleg innsats

Barnehagen sine hovudmål

Kva legg vi i dette?

Mann som svinger ein liten gut rundt i ring. Vist som blå siluette. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

For oss heng tryggleik, trivsel og fellesskap nøye saman. Utan tryggleik er det ingen trivsel og utan felleskap er det ingen tryggleik. Omsorg er nøkkelordet i forhold til hovudmålet vårt. Barn har rett til og skal møtast med omsorg kvar dag i barnehagen.

Å delta i leik og få vener er grunnlaget for barn sin trivsel, meistring og læring i barnehagen. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonen mellom personalet, mellom barna og om barna sin omsorg for kvarandre. Å gi barn høve til å gi og ta imot omsorg er grunnlaget for utvikling av sosial kompetanse, og er eit viktig bidrag i eit livslangt læringsperspektiv.

I barnehagen vår skal vi jobba aktivt med sosial kompetanse og barn sin medverknad. Hovudmålet skal vi nå gjennom å vera autoritative vaksne i barnehagen.

Koleis legg vi til rette for å nå dette målet?

Barna

  • nye barn får ekstra oppfølging under tilvenninga.
  • skal få høve til å utvikla vennskap med eit eller fleire barn.
  • skal takast godt imot kvar morgon. Dersom det er mogleg kjem ein frå personalet ut i garderoben, om ikkje skal barnet takast skikkeleg imot inne på avdelinga. Barnet i fokus!
  • har sin faste plass i garderoben.
  • skal oppleva at dagen er føreseieleg og oversiktleg ved at den faste dagsrytmen vår/vekerytme blir følgd.
  • skal kjenna seg sakna etter det har vore borte.
  • skal ha ein meiningsfylt kvardag som er prega av glede, humor, kreativitet og omtanke for fellesskapen.
  • skal kjenna seg trygg på at det blir sett, høyrt, trøysta, gitt omsorg til og forstått.

Personalet

  • er nærverande og aktivt engasjert med barna.
  • har ein omsorgsfull veremåte som blir prega av nærleik, vera lyttande, ha innleving og evne/vilje til samspel med barna.
  • seier hei og «ha det» til barna når dei kjem og går.
  • førebur barna i forkant av nye hendingar.
  • skaper felles opplevingar for barna.
  • viser humor og glede i kvardagen.
  • viser barna at dei bryr seg og er glade i dei.
  • har alltid barnet sitt beste som hovudfokus.
  • opptrer tydeleg, mjukheit og er medvitne i forhold til grensesetjing.
  • anerkjenner kjenslene til barna.
  • godt samarbeid med foreldra. Vere imøtekommande, rettleiande og anerkjennande. Vera klar over at foreldra er ekspertar på barna sine.

Ut i frå Årsplanen vil arbeidet med barna bli gitt til foreldra/føresette i form av månadsplan. Grunngiving og evaluering for kva barna har gjort i samtalar, pedagogisk dokumentasjon og årsrapport. Foreldra har moglegheit, gjennom samtalar og møte med personalet, til å påverka planane til barnehagen.

Språkutvikling

Språkstimulering er eit felles satsingsområde i kommunen. TRAS er i denne samanhengen eit kartleggingsverktøy som er teke i bruk av alle barnehagane i kommunen. TRAS betyr tidleg registrering av språkutvikling. TRAS er ein metode for å kartleggja barns språkutvikling gjennom observasjon i barnehagen.

Tras-skjemaet består av ein observasjonssirkel og ved hjelp av spørsmål skal ein fylla inn meistringsgrad ved samspel, kommunikasjon, merksemd, språkforståing, språkleg medvit, uttala, ord- og setningsproduksjon.

Målsetjinga er å auka kunnskapen om barn sin språkutvikling. Kartlegginga skal gi eit bilete av barn sin reelle språkutvikling slik at barna får individuell oppfølging og tilrettelegging. Språkutvikling og språkstimulering skal integrerast i alle kvardagsaktivitetar og i leik.

Pedagogisk leiar på kvar avdeling har ansvar for å inkludera resten av tilsette i arbeidet med Lesa for livet og TRAS, og har ansvar for at dette arbeidet blir gjennomført i tråd med det som er bestemt av Ullensvang kommune. Vi har spesialpedagogisk lærar og logopedar i kommunen til oppfølging og kompetanseheving rundt TRAS og språkutvikling.

I arbeidet med språkutvikling skal vi innom hovudområda språkleg kompetanse, språkforståing, haldningar og motivasjon til lesing og skriving, bruk av talespråk (lytta og tala, munnleg kommunikasjon), kompetanse innan lesing, skriving, språkleg medvit og bokstavar.

