
Innleiing
Hovudoppgåver for barnehagen
Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gje barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngjeve i barnehagelova og rammeplanen.
Organisering av barnehagen
Aga barnehage vart oppretta av Ullensvang sokneråd i 1977. Barnehagen held til i det gamle skulebygget på Syreflot.
Vi er organisert som ein to avdelingsbarnehage med bemanning til 36 plassar, Tytebærtuo (0-3år) og Blåbærsteinen (3-5år). Barnehagen disponerar ein gymsal i kjellaren, den er mykje i bruk, spesielt haust og vinter. Det er veldig godt samarbeid mellom avdelingane, og vi deler jamleg barnegruppa på tvers.
Nærmiljø og natur er ein naturleg del av Aga barnehage, med tanke på kor flotte omgjevnader vi har rundt barnehagen. Vi har ein liten skog på det fine store uteområdet vårt og Skotamyra med fotballbane og leikeapparater veldig nært. Agatunet vert besøkt
gjennom sesongen, der ein kan leike både ute og i “ridderrommet”. Vi har hatt fleire kunstutstillingar i samarbeid med Agatunet.
Visjon, mål og verdiar
Visjon: Ein god start saman!
Dagens barn har store delar av dagen sin i barnehage. Vi vil at kvar dag skal vera fylt av leik, trivsel, tryggleik, humor og glede, der barn skal få vera barn. Dei skal få vera i barndommen og forska på verda. Dagane skal vera innhaldsrike og meiningsfulle for dei, samtidig som barna skal få tid og rom til bare å vera!
Vårt hovudmål: Gje alle barn som går i Aga barnehage opplevinga av den gode barndom!
Verdiar
«Verdigrunnlaget til barnehagen skal formidlast, praktiserast og opplevast i alle delar av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Barndommen har ein eigenverdi, og barnehagen skal ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling. «Verdigrunnlaget til barnehagen skal formidlast, praktiserast og opplevast i alle delar av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Barndommen har ein eigenverdi, og barnehagen skal ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling. (Rammeplan for barnehagar 2017:1).
Aga barnehage har ekstra fokus på fire kjerneverdiar. Desse skal vi jobba med, ha felles forståing for og reflektera rundt gjennom heile året.
Kjerneverdiar i Aga barnehage
Omsorg
- Gode relasjonar mellom barn - barn og barn - vaksen!
- Barna skal vera trygge i barnehagen!
- Dei vaksne skal sjå kvart enkelt barn!
- Barna skal trivast i barnehagen!
Likeverd
- Tydlege, varme og grensesettande vaksne!
- Inkluderande vaksne!
- Dei vaksne tek barna på alvor!
- Dei vaksne gir barna ein forutsigbar barnehagekvardag!
Anerkjenning
- Vise forståing for barna sitt ståstad!
- Bekreftelse - eg godtek deg som du er! Du er bra nok!
- Vise barna respekt ved å stille opne spørsmål!
- Barna skal vera trygge og utvikla eit godt sjølvbilete!
Medverknad
- Barna skal ha medverknad i forhold til alder og modning.
- Dei vaksne skal legga tilrette for at barna deltek og er med på vurdering!
- Barna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til!
- Dei vaksne skal observera for å fanga opp dei ulike uttrykka og behova til barna
Satsingsområde: Språk og kommunikasjon
“Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer. I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialektar gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå notid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leiker med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling” (Rammeplanen 2017 s.47 - 48).
I Aga barnehage starta vi i februar 26 eit utviklingsarbeid der dei vaksne i Aga barnehage skal bidra til eit inkluderande språkfellesskap gjennom spontane kvardagssamtalar med barna.
Dette er eit spennande utviklingsarbeid, som gjer oss meir reflektert rundt korleis vi snakkar saman med barna i kvardagen. Vi får god hjelp av våre partnarar frå høgskolen på Vestlandet Modgun Ohm og
Aasne Vikøy. Vi samarbeidar og med Tyssedal barnehage som har same utviklingsarbeid.
Progresjon
Mykje skjer i løpet av eit barnehageliv. Vi vaksne må sjå og møta kvart einskild barn der dei er til ein kvar tid. Vi ynskjer å vera støttande stilas, ein pedagogisk metode der den vaksne gir akkurat nok hjelp til at barnet klarar å mestre oppgåva.
“Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal utvikle seg, lære og oppleve framgang. Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehageinnhaldet, og barnehagen skal leggje til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte høve til leik, aktivitetar og læring. Personalet skal utvide og byggje vidare på barnas interesser og gi barna varierte erfaringar og opplevingar. Barnehagen skal leggje til rette for progresjon gjennom val av pedagogisk innhald, arbeidsmåter, leiker, materiale og utforming av fysisk miljø. Barn skal få utfordringar som er tilpassa erfaringane, interessene, kunnskapane og ferdigheitene sine (Rammeplanen s.44)”.
Vi driv prosjektbasert og er opptekne av at barnas interesser og modning speilar dei aktivitetar vi vel og vi byggjar vidare på dei. Vi deler mykje i grupper gjennom dagen og på tvers av barnehagen. Barna får gode leike/språkerfaringar, det er òg lettare å sjå den enkelte og gje dei utfordringar dei treng for å kjenne på meistringskjensle. Samstundes er det viktig å gje utfordringar slik at alle barn har noko å strekkje seg etter.
Vi er bevisste på kva type material, bøker, leiker og utstyr som er tilgjengeleg for barna, at det er tilpassa deira utviklingsnivå og interesser. Vi byter ut bøker og leiker jamleg, slik at det vert nye
utfordringar. Vi er òg bevisste på å leggje til rette for fordjuping, attkjenning og gjentaking i innhaldet og arbeidsmåtane til barnehagen
Arbeidsmåtar
Det pedagogiske innhaldet i Aga barnehage er under kontinuerleg utvikling. Gjennom å arbeide prosjektbasert vert det alltid noko nytt, sjølv om noko av innhaldet er det same. Vi har ein vekeplan i botn, men verdsett det spontane. Så planar vert endra og satt til side om noko dukkar opp…
“Arbeidsmåtane skal vareta barna sitt behov for omsorg og leik, fremje læring og danning og gi barn høve til å medverke. Personalet skal ta i bruk varierte arbeidsmåtar, og arbeidsmåtane skal tilpassast til enkeltbarn, barnegruppa og lokalmiljøet. Val av arbeidsmåtar opnar for å gjere innhaldet i barnehagen spennande og variert. Arbeidsmåtane kan bidra til å skape engasjement, interesse og motivasjon og gir rom for å tilføre nye erfaringar og opplevingar i barnehagen (Rammeplanen s. 43)”
Omsorg
“Omsorg er ein føresetnad for at barna skal vere trygge og trivast, og for at dei skal utvikle empati og nestekjærleik. Barnehagen skal gi barna høve til å utvikle tillit til seg sjølve og andre. I barnehagen skal alle barn oppleve at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som òg verdset omsorgshandlingane til barna” Rammeplan for barnehagar 2017: 19).
Rammeplanen seier at personalet skal:
- bidra til å dekkje barnas behov for fysisk omsorg, inkludert behovet for ro og kvile leggje til rette for at barna kan knyte seg til personalet og til kvarandre
- sørgje for at alle barn trivst, føler seg trygge og føler tilhøyrsle i barnehagen møte alle barn på ein open, varm og interessert måte og vise omsorg for kvart enkelt barn
- vere lydhøyre for kva barna uttrykkjer, og prøve å oppfylle behovet deira for omsorg på ein god måte
- støtte og oppmuntre barna til å vise omsorg for andre og til sjølve å kunne ta imot omsorg
- bidra til at barna kan utvikle tillit til seg sjølve og andre
Omsorg er ein av kjerneverdiane i Aga barnehage. Den skal prega alle situasjonar i kvardagslivet og komma til uttrykk når barn leikar og lærar, i stell, måltid og påkledning. Omsorg er nært knytt til danning og er ein viktig føresetnad for barn si utvikling og læring. Det er gjennom omsorg og danning vi skal vera med å gjera barna trygge, slik at føresetnaden for trivsel og utvikling er til stades.
Leik

«Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling.
Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.
Rammeplanen seier at personalet skal:
- organisere rom, tid og leikemateriale for å inspirere til ulike typar leik,
- bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema
- fremje eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfare glede i leik
- observere, analysere, støtte, delta i og gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar rettleie barna dersom leiken medfører uheldige samspelsmønster
- vere bevisste på og vurdere si eiga rolle og deltaking i leiken og ta initiativ til leik og aktivt bidra til at alle kjem inn i leiken.» (Rammeplan for barnehagar 2017: 20)
Vi set av mykje tid til leik, både frileik og leikegrupper der dei vaksne deltek eller er tett på. Vi har stort fokus på vaksenrolla, gode relasjonar mellom barn - vaksne og barn - barn og tilstadeverande vaksne er noko av det viktigaste i vår jobb.
