Godkjent i samarbeidsutvalet den 14. oktober 2025
Innleiing
Eidesåsen friluftsbarnehage ligg på ei naturtomt 3 km frå sentrum i eit bustadområde. Barnehagen vart bygd i 1991, og har 2 avdelinger i år med 18 plasser på Bjørk, der barna er 3-6 år, og 12 plasser på Furu, der barna er 1-2 år. Barn under 2 år teller to plasser. Vi har 30 barn totalt, men 42 plasser.
Den flotte skogen rundt barnehagen gjev oss rike høve for opplevingar og erfaringar i naturen. Vi brukar Eidesåsen Vel sitt aktivitetsområde med eldhus, røykeri, grillhytte og uteplass med grue. I grillhytta kan vi søkje ly når været utfordrar oss som verst. Fleire av turene våre går til dette området, og vi kallar området for Basen vår. Med Basen som utgangspunkt går vi turar videre til bekken, og vi kan gå videre til leikeplassen i Eidesåsen, her er det grillhytta, ballbinge, disser og eit skogsområde vi nyttar når vi er her. Like over barnehagen er det også ein skog vi nyttar i leik og aktivitetar, dette området kallar vi. Lurveleggskogen, dette grunna i at vi meiner det er her Lurvelegg og kona bur.
Vi har også eit naturområde tilknytta barnehagen, her har vi lavvo og gapahuk, dette området vert nytta til ulike aktivitetar, men også til leik i skog og natur.
Hovudoppgåver for Eidesåsen friluftsbarnehage
Skape den gode barndommen for alle barn i Eidesåsen friluftsbarnehage
Den gode barndommen handlar om at barna skal oppleva tryggleik, glede, kjærleik og få høve til å utvikle seg fritt og naturleg i eit miljø der dei kan leike, utforske og lære på ein måte som er tilpassa barna sine behov, interesser og kjensler.
Satsingsområde i Eidesåsen friluftsbarnehage er natur, friluftsliv og realfag
Mål:
Eidesåsen friluftsbarnehage ynskjer å skape eit godt utvikling- og læringsmiljø, som tek utgangspunkt i naturen. Vi legg til rette for å auke barna sin kompetanse innan natur og friluftsliv, realfag og berekraftig utvikling.
Korleis:
- Aktivt deltakande vaksne i barnas undring, meistring og læring i barnehagen, på tur og i høve berekraftig utvikling.
- Vi held fokus på korleis vi kan nytte naturen på ein berekraftig måte, vi bruker kjøkkenhagen aktivt, og barna får innsikt i korleis vi kan produsere vår eigen mat.
- Prosjektarbeid med utgangspunkt i naturen
- Aktivitetar med utspring i natur og friluftsliv
- Inkludering gjennom heile dagen, i leik, leikegrupper, aktivitetar og i kvardagsaktivitetar.
Mål for Eidesåsen friluftsbarnehage
Vår visjon er: “Opplev vennskap og naturglede saman med oss”
Vårt verdigrunnlag skal bygge på respekt, mangfold, likeverd og inkludering.

Dette gjer vi gjennom at vi legg til rette for eit demokratisk fellesskap der barna får oppleve at det er mange måter å tenke, handle og leve på.
Vi anerkjenner og ivaretar barndommen sin eigenverdi gjennom respekt og anerkjennelse, og vi legg til rette for trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd.
Vi førebyggjer og avdekker krenkelse og mobbing. Barna vert støtta i å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler. Barna skal lære å ta vare på seg sjølv og kvarandre, men også naturen. Dei skal få eit grunnlag til å tenke kritisk, handle etisk og vise solidaritet.
Hovudmål
Alle barn skal vere trygge i barnehagen, og kvar dag få oppleve omsorg, meistring, læring og inkludering, og ha ein kvardag uten krenkingar og mobbing.
Korleis:
- Varme og tydelege vaksne som legg til rette for eit godt psykososialt miljø i barnegruppa og for enkeltbarnet.
- Aktivt deltakande vaksne saman med barna.
- Gjennom observasjonar og refleksjonar skal personalet avdekke og finne tiltak for å gjere kvardagen enno betre for alle.
Sosial kompetanse
Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt saman med andre og omfatter ferdigheter, kunnskaper og holdninger som utvikles gjennom sosialt samspill.