Den autoritative vaksenrolla

To barn som går hand i hand der den eine peiker mot høgre. Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Det sentrale er samspel mellom varme og grensesetjande vaksne og medverkande barn. Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing - vi forpliktar oss til å arbeida for eit godt og inkluderande oppvekst og læringsmiljø for alle barn og unge.

Regnbogeløva er ein sentral verdiberar i programmet «Vere saman» Regnbogen symboliserer det mangfaldige i livet og erfaringa til barnet, medan løva står for innleving, empati og ansvar. Noko av det viktigaste vi kan læra barna våre er at det ofte finst mange løysingar på konfliktar og problem. Sosial kompetanse er temaet i «Vere saman». Sosial kompetanse handlar om å kunna samhandla positivt med andre i ulike situasjonar. Denne kompetansen blir uttrykt og tileigna av barn i samspel med kvarandre og med vaksne;

  • Samarbeid - følgja reglar og beskjedar, hjelpe- og dela med andre. 
  • Ansvar - vise respekt for andre, ta ansvar for seg sjølv, ha kontroll på eigen kjensler knytte til konfliktsituasjonar.
  • Empati - kunne sjå ting frå andres synsvinkel. Sette seg inn i korleis andre har det. 
  • Normer - følgja reglar og beskjedar, vera med å forma ut fellesskapen. 
  • Sjølvhevding - å ta kontakt med andre, gi uttrykk for eigne meiningar, tileigna seg informasjon. 
  • Humor – vere med å spreia glede, bidra til å skapa tryggleik med å ha det moro saman. Le saman.

Ein autoritativ stil for oppdraging gir barn dei mest gunstige føresetnadene for å utvikla trygg tilknyting til omsorgspersonane. Den vaksne har då positiv kontroll, set tydelege grenser og har klare forventningar til barnet, samtidig som dei er varme og aksepterande. Den autoritative vaksne hjelper barna til å bli medvite kjenslene sine og klara å regulera dei på ein formålstenleg måte i samspel med andre. Barn som veks opp med varme grensesetjande omsorgspersonar heime og i barnehagen får god hjelp til å leva i fellesskap med andre.

Barna vil utvikla

  • Større evne til å møta motgang og frustrasjonar, å møta nye situasjonar med større tryggleik. Får større motstandsevne mot krav og stress
  • Lettarar for å oppretta sosiale samband
  • Betre evne til å leva i fellesskap med andre. Større grad av evne til å ta ansvar og løysa oppgåver
  • Lettarar for å kontrollera sterke kjensler og utslag av desse kjenslene
  • God sjølvtillit og sjølvkjensle. Meir vennlegheit og glede

Relasjoner blir utvikla på enklaste måte gjennom småprat om situasjonar, eller gjennom å delta i leik aktivitetar. Viktige punkt å ta omsyn til i samhandling med barnet:

  • Oppmuntre barnet - forsterka det gode positive barnet gjer - Ιkke «straffe» med å avvisa det når det handlar gale
  • Snakka med myndigheit og varme - Lytta til barnet, gi det tid til å seia kva det vil og ønskjer
  • Ta omsyn til behovet til barnet
  • Sette opp tydelege reglar for barnet - Forvente noko av barnet
  • Vise at du respekterer og anerkjenner barnet

Omsorg, barn sin medverknad, medråderett, tilhøyrsel, venskap, leik, læring og danning

«Barnehagen skal møta barna med tillit og respekt, og anerkjenna eigenverdien frå barndommen. Den skal bidra til trivsel og gle i leik og læring, og vera ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremja demokrati og likestilling og motarbeida alle former for diskriminering»

Gjennom leiken får barna utvikla sosiale ferdigheiter 

  • Behandla inntrykk 
  • Øvd på nye ord og omgrep i ein sosial setting 
  • Kjend glede og meistring 
  • Utvikla motoriske ferdigheiter 
  • Knytte vennskap 
  • Delt med andre 
  • Brukt fantasien og vore kreative 
  • Ha det moro! 

Leiken inneber utforsking og bearbeiding av inntrykk og skal ha ein framståande plass i livet til barna i barnehagen. Ved å lata som, går barn inn i sin eiga framsyningsverda, tek andre sitt perspektiv og gir form til tankar og kjensler.

  • Det skal setjast av god tid til leik i kvardagen.
  • Leiken skal prioriterast, han skal ha ein særeigen plass
  • Tilsette viser respekt for leiken til barna
  • Tilsette gir barna opplevingar og idear som inspirerer til leik
  • Tilsette er aktive til stades i forhold til leiken til barna - Ver kreative og igangsettere
  • Tilsette tør leke og ha det gøy saman med barna.
  • Vi vil at alle barn skal oppleva glede ved å leika saman med andre barn.