Ein viktig hugseregel for oss: Der det er barn, bør det vera ein vaksen. Der kor det finst vaksne frå før, trengs det sjeldan fleire!
Danning
Barnehagen skal fremja danning
«Barnehagen skal oppmuntre barna til å vere prøvande til og nysgjerrige på omverda og bidra til å leggje grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap.
Barnehagen skal fremje samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlingar skal verdsetjast og følgjast opp. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet.
Barnehagen skal bidra til å fremje tilhøyrsla til samfunnet, naturen og kulturen. I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald. Barna skal støttast i å uttrykkje synspunkt og skape meining i den verda dei er ein del av. Gjennom samspel, dialog, leik og utforsking skal barnehagen vere med og sørgje for at barna utviklar kritisk tenking, etisk vurderingsevne, evne til å yte motstand og handlingskompetanse, slik at dei kan bidra til endringar» (Rammeplan for barnehagar 2017: 21).
Rammeplanen seier at personalet skal:
- -eggje til rette for meiningsfulle opplevingar og støtte identitetsutviklinga og den positive sjølvforståinga til barna
- støtte barnas aktivitet, engasjement og deltaking i fellesskapet
- synleggjere og verdsetje ulike behov, meiningar og perspektiv i fellesskapet
- leggje merke til, anerkjenne og følgje opp barnas perspektiv og handlingar
- utfordre tenkinga til barna og invitere dei inn i utforskande samtalar
- synleggjere og framheve mangfald og ulikskap som grunnlag for opplevingar, utforsking og læring
Danning er ein prosess der vaksne leier og rettleiar barna, slik at dei gradvis tar større ansvar for seg sjølv og fellesskapet. Barn må få hjelp til å oppfatte kva rammer som er akseptable i samvær med andre.
Læring
Barnehagen skal fremja læring
I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling.
Nysgjerrigheit, kreativitet, og vitelyst skal anerkjennast, stimulerast og leggjast til grunn for læringsprosessane. Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eiga og andre si læring» (Rammeplan for barnehagar 2017: 22).
«ammeplanen seier at personalet skal
- sørgje for eit inkluderande fellesskap og leggje til rette for at barn kan bidra i eiga og andre si læring
- leggje til rette for heilskaplege læringsprosessar som fremjar trivsel og allsidig utvikling hos barna
- vere merksame på interessene og engasjementet til barna og leggje til rette for læring i ulike situasjonar og aktivitetar
- støtte og bidra til barnas initiativ, undring, nysgjerrigheit, kreativitet, læringslyst og tiltru til eigne evner
- utvide barnas erfaringar og sørgje for progresjon og utvikling i innhaldet i barnehagen
- støtte barnas refleksjonar rundt situasjonar, tema og fenomen og skape forståing og meining saman med dei
- sørgje for at alle barn kan få rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar»
Læring om seg sjølv, om andre menneske, om samspel og om den fysiske verda omkring, er prosessar som er med på å skapa meining i barn sitt liv. Barnehagen skal styrka barn si læring i formelle og uformelle læringssituasjonar. Dei formelle situasjonar er planlagt og leia av personalet. Uformelle læringssituasjonar er nærare knytt til kvardagsaktivitetar, og i her og nå situasjonar, i leik og anna samhandling. Det er ikkje hensiktsmessig å trekke klart skilje mellom formelle og uformelle læringssituasjonar.
Barn lærar gjennom alt dei opplev og erfarar. Korleis vi vaksne møter barna sitt uttrykk gjennom kropp, språk, følelsar og sosiale relasjonar har betyding for barnet sin læring. Vi har tro på at barn lærer gjennom å gjera sjølv.
Samisk kultur

Barnehagen skal synliggjøre samisk kultur og bidra til at barna kan utvikle respekt og fellesskapsfølelse for det samiske mangfoldet. (Rammeplan for barnehagen, Mangfold og gjensidig respekt)
Barnehagen skal legge grunnlag for barnas evne til å tenke kritisk, handle etisk og vise solidaritet. Barna skal gjøre erfaringer med å gi omsorg og ta vare på omgivelsene og naturen. For samiske barn betyr dette å leve i samklang med, nyttiggjøre seg av og høste av naturen. (Rammeplan for barnehagen, Bærekraftig utvikling)
Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjent med at samene er Norges urfolk, og får kjennskap til samisk kultur. Personalet skal gjøre barna kjent med samisk kultur og levesett og knytte det samiske perspektivet til merkedager og hverdagsliv, kunst og kultur og mattradisjoner. (Rammeplan for barnehagen, Nærmiljø og samfunn)
Vi i Aga barnehage har særskilt fokus på dette i samband med samane sin nasjonaldag 6. februar. Vi har òg implementert samane sine 8 årstider i “språkkassene” våre som vert brukt i samlingsstund. Ein vert på denne måten naturleg kjend med samisk kultur og naturen sine endringar gjennom året.