Mål:
Barna skal trivast, meistre og kjenne på eigeverd og livsglede når dei er i barnehagen. Mobbing og krenkelsar skal verta førebygde og avdekka så tidleg som mogeleg.
Korleis:
- Gje barna utfordringar ut frå alder og modning
- Inkludere barna i oppgåver og aktivitetar i barnehagen ut frå barna sine føresetnader
- Arbeid med sosial kompetanse i kvardagsaktivitetar, leik og andre aktivitetar
- Rørsleleik både med og utan vaksenstyring
- Humor og glede i kvardagen
- Medverknad i kvardagen
Organisering av Eidesåsen friluftsbarnehage
Eidesåsen friluftsbarnehage har profil som friluftsbarnehage, og nytter natur og friluftsliv i sitt pedagogiske arbeid.
Kva vil det seie at vi er ein friluftsbarnehage?
Vi jobber etter dei same lovar og føreskrifter som alle andre barnehagar, men vel å ta mykje av læringa med ut i naturen.

- Vi skal ha naturen som arena for leik, oppleving og læring.
- Barna skal bli kjende med og glad i naturen
- Barn skal få eit ynskje om å ta vare på naturen
- Barna skal få naturlege utfordringar i trygge omgjevnader
- Vise omsorg for kvarandre
- Vere mykje ute i naturen, leite etter kjennetegn ved alle årstider og leve med årstidene
- Lære barna å bruke redskaper som kniv og vedkløyver
- Lære barna å bruke ski og akebrett
- Lære barna å kle seg i all slags vær
- Lære om naturen
- Undre oss saman med barna over det vi ser, og ikkje ser i naturen
- Å ta naturen med oss inn i bhg, inneområdet skal også vise at vi er ein natur- og friluftsbarnehage
- Friluftsliv kjennetegnes gjennom aktivitetar i naturen, og treng ikkje alltid gi resultater i at noko sendes heim
- Rammeplanen inn i friluftslivet
- Furu (1-3 år) sitt mål vil vere å lære barna bli glade i naturen, lage eit godt utg.pkt for videre arbeid på Bjørk (3-5 år)
- Lære barna å hauste frå kjøkkenhage, og naturens ressurser og bruke dette i matlaging (frå jord til bord)
- Glede i naturen
- Bål - som kos, men også som som nytte i aktivitetar.
- Turar
- Tradisjonar:
- Kjeldesortering
- Ta vare på naturen, ikkje legge igjen spor
Eidesåsen friluftsbarnehage bruker i hovudsak prosjektarbeid som metode i sitt arbeid, men vi har og temaarbeid knytta mot tradisjonar som brannvern, markering av jul, fastelaven, påske og liknande.
Fysisk miljø
Fysisk miljø som ein del av det pedagogiske arbeidet. Vi vil ta i bruk de tre pedagogar, barnet, rommet og personalet.
Mål:
Utforming av det fysiske miljøet ute og inne skal vekke interesse for oppleving, fremme barna sin trivsel og læring, og gje rom for inkludering og samarbeid.
Korleis:
- Ha ulikt materiale lett tilgjengelig for barna.
- Barna sin medverknad, kva er interesser i år, korleis utforme rommet i forhold til det.
- Ta med naturen inn i barnehagen
- Ta rommet opp til refleksjon i personalgruppa, korleis legge tilrette for god og inkluderande leik.
- Vi vektlegg bruk av naturområdene rundt barnehagen og nærmiljøet for opplevelse og utfordringer
- I ulike aktiviteter deler vi barna i grupper. Gjennom samvær i mindre grupper får den vaksne god kjennskap til kvart enkelt barn, og dermed forutsetning for å gi støtte til den enkelte i sin utvikling.
- Det er for barnet også lettere å bli trygg i ei lita gruppe.
- Rommet blir brukt som den tredje pedagog ved å stimulere til tegning, leikeskriving, og tall og bokstav skriving.
Hovudoppgåver
Omsorg
Mål:
Alle barn skal møta varme og forutsigbare vaksne i barnehagen. Barna skal føle seg trygge, beskytta og tatt vare på av dei vaksne.
Autoritativ vaksen
Kva er ein autoritativ vaksen:
- Det går ut på at den vaksne er varm og viser omsorg for barnet, samtidig som den vaksne er tydelig. For å kunne vera tydeleg, må den vaksne utvikle gode relasjoner til barnet.