Vi ønskjer å leggja vekt på og leggja til rette for verdiane: Magisk og levande fellesskap, fantasi og kreativitet, respekt/audmjukskap, lyttende, tid og ro, humor og glede, venskap, lekenhet, eigen tilhøyrsel og respekt for andres kulturelle verdiar og ytringe.

Danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikla evne til å reflektera over eigne handlingar og veremåtar. Gjennom danning er barna med på å omsetja haldningar til handlingar. Barn kan tidleg visa at dei bryr seg om kvarandre, løyser konfliktar og tek andre sitt perspektiv. Dei kan ta omsyn og visa omsorg. Dette skjer både gjennom kroppslege og språklege handlingar. Opplevingar av eigenverd og meistring, leik med jamaldrande og tilhøyrsel i ein positiv fellesskap skal prega barnehagen.

To personar ein vaksen og eit barn som går hand i hand. Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Eitrheimsvågen barnehage har følgjande retningslinjer for omsorg:

  • Fysisk nærleik til barnet
  • Bry oss om korleis barnet har det
  • Gi trygge rammer; finna ut kva barnet vil
  • Varm grensesetjing
  • Dekke alle primære behov

Omsorg er å ha evne til innlevering og empati og å anerkjenna barnet. Det er å visa forståing for og å bry seg om korleis barnet har det. Omsorg er å gi plass for humor, gle, kreativitet, omtanke, spontanitet og fleksibilitet. Fokus på sosial kompetanse og barns medverknad.

Barn sin medverknad

Medvirkning i barnehagen handlar om å gi barna høve til å påverka sin eigen kvardag og det felles livet til barnehagen. Medverknad handlar om å bli spurd, bli lytta til og akseptert som individ. Som vaksne må vi la oss påverka og godta at barna sjølv kan ha synspunkt på kva dei har behov for. Støtte opp om barn sin nysgjerrigheit og la dei utforska. Støtte opp om barn sin kreativitet. Lytta til, forstå og ta barna på alvor. La barna prøva ut og vera med å utvikla leiken saman med dei

Barn sin medråderett

Barna i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda til barnehagen. Barn skal jamlege få høve til å vera aktive i deltaking, planlegging og vurdering av barnehageverksemda. Synspunkta til barnet skal tilleggjast i samsvar med dets alder og kor modent det er.

Planlegging, dokumentasjon og vurdering

Planlegginga må baserast på kunnskap om barn si utvikling og læring individuelt og i gruppe, observasjon, dokumentasjon, refleksjon og systematisk vurdering og på samtalar med barn og foreldre. Dokumentasjon kan vera med på å få fram ulike oppfatningar og opne for ein kritisk og reflekterande praksis.

  • Årsplan
  • Månedsplan
  • Årsrapport
  • Pedagogisk dokumentasjon som dokumenterer aktivitetar som barna gjer.
  • Vi har ein eigen progresjonsplan for 0-6 år

Barnegruppa og kvart enkelt barn sin trivsel og utvikling skal derfor observerast og vurderast fortløpande. Vurdering vil seia at vi skal beskriva, analysera og fortolka arbeidet vi gjer i barnehagen, i forhold til barnehagelov, rammeplan og lokale retningslinjer.

  • Sette av tid på personalmøte, pedagogisk-leiarmøte og avdelingsmøte til refleksjon over praksis og vedtekne planar. Observasjon av samspelet mellom barn, barn-vaksne og voksne-voksne.
  • Gjennomføra brukarundersøking og medarbeidarundersøking. TRAS
  • Praksisforteljingar
  • Foreldresamtalar og foreldremøter. Medarbeidarsamtalar
  • Tilsyn jf. Lov om barnehagar § 16

Samarbeid

Eit godt samarbeid mellom foreldra og barnehage er ein føresetnad for å få eit godt barnehageår. Vi vil arrangera ulike arrangement saman, vi har foreldremøte i løpet av året, foreldresamtalar og eit samarbeidsutval og foreldreråd for å styrkja dette samarbeidet. I tillegg samarbeider barnehagen med desse tenestene: Helsestasjon, PPT, Logoped, andre barnehagar, Barnevernstenesta, barnehagefagleg rådgjevar, og kommunalsjef for oppvekst og utdanning

Digitale verktøy

Barnehagen skal gi barna høve til å få oppleva at digitale verktøy kan brukast til leik, kommunikasjon og læring. 

Overgang barnehage - skule

Barnehagen skal, i samarbeid med skulen, leggja til rette for barnet sin overgang til skulen.

  • Vi vil formidla positive haldningar og forventningar til skuletida.
  • Følgje vedteken plan for overgang barnehage-skule.
  • Skapa gode haldningar til omgrepet læring, at det er moro å læra ting og at dei alt har lært masse.
  • Vi har ”klubben”/gruppe gul der 6 åringane får ta del i ulike opplegg knytte til skulestart gjennom heile året.