Medverknad
Barn sin medverknad
Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gitt uttrykk for kva dei synest om den daglege verksemda i barnehagen, jf. barnehagelova §§ 1 og 3, Grunnlova § 104og FNs barnekonvensjon art. 12 nr. 1.
Barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen. Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadene og behova til barna. Også dei yngste barna og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har rett til å gi uttrykk for kva dei synest om sine eigne vilkår. Barnehagen må observere og følgje opp dei ulike uttrykka og behova til alle barn.
Ein skal vektleggje synspunkta til barna i samsvar med alder og modenskap.
Barna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til å ta» (Rammeplan for barnehagar 2017: 27).
Medverknad er ein av kjerneverdiane hjå oss. Det handlar om å ta barn på alvor, og sjå på dei som likeverdige og kompetente
menneske. Barn må få ha sine tankar og meiningar, og bli anerkjent for det. Barns medverknad handlar ikkje om val av farge på vottar eller påleggssortar, men om å bli sett, høyrt og akseptert for den dei er. Barn må få oppgåver ut ifrå modning og alder.
Det er viktig for barn at dei får vera med å påverke og utforme sin eigen kvardag. Barna sine interesser og spørsmål dannar grunnlag for læringsprosessar og aktivitetar i barnehagen. Mellom anna gjennom arbeidsmetoden prosjektarbeid . Dei vaksne må lytta og prøve å tolke kroppsspråk og verbalt språk for å kunne møte barnet på deira premissar. For å sjå og møte dei non-verbale barna, må man bruke ”heile seg” for å forstå kva dei meiner. Vi ser kor viktig det er for dei vaksne å stoppe opp og gi barna tid til å prøve ting sjølv. Ein måte å få tak i og få eit konkret grunnlag for diskusjon og refleksjon, er å bruke pedagogisk dokumentasjon, til dømes praksisforteljingar.
I Aga barnehage vil vi:
- Ta tak i her – og no situasjonar som oppstår,
- Ta tak i det som opptek barna.
- Nytta arbeidsmetoden prosjekt
- Ha fleksible planar
- Nytta samlingsstund til å lage tankekart
- Gje barna moglegheit til å velje sjølvstendig handlingar innanfor barnehagens moglegheiter.
- Vi tar ansvar for at barnas medverknad og at sjølvbestemming skjer innanfor aksepterte grenser.
- Dei vaksne må ta seg tid til å lytta, samtala med barna og respektera barna sine tankar og opplevingar.
Foreldra sin medverknad
«Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikle seg. Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra. Foreldresamarbeidet skal skje både på individnivå, med foreldra til kvart enkelt barn, og på gruppenivå, gjennom foreldrerådet og samarbeidsutvalet» (Rammeplan for barnehagar 2017: 29).
I Aga barnehage ynskjer vi å bygge eit trygt og gjensidig samarbeid mellom barnehagen og føresette. Vi ynskjer at føresette skal ha medverknad gjennom open kommunikasjon og aktiv deltaking i barnehagen sin kvardag og utvikling.
I Aga barnehage vil vi:
- Ha god informasjonsflyt mellom bhg og foreldre
- Samtale mellom foreldre og personale i levere- og hente-situasjonen
- Låg terskel for å ta kontakt
- Aktiv bruk av foreldreappen i Visma i kommunikasjonen
- Høve for innspel i foreldresamtaler og på foreldremøter
- Ta innspel frå foreldre på alvor
- Årleg foreldreundersøking
Foreldreråd
Foreldrerådet består av alle foreldre/føresette til barna. Her tek ein opp overordna saker som ynskjer om tema, og saker frå styrar, t.d. høyringar
Samarbeidutval (SU)
SU skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ for alle partar som på ulike måter har eit ansvar for barnehagens innhald og drift. Representantane kan kome med råd og innspel og arrangere dugnadar, temakveldar og andre arrangement som kan skape kontakt mellom heimen og barnehagen.
Dersom det oppstår konflikt, skal samarbeidsutvalet arbeide for å finna fram til felles løysningar.