- Den vaksne må vera god på relasjonsbygging, og god på grenser og krav.
Korleis:
- Vi jobber heile tida med å bygge gode og varme relasjoner til barnet. Dette gjer vi ved å vere tilstades, lytte til barnet og forstå barnet og fylgje deira initiativ
- Vi lager gode opplevingar saman med barnet
- Humor og glede er viktig i kvardagen
- Når vi har klart å få ein god relasjon til barnet er det lettare å vere tydeleg når det trengs.
- Grenser vert satt på ein mild, men tydeleg måte, og dei vert fulgt opp i etterkant.
- Når ein har ein god relasjon til barnet vil barnet betre tåle å få grenser av denne.
- Alle i personalgruppa er ansvarleg for å bygge gode relasjonar til alle barna, for å sikre dette vil det på avdelingsmøter jevnleg vere refleksjoner og rettleiing rundt dette.
Circle of security
Fig. 1. TryggleiksirkelenTrygghetssirkelen handler om å gje barn nærleik og tryggleik, å hjelpe dei med vanskelige følelser og å støtte barnet i utforsking og leik. Det fins to grunnleggande behov hjå alle menneskebarn, to behov som går i kvar sin retning, men som likevel heng tett saman:
- Tilknytning: barnet er avhengig av, og har behov for vern og omsorg.
- Utforsking: barnets sjølvstende, behov for å undersøke verden og meistre verden.
Behova er avhengig av kvarandre. For å kunne utforske må barnet kjenne seg trygg og under beskyttelse. Dvs. at barnet må ha en viss ro inni seg for å klare å vere nysgjerrig på verden. På den andre sida kan barnet bli både redd, sint og trøtt når det utforsker verden. Då trer behovet for nærhet og tilknytning fram igjen.
Korleis:
- Personalet er pådrivarar og oppmuntrer barnet til å utforske verda rundt seg, og til å oppleve meistring
- Personalet passer på at alle vert inkludert i leiken, og hjelper viss nokon strever med dette
- Personalet er tilstades
- Personalet ser barnet, trøster og gjev omsorg
Leik

Leiken er barna sin viktigaste arena for utvikling og læring og den er eit mål i seg sjølv. Den gjev barna høve til å samhandle både sosialt og språklig, og vi vil legge til rette for gode leikemiljø, medverknad, utforsking og glede. Det vil vere viktig å gje barna det dei treng for å drive leiken sin videre.
Mål:
Alle barn skal få oppleve meistring, inkludering, glede, humor, spenning og engasjement gjennom leiken - aleine og saman med andre.
Korleis:
- Gje rom for leiken både inne, på uteområdet og i skogen
- Gje nok tid til leiken, slik at vi unngår for mange avbrudd i etablert leik
- Skape eit leikemiljø tilpassa barna sine behov, ynskjer og rørsle og skaperkraft.
- Bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik, og legg til rette for utvikling av leiketemaer.
- Observere, reflektere, støtte, delta i og berike leiken på barna sine premisser
- Rettleie barna hvis leiken fører til uheldig samspillsmønster
- Vere bevisst på og vurdere eiga rolle og deltaking i barna sin leik
- Ta initiativ til leik, og aktivt bidra til at alle kommer inn i leiken.
- Motorisk utvikling gjennom leik i ulendt terreng.
Danning
Danning er ein kontinuerlig og livslang prosess der barn blir forma gjennom aktiviteter dei deltek i, og gjennom utforskning av dei arenaer som er gjort tilgjengelig for dei.
Mål:
Barnehagen skal tilby barna ulike innfallsvinklar, arenaer og aktivitetar som eit utgangspunkt for danning.
Korleis:
- Vi vil tilby barna varierte aktivtetar og danningsareaner
- Alle “møteplassar” og aktivitetar vert grunnlag for barna sin danningsprosess
- Vi gjev barna opplevingar ute i naturen som gjer at dei får eit ynskje om å ta vare på naturen gjennom konkrete gjeremål som td. å plukka boss, ha respekt for det som lever (dyr og planter).
- Natur og friluftsliv brukes som danningsarena - barna får kunnskap om insekter, dyr, planter, vær og bærekraft.
Læring
I barnehagen skal barna få oppleve eit stimulerande miljø som støtter opp om deira lyst til å leike, utforske, lære og meistre .Barna skal få undersøke, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt.
Mål:
Barnehagen skal bidra til eit læringsfellesskap der barna skal få bidra til eiga og andre si læring, dette gjennom å få undersøke, oppdage og forstå ulike sammenhengar.
Korleis:
- Jobbe for at barna er trygge og inkluderte i barnegruppa, noko som er ein føresetnad for at læring skal skje.
- Gode leike- og læringsmiljø inne og ute
- Natur og friluftsliv brukes som læringssarena - barna får kunnskap om insekter, dyr, planter, vær og bærekraft.
- Barna får erfaringer og lærer gjennom leik og samhandling med andre barn og vaksne.
Livsmeistring og helse
Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt saman med andre og omfatter ferdigheiter, kunnskap og haldninger som vert utvikla gjennom sosialt samspel.
Mål:
Barna skal trivast, meistre og kjenne på eigeverd og livsglede når dei er i barnehagen. Mobbing og krenkelsar skal verta førebygde og avdekka så tidleg som mogeleg.
Korleis:
- Inkludere barna i oppgåver og aktivitetar i barnehagen ut frå barna sine føresetnader
- Gje barna utfordringar ut frå alder og modning
- Arbeid med sosial kompetanse i kvardagsaktivitetar, leik og andre aktivitetar
- Lære barna å takle utfordringar, motgang og konfliktar
- Fysisk aktivitet
- Innarbeide gode vanar for helse og trivsel, herav fysisk aktivitet, hygiene og sunt kosthald
Medverknad i Eidesåsen friluftsbarnehage
Barna sin medverknad
Mål:
Gjennom kjennskap til barnegruppa og kvart einskild barn sine interesseområder, og gjennom pedagogisk dokumentasjon og observasjonar, skal vi fange opp, og kartlegge barna sine interesser og behov. Dette skal vere utgangspunkt for våre planer og prosjektarbeid
Korleis:
- Relasjonsbygging
- Barnemøter
- Samtale med einskild barn
- Tilstedeverande vaksne
- Bruk av observasjonar, td. praksisforteljingar på avdelingsmøter
- Refleksjon på møter; personal og avdelingsmøter
- Pedagogisk dokumentasjon på veggane
- Lyttande og observerande vaksne tar barna sine innspel på alvor
Foreldra sin medverknad
Mål:
Å bygge eit trygt og gjensidig samarbeid mellom barnehagen og foreldra, der foreldra sin medverknad vert ivareteke gjennom open kommunikasjon, respekt for kvarandre si rolle, og aktiv deltaking i barnehagens kvardag og utvikling.
Korleis:
- God informasjonsflyt mellom bhg og foreldre
- Samtale mellom foreldre og personale i levere- og hente-situasjonen
- Aktiv bruk av foreldreappen i Visma i kommunikasjonen
- Høve for innspel i foreldresamtaler og på foreldremøter
- Ta innspel fra foreldre på alvor
- Årleg foreldreundersøking
- Involvert i dugnader, friluftsaktivitetar og arrangementer.
- Foreldre som ressurs
Annan informasjon
Vurdering av pedagogisk arbeid i barnehagen
- Observasjon av barnehagruppa og einskilde barn
- Pedagogisk dokumentasjon i dagbok og på veggene
- Vurdering og refleksjon kvart halvår, vurdering vert teke med i videre planlegging av avdelingane
Tilvenning av nye barn
- Besøksdagar i barnehagen før oppstart gjennom 6 til 8 veker.
- Primærkontakt i startfasen, jobbe med å etablere gode og trygge relasjoner, tilknytning.
- Tilpassa etter barnet sitt behov
Overgang mellom avdelingar
- Tilvenning/besøk mellom avdelingar, vi har open dør mellom avdelingane kvar morgon. I tillegg vil vi i løpet av våren ha planlagt tilvenning av barna frå Furu på Bjørk.
- Informasjonsflyt mellom avdelingane, dei vaksne
- Informasjon, god info til foreldre, vi har møte med foreldre til nye barn og som skal skifte avdeling før sommaren
Samarbeid med Odda barneskule
- Besøka SFO, ein gong om hausten, deretter omlag kvar månad frå mars til juni.
- Møter mellom skule og barnehage
Årsplan er utarbeida ut frå innspel frå foreldre og personale.