Det er vidare naturleg at samarbeidsutvalet særleg drøftar barnehagen sitt ideelle grunnlag. Samarbeidsutvalet bør drøfta praktiseringa av barnehagen sitt formål innanfor dei rammer som er gitt av loven sine formålsbestemmelse, rammeplanen og eigarstilpasning til lokale forhold.
Foreldremøte
I Aga barnehage har vi to foreldremøt for alle foreldre/føresette i året, eit i september og eit i mai. Her tek vi opp overordna saker, t.d. foreldreundersøking og eigne tema.
Foreldresamtalar
Her tek man opp saker som gjeld eigne barn, bekymringar, dialog om barnets utvikling, trivsel, sosialt m.m.
Nye barn som byrjar i barnehagen har oppstartsamtale med pedagogisk leiar så snart det lar seg gjere. Det er eigne foreldresamtalar i høve overgang barnehage - skule.
Uformelle samtalar med personalet
- ved levering og henting: I levering og hente situasjonen ynskjer vi ikkje å ta opp ting over hovudet på barna. I staden for prat i garderoben - ynskjer vi at ein avtalar ein samtale der ein gir beskjed om det ein vil ta opp. Då kan vi forbereda oss og ev. innhenta informasjon.
- i telefon: vi snakkar med dykk der og då om det er rom for det.
Anna informasjon
Vurdering av pedagogisk arbeid i barnehagen
Barnehagen skal jamleg vurdere det pedagogiske arbeidet. Det betyr at det pedagogiske arbeidet skal beskrivast, analyserast og fortolkast ut frå barnehagens planer, barnehageloven og rammeplanen. Hovedformålet med vurderingsarbeidet er å sikre at alle barn får et tilbud i tråd med barnehageloven og rammeplanen.
Vurderingsarbeidet skal bygge på refleksjonar som heile personalgruppen er involvert i. Felles refleksjonar over det pedagogiske arbeidet kan gi personalet eit utgangspunkt for vidare planlegging og gjennomføring. Det kan også bidra til ein open diskusjon om barnehagens formål, innhald og oppgåver. Faglege og etiske problemstillingar skal inngå i vurderingsarbeidet. På denne måten kan personalet lære av egen praksis og bidra til å utvikle barnehagen som pedagogisk virksomhet.
Kunnskap om barnegruppens og enkeltbarns trivsel og allsidige utvikling er viktig for å gi alle barn eit tilrettelagt tilbud i tråd med barnehageloven og rammeplanen. Barnets trivsel og allsidige utvikling skal derfor observeres og vurderes fortløpende, med utgangspunkt i barnets individuelle forutsetninger og kunnskap om barns utvikling og behov. Barnets erfaringer og synspunkter skal inngå i vurderingsgrunnlaget. (Rammeplanen: Vurdering)
Vi nyttar blant anna praksisforteljingar for å reflektera over praksisen vår. Vi reflekterar rundt det som skjer i barnehagen i det daglege arbeidet og vurderer det pedagogiske arbeidet fortløpande. Vi vurderer i leiarmøter, avdelingsmøter, personalmøter og
planleggingsdagar.
Vurderingsarbeidet vårt er basert på tilbakemeldingar frå barn og foreldre, observasjoner, refleksjonar hjå personalet og dokumentasjonsarbeid.
Tilvenning av nye barn
- Styrar sender ut velkomstbrev, råd om oppstart i barnehagen og anna info før barnet startar i barnehagen.
- Tilbod om å koma på besøk 1 t, 7 - 8 gonger i april - juni.
- Individuell tilvenning, lag plan saman med personalet, barn har ulikt behov .
- Oppstartsamtale med pedagogisk leiar så snart det lar seg gjere.
Overgang mellom avdelingane
Personalet skal sørgje for at barnet og foreldra får tid og rom til å bli kjende med andre barn og anna personale når eit barn byter barnegruppe. Dørene er opne mellom avdelingane kvar morgon gjennom året. Barna er ute/inne saman, og barna har heile dagar på avdeling Blåbærsteinen spesielt på vårparten, men òg ellers i året.
Samarbeid mellom barnehagen og skule
- Klubb for dei eldste frå august/september og fram t.o.m. mai. Dette for at dei skal få gode relasjonar seg imellom som gruppe.
- Vi følgjer rutinane til den enkelte skule, t.d. Vikebygd har 3 heile besøksdagar.
- Foreldresamtale om kva som skal takast opp på overføringsmøte med skulen. Foreldre samtykker digitalt.
- Styrar, pedagogisk leiar, rektor og kontaktlærar har overføringsmøte før skulestart.
